Her på veg til Rekdalshesten står vi med Bjønnahålå under oss. Lenger ned er Botnavatnet og bak den Skytebana ved vegen til Rekdalsetra

Her er tingboka av 1792 som viser at Peder Rekdal har skutt bjørn. Peder Kristensen var fullt namn. Teksten midt på bildet lyder: "Peder Rechdal foreviste i Retten skindet af en fuldvoxen Biørn skudt
ved gaarden Rechdal for 8 Dage siden".

Her i Rekdalsmarka dreiv dei med bjørnejakt

Bjørnejakt og litt til om anna jakt og gjeting på Rekdal.

Det var karane i Nordigarda som var bjørneskytarar på Rekdal. Norigarden hadde tunet sitt på Pilbakken som ligg noko nedanfor husa i Kristengarden i dag. På 1730-talet vart garden delt mellom 2 brør, men dei hadde felles tun. Men om lag 1827 brann tunet ned og då bygde Knut Andersen opp nye hus litt lenger mot aust. På området dei kalla Gjerde og slik vi fekk Andersgjerde.  Andersgjerde vart delt på nytt i 1858 og Trondgjerde kom til.

Ja so var det disse bjørneskytarane. Her som i mykje anna er kjelda mi Bygdeboka og alt det Olav Rekdal fann i arkivkjeldene. Justisprotokollane (Tingboka) er i dag skanna og vi kan lese dei på nett. Så lett var det ikkje for Olav på 1900-talet. Statsarkivet for Trondhjem len som vi ein gong høyrte til låg i Trondheim der han sat og las i protokollane. Turar vart det nok og til statsarkivet i Bergen og Riksarkivet i Oslo.

I 1733 kom det ei forordning som sa at det skulle bli skotpremie på bjørn. 3 riksdalar skulle dei få for kvar vaksen bjørn dei kunne bevise å ha skote, noko mindre for bjørnungar. Og bøndene på Rekdal for til Gjermundnes på tingdagane og viste fram bjørneskinn for futen slik at dei fekk skotpremien. Dette vart skreve ned i protokollen og bevart for ettertida. Når dei i tillegg fekk om lag det same for skinnet som skotpremien var så skjønar vi at det var stort å skyte ein bjørn. I tillegg vart det mykje god mat. Og i tillegg til mynt på kistebunnen så vart det kanskje ein tur ut i Dryna for å handle litt finare varer; gjerne litt kjøpebrennevin og ein finare stakk til frua når han skulle vise ho fram i festleg lag.

For 3 riksdalar kunne ein få ei ku eller ti geit viser skiftet etter «Knud Knudsen Ræchdal» i 1763.  Eller er det å seie om dette skiftet at sorenskriveren her må ha skreve feil namn. Det skal vare «Knud Pedersen»  

Møre og Romsdal fylke, Romsdal, Skifteprotokoll nr. 9 (1761-1773), Skifteprotokollside, Side 113b-114a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090129660133 

På kartverket sitt kart over Rekdalsmarka er det ein plass ovanfor Botnevatnet mot Breiskaret som heiter Bjønnahålå, det er nok siste spor etter bjørn og bjørnejakt i Rekdalsmarka som vi har i dag. Og rett nedafor ligg bana til det aktive skyttarlaget, så om det skulle dukke opp ein bjørn der er han langt frå trygg.

Her er dei bjørnene som Olav Rekdal har fått med seg frå Justisprotokollen (JP).

Eg har valt å skilje karane med P1 og P2. Alle budde i Nordigardstunet på Pilbakken. P1 er den familien som vart varande på Kristengardsgrunn, P2 er familien som starta opp på Gjerde.

Kristen Knutsen ca. 1702-1772                     (P1)

JP 1767                       6/7 1867: viste fram et Bjørneskind skudt for 14 dage siden

Peder Kristensen 1746-1822.                       (P1)

JP 1774                       1 fuldvoksen Bjørneskind

JP 1777                       et fuld voksen Bjørneskind skudt i høst

JP 1779                       en fuldvoksen Bjørnehud

JP 1792                      Peder Rechdal foreviste i Retten skindet af en fuldvoxen Bjørn skudt                                       ved gaarden Rekdal, for 8 dage siden.

 Om karane har telt dagene rett så skulle denne bjørnen då vare skutt søndag 28. oktober 1892. Haustinget det året var mandag 5. november. (Sjå bilde av tingboka)

Knud Pedersen ca. 1696-1762                      (P2)

JP 1734                       fremviste 1 Bjørneskind

JP 1736                       Fremviste 1 skind af halvvoxen Biørn. Og fikk «efter forordninggen» 1                                      rdl. for det.

Knut Knutsen 1740-18..                    (P2, kom seinare til Røvik i Bolsøy)

JP 1760                       1 voxen Biørnskind, skudt 14 dager før Markedet

JP 1768                       1 vox. Bjørnskind, skudt i Rekdal Marka for 14 dage siden

JP 1769                       1 voxen Bjørnskind

 

Litt sagn og forteljing etter minnet tar vi også med. Ifølge segna skulle han Peder Kristensen (f. 1746) ha ei gryte full av dalar. Og ein del av disse var visst bjørnepengar. Etter folkeminne skulle Kristen Pedersen far til Peder ovanfor ha skote ein bjørn i måneskin frå stalldøra si. Bjørnen hadde komme ned i kornåkeren.

Hans i Hansgarda (f. 1842) fortalte: «Dei skaskaut ein bjøyjnn på jilder søi Bærshoggå her. Han ha kome se søåt der so`n Petter søi Myrå e no. Dei haurte jildra jekk, og så kom Gaml Bakkjin (Knut) mæ jevær. Men jeværa has Knut va dårle, so han vijlle ikkje sjyte når han ikkje var nøyjdd te di. Han far kom syjnåte og han ha bøloks. Han kom so nær bjøyjnna at`n hijll på å nå tin mæ oksn. Men då glefste bjøyjn ette` nå so mykje at`n vart redd. Men dei drap  `en no der te slutt læll.»

Jilder var ei saks dei brukte til å fange dyr med. Og dei hadde då åte til å lokke bjørnen.  «bøloks» altså ei åks.

Er dette ei historie som Hans Hansen Hansgard huskar kan vi tidfeste den til rundt 1850. Faren Erik drukna ute i Harøyfjorden i 1855 saman med dei to brørne Anders på Gjerda og Jakob på Sanda.   

Om Gaupefangst har vi ei stadfesta hending. Frå tingboka i 1829 kan vi lese at  Kristen Pedersen (1878 1839 Kristengarden) hadde vore på tinget på Gjermundnes og tingboka melder:

Mødte for retten og fremviste skindet af de 2de gauber nemlig. En såkaldet kattgaube og en ulvegaube. Hvilken han havde fanget med sax sidste vinter, hvilket af almuen blev bekræftet

Dei trudde visst at det var fleire gaupearter, men slik er det ikkje. Kvar gaupe har unike flekkmønster, sjølv i ein søskenflokk kan det vare stor variasjon. Tre typer var det dei snakka om. Kattegaupe som skulle ha tre rader med flekkar på ryggen og flekkete på kroppen. Revegaupe som berre hadde flekker på føtene og ulvegaupe som skulle ha to rekker med flekkar på ryggen men lite ellers på kroppen. Er ein heldig kan ein treffe på gaupe i Rekdalsmarka også i våre dagar. Men sky som ho er så kan de nok vare vanskeleg å få med seg flekkmønsteret.

I 1845 kom "Lov om Udryddelse af Rovdyr og Fredning af andet Vildt" Og det vart satt i gang storstilt jakt etter rovdyr og rovfugl over heile landet. Saks med åte var mykje brukt som historia over om bjørnen «Sø i Myrå» viser. Og snart var dei store rovdyra utrydda her på våre kantar. Om «den siste ulven i distriktet» kan du lese om her ei stykke nede på sida: Den siste Gråbein  Det finns statistikk over kor mykje rovdyr som vart tatt og utbetalt skotpremie for etter denne lova av 1845, men visstnok ikkje heil å lite på. Dei fjuska og fekk utbetalt for mykje meir ein dei tok seier historia.  

Karen Jørgina på Myrå fødd 1852(oldemor mi), gjette som småjente for ulv og bjørn. Ho var flink til å fortelje. «Me gjette for bjøynn og gråbein. Ein gråbein drap ei ku for han Knut i Myrn trast ovai Hjeiln oppi Snaufjella her. – Bjønnen beit eit stykkje utu ei ku so høyrde `nå Knut på bakkå te.» Det vart slutt på jakt etter «ovargesdyr» som oldemor kalla dei på våre kantar rundt 1860-1870.  Og småjenter og smågutar slapp meir å gjete for rovdyr.

Hjortejakt er det ikkje skrevet mykje om. Og det var nok ikkje så mykje hjort her. Det var lite med skog han kunne beite og gøyme seg i. No vart det nok skote meir hjort enn det som er registrert, men tala lyg ikkje heilt. På 1920-talet låg skotne hjort på landsbasis på 2-300 hjort pr år. Vi veit at dette har eksplodert og nærmar seg nå 50000 for året.

Frå gamalt av vart dyr namnet dei bruka om hjortedyra. Namnet Dyrstolane oppe i Snaufjellet mot setra kjem nok av at det var ein hjorteplass. Dyrlegsletta (slik skrevet på kartet) meiner eg og kjem av hjortedyr. Altså at det skal vare Dyrlegdsletta. Legda ovai Bjørkelegda og Nakkelegda. Altså ei legd der hjorten (dyra) oppholdt seg. Men om dette er det då ulike meiningar.

 Litt om kva slags våpen dei brukte:  https://www.oselia.no/2015/10/28/vapen-og-krutthorn/    

Tillegg eller kommentar/motkommentar mottas med takk.

 Og mange har heit sikkert ei god jakthistorie som vi kan legge inn her.