Guri i barndom og ungdom

Eit bilde avfotografert fra Stordalsoga I

Guri i Korsedala.

Døypt 2. påskedag 1780. Død 24. august 1833. Oldemor til Elisabet Bjerkevoll på Rekdal. Slik altså mi tipp-tippoldemor.

 

Vi skal til Korsedal, ein fjellgard inne i Storfjorden på Sunnmøre, fråflytta for mange år sidan no. Der oppe i fjellsida budde dei 350 meter over havet. To brør på kvart sitt karrige bruk når vi startar historia vår i 1780, det var han Tore og han Elling. Vi seier dei budde i «Torestova» og i «Ellingstova». Skulle dei besøke naboar så var det ned langs den smale gangråsa ned til sjøen og ro enten utover mot Vidhammer eller innover til Skjortneset. Over fjellet var det kort veg til Sykkylven, til Fausa, til Velledalen og Ramstaddalen. Når føret tilsa det kunne ein og gå beinvegen til Vidhammer etter råsa, dit gjekk ein vist på ein liten time. Inn til Stordal var det ei halv mil å ro eller segle.

Elling hadde gifta seg året før, i januar 1789 med Siri Pedersdatter. Og snart var det småfolk på veg, ut på vinteren i 1780 kom deira førstefødde.  

Det bles rundt veggane i den vesle stova til Elling og Siri, sluddbyene dreiv inn fjorden, og natta seig på. No trengte dei hjelp. Jordmødrer hadde dei ikkje. Men det var nokre hjelpekoner som reiste rundt på gardane og hjelpte til ved fødsler, men å få ei av dei opp hit i tide kunne dei gløyme. Nei folket på fjellgardane her inne i fjordane var vane med å hjelpe seg sjølv. I Torestova høyrde Marte, kona til Tore og Karen søstera deira ropa og skjønte kva som var på gang, disse damene hadde vore ute ei vinternatt før og visste kva som skulle gjerast. Fødselen gjekk bra og ut på morgonen kom det ei lita jente til verda.

Men det var langt frå sjølvsagt at det skulle gå bra. Knapt halvparten av fødde barn vaks opp på 1700-talet vart det sagt og av desse døyde svært mange i samband med fødsel. Ja mødrene og led alt for ofte same skjebne.

Barnet skulle heite Guri og til kyrkje måtte dei så snart som mogleg. Lova om at dei skulle døypast innan 8 dagar etter fødsel var oppheva for nokre år sidan heldigvis, men ein ville ikkje risikere at barnet skulle døy før det var kristna og risikere at sjela gjekk tapt. So til kyrkje bars det til første gudsteneste etter fødselen som i Stordal var 2. påskedag i 1780, den 27 mars. Dei la i veg nedover bratta mot sjøen på isholke, kara og kvinnfolk. Elling, Tore og kone Marte og søstrene til dei to brørne, Karen og Anne som begge var heime i påska. Fleire var dei ikkje i Korsedala då.

Elling bar veslejenta si, ein liten godt innpakka bylt på ryggen, og med varsame steg gjekk og krabba han ned stien til fjorden.

Mora Siri fekk ikkje bli med, og glad var ho for det. Som skikken var fekk ho ikkje komme inn i kyrka før det var gått om lag 4 veker etter fødselen. Slik slapp ho å bli med på kyrkereisa rett etter fødselen.

Dei kom seg ned på Korsadalsneset og der venta båten frå Vidhammer. Dei brukte reise i lag til kyrkja folket på fjellgardane, på Skotet, Vidhammer og Korsedal.

Etter kvart kom dei inn til Hove, og derifrå var det for kyrkjefølget å gå dei knappe to kilometrane fram til kyrkja. Dette var i gamlekyrkja som sto til nedfalls og vart reve  og erstatta av Rosekyrkja i 1789. Tantene Karen og Anne fekk vare fadder saman med Giøe Torsdatter på Hove og mannfolka Knut Jacobsen Vidhammer og Ole Pedersen Lien.

Folket kom seg heim att også denne gongen og i Korsedala gjekk livet sin vante gang. I 1782 fekk Guri ei søster, Marta. Og så kom brørne, Hans i 1785 og Peder i 1789. Men det året Guri var ti år fekk ho ein vond oppleving. I året 1790 herja sjukdom i Korsedala. I mai dør yngste broren Peder og i oktober gravlegg dei Hans. Den stakkars mora Siri gjeng høggravid og føder ei ny jente, det er Anne Petrine født i november 1790. Anne Petrine veks opp og det same gjer Else den siste i søskenflokken fødd 1793.

Skulegang var det heller dårleg med. Frå 7-års alderen og fram til dei var 10-12 år skulle dei undervisast på omgangsskule. Då måtte dei møte opp på gardane der det vart undervist. Mykje skulegang var det ikkje. Lite lærde dei av lesing og skriving, det var mest å få lære katekisma utanåt.

Guri hadde blitt 13 år då siste søstera kom. Ho vart no ei god hjelp for mora med innearbeid, men også fjøsarbeid, gjete dyra i utmarka og anna gardsarbeid. Det var mange harde dagar for ei lita jente. Men snart måtte ho ut for å sjølv kunne tene til livets opphald. I 1801 då det er folketeljing i landet har Guri for lengst komme ut i teneste, det året er ho på Ødegard (Øygarden)høgt oppe i Dyrkornbygda. Og vi kan lese at heime i Korsedala er foreldra Elling og Siri og dei to yngste søstrene, Anne Petrine og Else. Marte er oppført som «Tienestefolk» hos farbroren i nabohuset.

Etter kvart kom og karfolk inn i livet til Guri, og det plar å få følger. I slutten av januar 1804, den 28. så les vi i kyrkjeboka at Guri har fått tvillingar, «tvende uægte drengebørn» som er ført til kyrkja, dei er død etter å ha levd i 2 dagar. Gutane var heimedøypt og dei fekk namna Peder og Ingebrigt. Faren var ein ungkar kalla Per Person Moe, meir veit vi ikkje om han. Mora blir notert ned som «en Tøs» det var det vanlege når mora ikkje var gift. Videre så står det at hendinga er meldt til fogden. Så da vanka det nok og ein reprimande frå den verdslege øvrigheita for usømeleg åtferd og brot mot lova som forbaud samleie før dei var gift.

I Korsedala gjekk det så som så. Marta nr 2 av søstrene fann seg ein gut borti Skjortnesa, nærmaste garden lenger inn og flytta dit. Ekteskapet stod i 1808 og Guri vart tante til Knut same året og til Helene i 1810 og etter kvart til fleire tantebarn.

Guri flytta etter kvart heim for å hjelpe foreldra som byrja bli sjukeleg av seg. Både faren og mora masa og prøvde få ho til å gifte seg, dei måtte ha ein fast mann til å drive garden. Mange ungkarar var innom som tenestekara, men Guri beit ikkje på. Ho hadde blitt litt sky og tungsam etter tvillingfødselen og tenkte mykje på Per på Moe som sveik henne, ho ville ikkje oppleve det same ein gong til med all den spott og spe det medførte.

Guri som gardkone i Korsedal

Korsedal medan her enda var folk og drift. Bilde frå Stordalsoga I

Guri flytta etter kvart heim for å hjelpe foreldra som byrja bli sjukeleg av seg. Både faren og mora masa og prøvde få ho til å gifte seg, dei måtte ha ein fast mann til å drive garden. Mange ungkarar var innom som tenestekara, men Guri beit ikkje på. Ho hadde blitt litt sky og tungsam etter tvillingfødselen og tenkte mykje på Per på Moe som sveik henne, ho ville ikkje oppleve det same ein gong til med all den spott og spe det medførte.

Elling, faren er den først av foreldra til Guri som forlèt denne verda. Den 21. mai i 1810 er det begravelse. Og no er det berre ho og mora som bur der fast. Det kan ikkje gå bra på ein slik tungdriven fjellgard, der ein for å overleve måtte både til sjøs etter fisk og til fjells etter rype, storfugl, hare og kanskje kunne det og dukke opp eit og anna hjortedyret.

Vi må og ta med litt om folket som budde i det andre huset i tunet i Korsedala, i Torestova. Der var dei så heldig at det etter kvart hadde komme mykje ungt folk og god arbeidskraft. Kårfolket, Marte og Tore dør i 1809 og 1813, og det var Guri sitt søskenbarn Ole Pedersen fødd 1789 som hadde tatt over. Han var gift med Hanna Jonsdatter frå Holmehals, fødd 1781, ho altså omtrent jamgamal med Guri. Hanna hadde hatt to barn som døde som spedbarn. Men to av barna hennar som var fødd i Korsedala i 1806 og 1812 levde og spreidde glede over heimane. I 1807 hadde det og flytta inn ein anna familie hos Ole og Hanna. Det var ekteparet Erik Andersen frå Dyrkorn og kone Marte Ingebrigtsdatter frå Midtbust og døtrene Marte på 7 år, Karen Bergitte som var 3 år og den nyfødte veslejenta Inger Marte. I 1811 får dei ein dødfødt gut.

 

Ikkje mange dagane etter at dei hadde fått Elling i jorda så dukkar det opp ein kar frå Sykkylven. Han hadde tatt den korte turen over fjellet og visste godt at dei trengte mannfolk i Korsedala. Det var han Knut Martines Fauskehaugen som var på friarferd og han virka vare ein likande kar. Guri var skeptisk, berre guten meinte ho au han var, 8 år yngre enn henne som sjølv hadde bikka 30. Men gamlemor Siri gjorde seg morsk og Guri måtte gje etter, Knut Martines flytta inn. Til å byrja med offisielt som tenestekar for ikkje å komme på kant med øvrigheita, men dei var vel snart det som kallast bukseforlova. Så gjekk det slik det ofte brukar å gå, og på ut på vinteren 1811 vart spiren til eit nytt liv sådd. Då hasta det med ekteskap og den  7. mai seier kyrkjeboka at der er inngått forlovelse mellom Ungkarl Knud Martines Fauskehagen af Ørskog Sogn og Pigen Guri Ellingsd. Korsedal . No var det å be saman til bryllaup slik skikken var. Sjølv oppe i Korsedala måtte dei feire bryllaup sjølv om det var smått med midlar. Tredje søndag etter treeinigheit, den 30. juni er det bryllaup i Korsedala. Nå samlast gamal og ung frå bedarlaget på sørsida av fjorden og mange av folket til Knut Martines frå Sykkylven. Frå Sykkylven har dei og med ein dugande felespelar og det blir eit lystig lag i midtsommarnatta oppe i Korsedala.  Men kvardagen kjem snart attende og det er ikkje berre glede på på garden denne forsommaren. Siste dagen i mai blir yngstebarnet til Ole og Hanna i Torestova gravlagt, Marta Helene vart berre 17 dagar. Og den 19. juni gravlegg dei den dødfødde guten til Erik og Marte.

Men alt gjeng så mykje lettare no når Knut styrer med utearbeidet frå tidleg morgon og til seine kveld. Hausten kjem og høyet har kome er på plass i løa som Knut Martines har fått vølt etter at han kom til gards. Kornavlinga som var havre og rug har og komme i hus, og i tillegg hausta dei eit par tønner potet. No er det å vente på eit nytt liv. Og vel fem månader etter bryllaupet, først i adventstida skjer det, då kjem deira første felles barn til verda. Men som med Guri sine tvillingar blir gleda kortvarig etter fødselen. Elling kalla opp etter morfaren blir berre 24 timar gamal, født 5. desember 1811. Det blir altså det tredje spedbarnet i Korsedala som ikkje lever opp dette året. Vi skjønar at første jula som ektefolk for Guri og Knut her oppe ikkje blir lett.

Livet gjeng vidare, dei tre kvinnene her oppe i fjellsida hjelper og trøystar kvarandre. Hanne får eit nytt barn alt i mars 1812, Det blir ein ny Elling på garden. Godt hjelpa av venninnene Guri og Marte så går det godt denne gangen. Guri og Knut ønsker seg og barn som veks opp, ein gong må det då lykkast. Og då vi skriv 1815 stig håpet, Guri ventar eit nytt barn.

Denne sommar blir også mora alvorleg sjuk, blir sengeliggande og Guri må stelle ho i tillegg til alt anna. Døden kjem utpå hausten og den 19. november blir ho gravlagt, 68 år gammal. Guri byrjar å grue seg meir og meir til fødselen, skal endå eit barn døy i armane deira medan dei i all hast må lese dåpsvelsigning over barnet. Ein månad etter at dei har sagt farvel til mor Siri kjem Peter Elias til verda. Og denne gongen ser det ut til å gå bra, For første gong kan eit av barna til Guri bli døypt i kyrkja, dåpsdagen er søndag 29. oktober 1815. Men ein kald vinterdag eit halvår etter fødselen oppsøker døden enda ein gong den ramma familien. Knut må spikre saman ei lita kiste og starte ein ny tung tur ned dei bratte og glatte bakkane og til kyrkjegarden med Peter Elias som blir lagt i jorda 2. mars 1816. Det blir stille i huset der Guri og Knut igjen er åleine.

  Vi skjønar at livet er ikkje lett, det tek på både kropp og sinn når døden kjem så ofte innpå dei. 1816 har historikarane kalla året utan sommar og det blir smått med avlingar å lagre til vinteren, folk svelt. Og under desse forhold er Guri igjen gravid. Då vi kjem til februar i 1817 kjem det igjen ein gut til verda. Heller ikkje denne gong er barnet levedyktig, han blir heimedøypt og kalla Peter Severin. Barnet døyr snart og før det blir «confirmeret» (stadfesting av heimedåp i kyrkja). Mora blir introdusert 9. mars så fødselen var nok om lag ein månad tidlegare. Stordalsoga seier at det var tvillingfødsel og at det var to gutar og at det eine barnet var dødfødt. Men det finn vi ikkje noko om i kyrkjeboka.

I 1818 gir Ole og Hanna i Torestova opp drifta på sitt bruk på Korsedal, det er stridt og vanskeleg her oppe og for lite å hauste til å mette to familiar. Dei har fått seg ein plass på Holmehals, garden som Hanna vaks opp på. No er det Erik og Marte som åleine blir brukarfolket i «Torehuset». Bygselen på bruket hadde Erik fått alt i 1816.

Guri og Knut snakkar og om å flytte, men å gje opp garden til forfedrane er tungt, og tidene kan snu. Hadde dei berre fått eit barn som var levedyktig. I tunge stunder trur Guri det er ho det er noko galt med. Kanskje er det synda saman med Per på Mo som ennå ikkje er tilgitt av Vår Herre og som gjer at dei ikkje har fått opplevande barn. Det går eit par år og Guri kjenner at det igjen er noko på gang og enda en gang kjem håp, lengsel og von blanda med frykt. I oktober 1818  kjem ho, ja det er ei jente denne gongen. No er det er det mor og dotter Marte og Karen Bergitte på nabobruket som er fødselshjelparar. Karen er berre 14 år gammal men må vare med, det er ikkje andre kvinner til å hjelpe til og dette blir ein viktig lærdom for ungtausa. - Ei fin og velskapt taus, så no skal alt bli bra  seier den erfarne Marte og trøystar så godt ho kan. Håpet og gleda kjem tilbake hos Guri. Den første november er det dåpen i Rosekyrkja og jenta får namnet Jesperine. Og det viser seg at Jesperine klarer seg gjennom den første vanskelege tida.

I 1821 har Guri blitt 41 år. Tidene er framleis tunge i Korsedala og det er eit evig slit. Guri ventar igjen barn, det blir det sjuande. Vinteren har komme til Korsedal og snøen laver ned denne onsdagskvelden 21.november. Igjen er det Marte som må vare jordmor og igjen med hjelp av Karen Bergitte, yngste dottera som ennå bur heime i Torestova. Ute var det mørkt, men det var lysskimt frå åra og i tillegg hadde dei ei oljelampe og et par talglys. Snart høyrer Knut og den vakne og forundra veslejenta Jesperine barnegråt, då var det i alle fall liv. Det vart ein gut denne gongen att. Andre søndag i advent den 9. desember var korsedalsfolket igjen i kyrkja og dåpsbarnet sitt namn vart Knut Peter, men det var Petter alle kalla han. Dei hadde eit håp om at Petter, einaste guten skulle vekse opp og ta over gardsdrifta, men snart skjøna dei at gardskar på Korsedal vart han aldri.

Guri var ikkje så sterk, plagene auka på og ikkje sto dei seg så godt økonomisk heller. Det vart problem med å drive bruket. Det er Stranda kyrkje som eig garden som Knut har bygsel på. Og så 13. juni 1823 overlèt dei bygselen til eit par frå Stryn, vilkåra for overtakinga vart underteikna på Vinje. John og Johanne flyttar då inn og Guri og Knut med dei to ungane blir kårfolk berre 43 og 35 år gamle. Nymannen John er 35 år altså jamgamal med Knut, kona Johanne 33 år. I 1824 kjem det enda eit barn på Korsedal, men no er det Johanne som får sitt første barn, ein gut kalla Erik som Guri er med på å hjelpe til verda.

 

Dei siste åra til Guri - etterord

Det å bli kårfolk gjer ikkje livet lettare. Og dei to para gjeng ikkje godt i lag. Usemje om avtalar og høglytt krangling pregar mykje av tida. Ein dag er det slutt, Guri og Knut pakkar rett og slett ned det vesle dei har og stryk på dør.  For Guri som hadde vakse opp her var det ikkje med lett hjerte å forlate farsgarden som familien hadde drevet i mange generasjonar. Guri og barna Jesperine på 11 år og Petter 8 år gammal var dei siste av den gamle Korsedalslekta som budde her, og no forlèt også dei garden.

Nede i naustet i Korsavika ligg den gamle færingen etter Tore som det og er strid om, dei tek med seg fiskevegna til Knut og ror inn til Hove. Her inne som dei kallar Stordalsjøen var det som regel folksamt. Her var det mange sjøbuer og naust som låg saman i ei lang rekke, bak dei låg det nokre små husmannsstover. I den minste av dei budde enkjemannen Hans Larsen. Han hadde vore gift med Karen Olsdatter frå Korsedal som nyleg var død. Karen var tante til Guri og som vi huskar var det ho som tok imot Guri og var fadder på henne. Gamle onkel Hans på 80 år tok vel imot dei. Mykje husplass hadde han ikkje å tilby dei 4 flyktningane. Men det var sommars dag, og dei skulle få bu der til dei fann seg noko anna.

Guri og Knut Martines fekk seg snart ein liten plass på Vinje. Guri gjekk inn i si eiga verd og var ikkje til hjelp korkje for mann eller barn. Jesperine vart satt bort, ho var såpass gammal at ho kunne vare til hjelp og fekk arbeide for maten rundt på gardane. Petter fekk vare heime den første tida, men etter kvart vart og han plassert bort av fattigvesenet.

Den 24. august 1833 så døyr Guri på Vinje, 53 år gamal som «Husmandskone».

Eit strevsamt liv var over. Det skulle ikkje komme fleire tårar.

Knut giftar seg på nytt med ei taus på 53 år i 1835. Og då har presten ført i kyrkjeboka at det har vore skifte etter Guri. Det ho etterlèt seg er det fattigkommisjonen som eig og rår over. Det har nok blitt satt i pant mot hjelp til livets opphald. Men fattigkommisjonen i Stordal er raus og gåvmild og gjev det stakkarslege vesle som er att etter Guri til deling mellom Knut og barna.

Slik ender soga om tipp-tippoldemor frå Korsedal.

Eit bilde av Guri sin levnad kjem nok fram i den uvanlege merknaden som presten skriv då dottera Jesperine endeleg blir konfirmert etter å ha streva i 4 år med å lære nok til å få kyrkjas velsigning 19 år gammal. Vi skjønar at det ikkje har vore så lett korkje for foreldre eller barn. Presten dei då hadde i Stordal var nok ikkje så enkel å ha med å gjere og fattigfolk som ikkje hadde noko å bidra med til prestens berikelse fekk høyre «sannheita»

Vi gjentar merknaden i kyrkjeboka her: (lenke til kyrkjeboka 1837) 

«Da hendes undervisning i den tidligere Al- 
der medens hun var i Forældrenes Huus 
blev aldeles tilsidesat, og siden under Hendes 
Ophold hos Fremmede, dreves med Efterla- 
denhed, og hun dessuten har høyst indskren- 
kede Evner, saa har hun i de 4 Aar, hvori 
hun blant Confirmanderne har været under- 
vist, kun gjort liden Fremgang, og hendes 
Øvelse i Læsning og Christendomskundskab indskrænker sig til det aller nødvendigste.» 

Når Petter blir konfirmert 19 år gammal etter 3 ½ år i konfirmasjonsopplæring er det følgende notat:

 "Af indskrenket Forstand og Kundskap samt Flid, og i barndommen forsømt".

Korleis gjekk det så vidare med familien.

Mannen Knut Martines blir enkemann på nytt i 1851 og døyr som husmann på Hove i Stordal 1859 og vart 71 år.

Dei to si sistefødde og einaste oppveksande barna til Guri stifta begge familiar og fekk stor etterslekt.

Trass i presten sine ord om innskrenka evner og forsømt barndom så vart det no folk av dei og det vart mange etterkomarar. Jesperine kom til Ålesund og (Knut) Petter til Rekdal i Vestnes og blir han «Sterke-Petter på Myrå» 

Meir om dei og resten av Stordalslekta vår her.

Ein forstår at eg har levd meg litt inn i livet til Guri og skildra litt slik eg tenkjer at det var. Men alle personar og alt som er datert er verkelege hendingar.

Guri var ei tapper kvinne som det er verdt å hedre og ei viktig lenke i slektsrekka.

 

Kjelder:

Stordalsoga bind I og II

Kyrkjebøker for Stordal/Stranda

Folketeljingar 1801, 1825

Pantebok nr 7 for Nordre Sunnmøre

 

 

Vi har ikkje så gode tall på dyr og avling i Korsedala den tida Guri og Knut dreiv. Men så stor forskjell frå det folketeljinga i 1835 viser var det nok ikkje. På dei to jamstore bruka var det då til saman: 2 hestar, 13 storfe (ku, ungdyr, kalv). 16 sauer og 12 geiter. Vi kan da rekne med at Guri og Knut hadde hest, kanskje 4 kyr, en kvige og en kalv, 8 sauer og 6 geiter. Kyrne var små og mjølka rundt 600 liter i året. ( i dag ca. 8000 liter) slik at avlinga behøvde ikkje vare så stor for å fø ei ku.

Etter oppgåvene sådde Guri og Knut om lag 1 tønne rug, 2 tønner havre og ¼ tønne potet. Dei fekk kanskje igjen i avling det 5-doble med korn, med potet noko meir.

 

Korleis gjekk det med søstrene til Guri?

Marta (1782-1842) kom til Skjortnes. Gift med Lars Andreas Knudsen. Dei fekk 9 barn. Av desse var det 4 som levde opp. Stordalssoga bind II side 14.

Anne Petrine (1790 - ) Lever ved folketeljinga i 1801. Vi har ikkje funne ho død i kyrkjeboka, og i 1825 er ho ikkje med i teljinga. Vi veit ikkje kor ho vart av.

Else (1793 – 1878) Ho gifter seg i 1829 med Rasmus Ingebrigtsen Halsenøy, dei ser først ut til å vare plassfolk på Halsem i Stranda. I 1853 dør Rasmus og da er dei plassfolk på Øye Stranda. I 1835 får dei barnet Georg Joakim som døyr 2 ½ dag gammal, vi kjenner ikkje til andre barn. Else blir enke i 1853 og ho dør som fattiglem på Øye i 1878.