Slik såg det ut på Elvebakken br. nr 10 (Hauan) i 1920

Område frå Hålen til "Ole-Myran i Ft 1920

Folketeljing 1920

1. desember 2020 vart folketeljinga for 1920 lagt ut på nett. Nøyaktig hundre år etter at ho vart gjennomført kunne ein offentleggjerast teljinga. Dette er bestemt av lova og av personhensyn.  Mange, spesielt i slektsforskningsmiljøet, har venta på denne folketeljinga. Den gjev svar på mange spørsmål om vår nære fortid.

Vestnes bestod den gang av kommunane Sylte (Tresfjord frå 1922) og Vestnes. I det som er Vestnes kommune i dag (til 31.12.2020) var det 4007 busette. 2739 i Vestnes og 1268 i Sylte. Tar vi med dei to kretsane i den tids Veøy kommune, Strømme (Vågstranda) og Hjelvik så var der 551 personar. I det som frå 1.1. 2021 blir Vestnes kommune var det altså i 1920 til saman 4558 busette personar. I Vestnes i 2021 vil det vare om lag 7000 personar. Vi ser at det ikkje har vore så stor befolkningsauke her.

Vestnes kommune var oppdelt i 10 teljekretsar. Dei tre vestlegaste kretsane var. Nr. 8 Fiksdal som bestod av gardane Fiksdalstrand, Fiksdal, Ellingseter og Marken (190 busette).  Nr 9 Gjelstein som bestod av Nakken øvre, Nakken nedre og Gjelsten med Gjelstenli ( 244 busette). Nr. 10 Rekdalskretsen var då gardsnr. 78 Rekdal som starta i Hålen (184 busette).  I dei tre teljingskretsane som i dag er Fiksdal sokn og Fiksdal skulekrets var det busatt 618 personar. Går vi så inn og studerer folketeljinga finn vi mykje om personane som budde her for 100 år sidan.

I Rekdalskretsen var det K. Rekdalsbakken som var oppnemnd til å fare rundt i bygda og skrive ned personalia om samtlige som var til stede natt til 1. desember 2020, teljinga startar i Hålen. Herifrå gjekk han nok frå hus til hus og slutta i Sanktsvora. Sanktsvora var folketom, men huset sto der med ein etasje, utan kjøkken, men med 3 beboelsesrom. Teljaren «Knut på Bakkå» (1866-1925)  var og ein tur innom Skulen før han kunne ta kveld. Der var det ikkje fastbuande, men i lærarrommet hadde lærarinne Petrine Eidhammer og den 11 år gamle sonen Henrik  tilbrakt natta til 1. desember og då skule dei med. Og personsetlane deira er dei siste i folketeljinga for Vestnes kommune.

Rekdalsbakken hadde tatt med ein del meir enn det han skulle og dette sette teljngsstyret strek over før listene vart sendt inn. Men i den skanna originale utgåva av folketeljinga (ikkje søkbar) ser vi kva som har vore overstreka. Og disse opplysningane har også verdi for ettertida.

Eg har tatt for meg dei opplysningane i mitt nærområde som folketeljinga gjev oss. Dette er området frå Hålen og til «Ole-Myran». Har med ein del kommentarar til kvar husstand. Mest då om «mine heimar» Elvebakken der far var fødd og på «husmandspladsen» der bestemor var fødd og som seinare vart bruk nr 65. I bygdeboka Ole-Myran side 576.  Sjå og kart over bustadane.

Folketeljinga er på den tids bokmål. Derav mykje blandingsspråk, då eg ikkje oversett det som er sitat frå folketeljinga. Eg har tatt med sidenr. i parantes i den skanna utgåva for personsedlar. Det startar med personseddel 1 for Hålen (1. 6491) der første talet er husnr. Dette skulle gjere det lettare å finne fram og bla seg til rett heim og person. 

Møre og Romsdal fylke, Vestnes, Statlig folketelling (1920-1920), Dokumentside, Side 6491
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/fs10761823505357 

Hålen, br.nr 12. (1. 6491) Her budde då familien Malones. Peder Sivertsen f. 1884 med hustru Laura og barna Sverre 6 år fødd i Ora Eid og Inga 1 år fødd på Rekdal. Malones var eiger av garden. Huset var i 1 ½ etasje og hadde 4 beboelsesrom + kjøkken. Driver eget gårdsbruk og har skomakerarbeid som tilleggsnæring står det om Peder Sivertsen født 1884 på Malones i Veøy. Kona Laura Jakobsen var fødd 1894 på garden Ora i Eid sokn i Romsdal.  

Kommentar: Denne familien er ikkje nemnd i Bygdeboka. Det viser seg at dei hadde kjøpt garden i 1918  av Ane Sevaldsdatter, enka etter Johannes i Hålen som døde i 1916. Ane skulle bu i kårhuset. Men Ane er ikkje med i folketellinga i 1920, Finn ho heller ikkje død så kanskje har ho flytta til ei av dei 4 døtrene som kom til Ålesund. Det gjekk nok ikkje så godt med Malones her. Som med så mange andre på den tida så hadde de nok ikkje klart sine forpliktelser og garden blir selt på auksjon i 1927 til Emil Helle. Eg finn ikkje barn døypt i Fiksdal etter 1920 frå denne familien. Bygdeboka s. 581.

 

Hålbakken, br 28 (og 15) (2. 6499) Er kalla Nedrebø ved Ft.1920. Her bur Ole Johan f. 1872 og Oline Martha f. 1882 på Overå i Stranda. Dei har pleiesonen Torvald Marius Hansen Breivik fødd i 1907. Ole Johan  driv eget gardsbruk med fisketørking som bierhverv. Det er også opplyst at han var i Amerika frå 1893 til 1907. Huset på Nedrebø hadde 1 ½ etasje (1. etasje + kvist). Det var kjøkken og 5 beboelsesrom. 4 beboelsesrom for opphold hele året og eit rom berre for sommaropphold.

Kommentar: Vi veit at etter Ole Johan og Oline så vart garden kjøpt av Peder Gjelstenli. Torvald tok over farsgarden i Breivika.  Bygdeboka s. 586.

 

Hålbakken br.nr 36. (3. 6505) Slettebakken er det kalla her på øvste sida av vegen i 1920. Her budde og eide Inger Maria Petersdatter Rekdal f. 1879 med eige småbruk. Ho livnærte seg som «tjenestepike, budeie, og til enkelte tider dagarbeid med landbruk og akordarbeid» Natt til 1. desember 1920 var ho ikkje heime, antakeleg i Breivik Borgund. Om huset er det anført at det ikkje hadde kjøkken og berre eit rom som er et alminneleg rom for heilårsbruk.

Kommentar: Inger Maria var søster til Ole Johan (se ovenfor) på bruk nr 15. Dette bruket heiter seinare Soltun og vart overtatt av Petter P Rekdal og kone Ingeranna som budde her nokre år. Seinare eigarar Ivar Gjelstenli og Per Bjørn Gjelstenli. Bygdeboka s. 588.

 

Haalebakken -husmandsplass. (4. 6507) Skarheim. Her budde enkemann Gunder Jetmundsen f. 1847 i Vestre-Vatne. Han driv gardsbruk og har skomakerarbeid som bierhverv. «Vesentlig nedsatt arbeidsevne». Gunder hadde god plass. Huset med ein etasje hadde kjøkken og 4 beboelsesrom (eit berre til somarbruk).

Kommentar: Dette er plassen som Mathias Slemmen kjøpte alt året etter og vart br.nr. 38 Skarheim. Den har seinare høyrd til Slemmen-familien. Bygdeboka s. 589.

 

Elvebakken. Br.nr.10 (5. 6509) I bygda kalla Hauan. Huset var 1 ½ etasje. Kjøkken og 2 rom for helårsbruk og 2 rom «som bare kan beboes i sommerhalvåret». Her budde i 1920 ein familie på 8 personar.

1. Johan Edevart Einarsen Rekdal f. 1867. Eget gardsbruk og smed som bierhverv. Syk. Ble syk i 43 års-alderen står det, med «Vesentlig nedsatt arbeidsevne».

2. Lisabet Elin Olsdtr.Rekdal f.1874. Husmor gift 1. mai 1903, 7 barn hvorav 5 i live.

3. Einar Johansen Bjerkevoll f. 1897. Fiskeri med motorbåt på havet. Biintekt Fisketørking. Ved teljnga var antatt oppholdssted Misund.

4. Johan Martin Johansen Bjerkevoll f. 1903. Arbeider på garden hjemme hos sin far.

5. Olav Karl Johansen Bjerkevoll f. 1907.

6. Peter Oskar Johansen Bjerkevoll f. 1909

7. Karen Johansdtr. Bjerkevoll f. 1915.  

 

Vi legg her merke til at teljaren brukar Rekdal som etternamn til foreldra og Bjerkevoll på barna. Dette kunne nok variere fram til 1923 då vi fekk ny namnelov som sa at alle skulle ha eit fast etternamn. Det vanlege på landsbygda var nok at ein skreiv gardsnamnet der ein budde som etternamn/adresse sjølv om vi veit at Johan ikkje ville gje slipp på familienamnet sitt. Stavemåte på fornamn var heller ikkje så nøye. Dei skreiv det ofte slik dei syntest det var uttalt. Eller så er det oppgitt her at 2 barn er døde. Det eg har funnet frå kirkebøkene er at dei hadde ei dotter Karen Emilie i 1914 som døde same året, i tillegg et dødføtt guttebarn fødd 22.11. 1912 på Molde Sykehus. Dette udøpte barnet er omtalt både i kirkebok for Fiksdal og for Molde. Sjukdomen til Johan er også kjent frå før. Bygdeboka skriv at han på sine eldre dagar blei so hardt ramma av isjias at han vart sengeliggande nokre år slik at han sidan laut hinke rundt med stav. Men so gamal var han då ikkje, altså 43 år når han vart sjuk. Og det meste av arbeidet på garden var det nok mor Elisabet og barna som måtte ta seg av. Bygdeboka s. 567.

 

Fagerlunn br.nr 35. (6. 6523) I dag blir det nok skrevet Fagerlund og dette er «Abelsenhuset».  Her var det 1 ½ etasje med kjøkken, 6 helårsrom og 2 sommerrom. Hovedperson er 1. Nils Martin Abelsen f. 1785 Storjor-Meløy Nordland. Eget småbruk, biinntekt bygningssnekker m.m. 2. Elisabet Matiasdtr. Rekdal. Husmor. 3. Peder Martin Abelsen f. 1918 sønn. (senere kjent som Martin Rekdal). 4. Emil Jetmundsen Helle f. 1892 Vatne, besøkende fisker bosatt Helle i Vatne.

Kommentar: Ser vi på bygdeboka så står det at huset var bygd i 1920-21. Det kan ikkje stemme for dei var innflytta ved ft. 1920. Emil var her kanskje for å hjelpe svogeren med å få ferdig huset. Maria bur nok då på Helle. Vi veit dei seinare kjøpte Håla. Bygdeboka s. 558.

 

Sanden br.nr 4 (7. 8531) Seinare «Pe-Sanden». Her er det to husstandar som deler kjøkken. Husstand 1 har ½ kjøkken, 2 heilårsrom og eit sommarrom, her bur: 1. Nils Matiassen Rekdal f. 1888 gift. Gardbrukar med skomakar som bierhverv. I Amerika frå 1910 til 1919. 2. Anna Larsdtr. F. 1890 Husmor og er syerske =kjole. Husstand 2 har ½ kjøkken og eit rom. Her bur nr. 3. Anna Pedersdtr. Rekdal f. 1850, enke på føderåd. «Hennes mann var gaardbruker». 4. Erling Larsen Rekdal f. 1918 på Toten Oppland. Pleiebarn og forsørgeren hans er skreddersvein.

Kommentar: Pleiesonen er nok barnebarnet, sonen til Lars som vart skreddarmeister i Oslo. Garden på Sanda blei året etter folketeljinga kjøpt av Peder og Elen som flytta inn med sine 3 barn og sidan har deira etterkommere budd her. Bygdeboka s. 554.

 

Sanden br. nr. 8 (8. 6539) Rikardsanden kalla seinare. Her er det hus med ein etasje. 2 husholdningar som deler kjøkken. I huset er det 2 vanlege og eit lite beboelsesrom, til saman 3 (alle til heilårsbruk). Husholdning nr. 1. Her har vi 1. Sivert Knutsen Rekdal f. 1879. Gardbruker og har som bierhverv fiskeritørking.2. Knut A. Knutsen Rekdal f. 1889. Fiskeri med motorbåt hos forskjellige motorbåteiere. Er syk. Har svulster som har oppstått i 27 års alder og har vesentlig nedsatt arbeidsemne. Knut er ikke til stede og oppholdssted er oppgitt til Molde. 3. Karl Knutsen Rekdal f. 1895. Han er løsarbeider hos forskjellige gardbrukere og har fiske i torskesesongen som bierverv. 4. Rikard Knutsen Rekdal f. 1983. Gardbruker med skredderarbeid som bierhverv. «Losjerende med full kost». 5. Synnøve Jonsdtr. Sigerset f. 1886 Sigerset Bolsøy. Almindelig tjenestepike som arbeider for Rikard og Sivert. I husholdning nr. 2 har vi då føderådskone (kårkone) Karen Anna Pedersdtr. f. 1852 Solem Aukra. Ho har vesentlig nedsatt arbeidsevne. Ho er oppgitt som mor og hovedperson. Har ikkje eget rom, men deler eit av dei 3 nemnte ovanfor og går til bords med familien.

Kommentar: Vi ser at av dei 4 brørne som bur her så er Knut på Molde (sjukehus?)  Han dør året etter og oppgitt dødsårsak er tuberkulose. Rikard tar over bruket året etter. Rikard riv det gamle huset som er nevnt i folketellinga. Synnøve som er her som tenestepike blir i 1922 gift med Sivert som i 1921 hadde kjøpt ein del av garden, br. nr. 37 Sørheim som nokre av oss huskar som «Kristiansenhuset». Bygdeboka s. 561.

 

Nybø br. nr 26. (9.6551) Hus med 1 ½ etasje. Kjøkken og 4 heilårs beboelsesrom der det eine er eit lite rom. Personane er 1. Jakop Knutsen Rekdal f. 1877, enkemann Han har eget småbruk og er til dels borte på dagarbeid. 2. Severine Jonsdtr. Sigerset f. 1877 på Sigerset i Bolsøy. Ho er tjenestepike og bestyrerinne. 3. Konrad Jakopsen Rekdal f. 1910, sønn. 4. Klara Jakopsdtr. Rekdal f. 1911, datter. 5. Johan Jakopsen Rekdal f. 1913, sønn.

Kommentar: Jakop hadde altså blitt enkemann i 1919. Og det er svigerinna som har kommet og tar seg av hus og barn. Gardkjøp, nytt hus, ny løe og jordbryting måtte finansierast med lån. Det enda med at Jakop måtte gå frå bruket. Broren Karl kjøpte garden ved auksjonsskjøyte frå Vestnes Sparebank. Og sidan har etterkomarar etter Karl og hustru Berta vore eigarar.  Bygdeboka side 565.

 

Storheim br. nr. 13. (10.6561) På Storheim er det hus med 1 etasje. Her er kjøkken, 3 helårsrom og 2 sommerrom. Dei som bur her er: 1 Anton Rasmussen Rekdal f. 1858gift med eget gardsbruk og hovedperson. 2 Marie Samsondtr. F 1857 Davik Sogn og Fjordane som er hustru og husmor.

Kommentar: Anton og Marie hadde god plass, men huset var nok gamalt og til forfalls. Da Nils Selnes eit 10-år seinare tok over her vart dette huset revet og erstatta med det som er i dag. Bygdeboka s. 574.

 

Myrene. Husmandsplass (11. 6565) under bruk 1 (Kristengarden). I bygdeboka kalla Ole-Myran.

Her er det hus i ein etasje med kjøkken og 3 heilårs beboelsesrom. Det er 8 busatt og av dei er 7 til stades på teljingsdagen. 1. Karen Jørgine Petersdtr. Rekdal, f. Hove Stranden 1852. Enke, driver husmandsplass. Vesentlig nedsatt arbeidsevne. Hovedperson. 2. Ane Olsdtr. Rekdal f. 1876, budeie hos moren. 3. Matea Olsdtr. Rekdal f. 1896. Tjenestepike som passer sin avdøde søsters barn. 4. Olav Larsen Hagseth f.  1916 Rekdal, dattersønn. 5. Ane Kristine Hagseth f. 1914 Molde, datterdatter. 6. Lorens Larsen Hagseth f. 1912 Molde, dattersønn. 7. Karen Emili Larsen Hagseth f. 1910 Midsund Aukra, datterdatter. 8. Lars A. Larsen Hagseth f. 1881 Hagset i Aukra. Dagarbeider av forskjellig slag, byggearbeid. Arbeider for Kr. Opstad Misund Aukra. Svigersønn. Ikke til stede, oppholdssted Aukra.

Kommentar: Dette huset sto på Myrå, der Andreas Rekdal seinare bygde seg hus og vart br. Nr 65. Huset var langt og i den vestlege delen var det fjøs. Det var far til Karen Jørgina som bygsla denne plassen ca. 1858. Vi ser at ho har to av døtrene heime hos seg i 1820. Ane skulle vare sjukeleg av seg (bygdeboka) men er ført som arbeidsdyktig budeie her. Hadde nok ansvar for fjøsarbeidet. Matea som passa tantebarna vart etter kvart emissær og via livet sitt til misjonen. Ho er gravlagt på Hestadholen gravplass i Fræna (nå Hustadvika kommune). De 4 småbarna etter søstera Petrina som døde av tuberkulose i 1916 bor altså her ennå i 1920 og får god hjelp av mormora. Dei flytta seinare til Midsund der faren hadde arbeid og dei har stor etterslekt der. Når dei to mellomste barna er døpt (1912 og 1914) bor familien i Molde og Lars er då «snedker».  Bygdeboka side 578.

 

Folketeljinga er også søkbar (1.1.2021), men det manglar ennå ein del stadar der dette ikkje er lagt ut. Mellom anna dei 3 byane i fylket, Kristiansund, Molde og Ålesund som vi håper kjem snart også i søkbar utgave.  

 

Huset på br. nr . 38 Skarheim som Matias Slemmen kjøpte. Han bygde snart nytt hus her som endå er i bruk.