Stadnamn på Rekdal og i tilgrensa område

Øygarden
Sø på Øygarå. Ein øydegard

Øygarden
Sø på Øygarå. Ein øydegard

Her på denne sida vil eg ta for meg litt om stadnamna på Rekdal og i grenseområda til bygda. Både namn nede i bygda og i marka og på fjellet. Det vart gjort eit viktig arbeid på andre halvdel av 1900-talet med å samle inn namn og det arbeidet kan vi kome tilbake til. Nokre namn har nok og blitt med over frå gamle kart, og då kanskje mykje i den forma som skriftleg var brukt den tida preg av den tids embetsmenn som helst sverga til danskpåverka skrivemåte. Som til dømes Sortemyren og Sandsvoren.

Eg vil oppfordre folk til å kome med innspel, både om dei namna som ein finn på kartet og andre namn som er brukt eller har vore brukt og som ein gjerne skulle ha fått med eller endra på.  Eg legg og fram nokre teoriar, kanskje er dei ikkje rett, men verdt å diskutere.

Namn endrar seg. Spesielt gjeld dette plassar der folk bur og budde. Bygdeboka har mange namn på plassar som ikkje lengre er i bruk, plassar som vart kalla opp etter personar som budde der. Anton-Myran og Ole-Myran er det nok ingen som brukar i dag. Derimot Jenshaugen kan vi framleis høyre sagt.

Å ha namn på plassane i utmarka var viktig å ha, slik visst ein kor nokon skulle og kor dei hadde vore. Kor gjekk dyra, kor hen skulle dei hogge ved. Og kor såg dei bjørnen.  

DyrlegslettåDyrlægdslettå Dyrleikslettå.

Kjært barn har mange navn. Det offisielle ifølge Kartverket er Dyrlegslettå på området lengst oppe i framsida av Rekdalshesten, nedanfor der det bratte fjellet startar. Forklaringa eg har fått er at her oppe på sletta brukte husdyra å ligge, dei hadde eit lege (leie) her.  No veit eg ikkje kva romsdalingar eller rekdalingar sa i gamle dagar når dei skulle forklare ein plass nokon brukte å ligge. Kanskje var det eit lege, for meg er eit leie meir naturleg.

Min teori er ein annan. Ser vi på kartet så er det fleire lægder opp gjennom «Hestesida». Bjørkelægda og Nakkelægda er avmerkt på kartet. Lenger oppe var det eg trur dei kalla Dyrlægda. Og då ikkje fordi at husdyra brukte å ligge der, men fordi hjorten som i gamle dagar vart kalla dyr hadde tilhald der. Reknar med at det er same ordet som engelske deer som tydar hjort. Og hjorten likar seg godt der oppe i dag og, det skjønar ein når ein ser brunstgropene og hjortefara når ein går litt utanom stiane.

Og oppe på Dyrlægda er det ei markert slette. Dette vart då Dyrlægdslettå.

På andre sida av Rekdalsdalen har vi Snaufjellet, og der har vi Dyrstolane. Kan ikkje forstå at dette var ein naturleg plass for husdyra å halde til, nei det er nok heller hjorten som held til der. Stolane brukt som namn på stadar ser eg fleire av. Kanskje er det stolar til å sete på? Her må vi nok ha inn namneekspertar. 

På bildet er dei nevnte stadane avmerka.

 

 

Om Sanktsvora eller Santsvora som presten Kristen Rekdal brukte

Om Sanktsvora eller Santsvora som presten Kristen Rekdal brukte

Sandsvora - Sandsvoren – Sanktsvora - Santsvora

Eit anna ord som vi og finn på kartet ovanfor er Sandsvora. Namnet er i tillegg til å vare litt feilplassert også feil skrevet meiner eg. Husmannsplassen (Sandsvora) Santsvora eller Sanktsvora som heiter opp etter svora i fjellet låg nok litt lengre opp mot fjellfoten enn det kartet seier. På vår dialekt meiner eg uttalen ligg mest opp til Sanktsvora. Og forklaringa er nok som lokalhistorieforfattar Olav Rekdal og broren Kristen hevdar i sine nedteikningar at namnet kjem av dei gamle forteljingane om Sankt Olav som i århundrar har gått på folkeminnet. Olav bruker namnet Sanktsvora i bygdeboka, og det vil eg og gjere. Trur dei som vil finne sand oppe i Sanktsvora skal leite lenge. Under her er kva Kartverket seier om namnet pr 19.05. 2021. Ja Øygardselva/bekken har nok mykje av tilsiget sitt frå Sanktsvora, men skjønar ikkje kva det har med namnet å gjere. 

Stedsnummer

337337

Kommune

Vestnes (1535), Møre og Romsdal

Vedtaksmynde

Statens Kartverk

Koordinater


Namnetype

Bekk

Namnetype gruppe

Rennendevann

Namnetype hovedgruppe

Ferskvatn

Stadnamn og skrivemåten for stadnamn

SkrivemåteKasus

Sandsvora Nemneform

Språk

Norsk

Namnesakstatus

Uhandsama

Skrivemåtestatus

Godkjent og tilrådd  

Bjørn Austigard er kanskje den fremste ekspert på lokale namn i Romsdal. I boka "Sett og Samla" 2020 så skriv han både om Sanktsvora/Santsvora og tek for seg bruk og tyding av romsdalske stadnamn. Bilde er frå denne boka. 

Nyeste kommentarer

25.10 | 16:01

Jeg takker så meget når det blir sendt. Takk takk.

25.10 | 13:26

Sender deg en e-mail. får skrevet så lite her

25.10 | 12:30

Tusen hjertelig takk for hjelpa. Jeg har ikke disse Midsund-bøkene. Vet du noe om når Knut Tronsen og Marit Andersdtr. døde, og hvilke barn de hadde? I såfall hjertelig takk på forhånd.
Hermod

25.10 | 10:52

I følge Midsund I var Knut Tronsen Son til Tron Knutsen og Anne Olsd. Rakvåg. Marit O. datter til Anders Rasmussen og Mari Knutsd. Sør Heggdal.

Del denne siden