78 Rekdal, Synnom Elva, Strupen og Øygarden.

TILLEGG OG RETTINGAR TIL BYGDEBOKA Gard og Slekt Fiksdal og Rekdal, lenke

 

Tidleg på 1800-talet budde det ikkje folk i denne del av bygda, frå Rekdalselva og til Sunnmørsgrensa. Tidligare har det nok vore ein gard her ute, på Øygarden. Som vi veit så vart dei fleste gardar med navn Ødegård/Øydegard avfolka under Svartedauden. Olav Rekdal (bygdeboka) meiner at denne garden heitte Håleset. Det kan nok ha budd "plassingar" i kortare perioder seinare, men noko skriftleg dokumentasjon om dette er vanskeleg å finne.

Men så ein vårdag i 1845 segla «Sognejekti» inn Romsdalsfjorden. Om bord skulle det vare 40-50 mennesker som utvandra frå Sogn. Første stopp var Rekdal der 4 familiar som i alt talte 20 mennesker gjekk i land. Dermed tok ei ny tid til i bygda. Dette må ha vore i midten av april. Ein av nykomarane, Johan (døpt Johannes) Eriksen skulle vare 6 veker gamal då dei kom til Rekdal fortalte «Sogn-Ola». Når vi så finn Johan fødd 6. mars i Leikanger har vi på det nermaste tidspunktet for ankomst. No vart den austlege del av "Synnai Elva" av mange kalla Sognebygda, eit namn brukt heilt opp til våre dagar. 

Omtrent samtidig med at "sogningane" kom begynnte dei framtidsretta bøndene på Rekdal også å sette ned plassingar sø på Øygarden og på Hagarden ved Sunnmørsgrensa. Første plassen kom også der i 1845. 

Odd Sørås har ein artikkel i Årskrift for Romsdal Sogelag 1998. Der han mellom anna skriv om Innflyttarane frå Sogn. Artikkelen 1998 side 91.

Sjå også om dette området på egen side, Rekdalsøygarden.

Dei to husmannsgardane på "Elvebakken" er omtala under Hansgarden, Rekdal I.

Bildet viser først Hansgarden og "Sjøbua". Videre utover har vi Haugen med "Jensbakken" etter første mannen der og så følger "Søi Myrå". Lengst ute ser vi Birkeland der driftsbygninga er bygd om til hotell. Vidare som vi ikkje ser på bildet er Røran, Strupen, Øygardsområdet og Hagarden heilt ute ved den gamle fogderigrensa.

 

Haugen ( Hau`n) br.nr 23, bygdeboka side 593.

1. Jens Andersen Njøs Rekdal, døypt 17.3.1798 i Leikanger.

Jens har fått etternavn Vikum i bygdeboka. Dette må bero på en misforståelse. Det er kona Guri Olsdatter som kom fra Vikum i Sogndal.

Foreldre til Jens var Anders Olsen og Gunnilde Jensdtr. I 1801 finn vi dei på Njøs. Dette stemmer også med det «Sogn-Ola» fortalde om at Jens var frå Njøs. Dei fire familiane er innflytta til Rekdal i 1845, «kom med Sognejekta». For Jens og familie er det ikkje ført innflytting i kirkeboka, men utflytting frå Leikanger med personalia er tydeleg ført i kirkeboka der.

Jens gifta seg mellom 1835 og 1837 med Guri Olsdatter. Guri er i utflytningslista i 1845 ført som Guri Olsdatter Vicum af Sogndal hans hustru, 43 ½ år. Det må være ho som er døypt i Sogndal 31.10.1802 med foreldre Ole Nielsen og Gietlaug Jensdatter Ulvigsager. Når deira første barn Gitlaug (Jetlaug) er født 26.februar er Jens på Njøs og mora Guri er «Pike» og har adresse «Wigen». Ved andre datter Gunhilds dåp i jan. 1837 er dei gift og er inderstar (leieboere) på Njøs. Når guten Anders er døypt 16. august 1840 er faren Jens husmann på Njøs. Og foreldra er framleis husmannsfolk på Njøs når yngste jenta Kari blir døypt 7. april i 1844.

Jens ser ikkje ut til å vare så sterk. Krank i ein fot og død av «Hangel» 5. juli 1849. Men etter grundig diskusjon blant gode skrifttydere så er konklusjonen at han døde av "Mangel". En tror rett og slett at presten har ment at Jens manglet tilstrekkelig med næringsrik mat til å overleve. At han skulle ha blitt liggande så lenge heime etter at han døde (etter Sogn-Ola) fordi familien ikkje fekk hjelp som bygdeboka beretter kan vel ikkje vare den fulle sanninga. Det går 10 dagar mellom død og begravelse ifølge kirkeboka, og det ser ut til å være normalt.

Guri ser ut til å ha flytta mykje rundt etter at mannen døde, heim til Sogn og til døtrene.

Guri dør 17. januar 1873 på Ås Vestnes.

Som vi ser av bygdeboka så flytta alle barna til Jens og Guri ut av bygda og har ikkje etterkomarar her. Korleis gjekk det då med barna.

Gjetlaug finn vi i folketellinga 1865 for Bergen Kjøpstad saman med ektemannen Ragnald Olsen frå Indre Holmedal og barna Ole Bernhard 6 år, Jensine Gurine 4 og Reinart Johan 2 år. Saman med dei da er også mora Gurie Olsdatter som seinare kjem tilbake til Vestnes.   Familien bor framleis i Bergen i 1900, nå med 4 nye barn og tenar.

Gunhild finn vi som ugift kokkepike hos en familie Helland i Bergen i 1865. I 1885 er ho gift med Kristian Hoff frå Indre Holmedal og har dottera Jenny fødd 1870. I 1900 har Gunhild blitt enke og bor saman med Jenny som er ugift «Frihandlerske». I 1910 bor Gunhild alene med tittel: «Huseierske. Egne midler»

Anders ble gift med Trine Johnsdatter frå Nærø i Namdal. Dei kom til Leknes i Buksnes, Nordland. Dei skulle ha 4 barn. Anders er plassmann med jord og fiskeri i 1900, i 1910 er han enkemann og har da yrkestittel «oppkjøper av skrei-hoder».

Kari er konfirmert i Vestnes 1858 med denne innførsel: «Kari Jensd. Rekdal f. 6/4 1844 Vikum i Sogn. Foreldre: Hsm. Jens Andersen Vikum og Guri Olsd.. Udmerket kundskap». Det kan være denne innføringa som feilaktig har gjeve Jens etternamn Vikum. Kari vart gift med Knut Iversen Aas Vestnes f. 1838 og hans foreldre var husmann Iver Knutsen og Ingelev Nilsdatter Aas. , Kari og Knut finn vi ved folketellinga 1885 i Bergen, han dagarbeidar hjå Kjøpmann Adolf Johansen og dei har 7 barn. I 1900 har Kari (Karen) blitt enke og forsørgs av dei 4 yngste døtrene som er syersker. Kari lever i 1910 og da er det tre av døtrene som bor hjå henne.

2. Peder Knudsen Midtstrand Rekdal f. januar 1825. Folketelling 1891

Peder kom frå Midtstrand i Vatne (Haram) med foreldre Knud Eriksen frå Helland Vatne og Anne Pedersdtr Gjøsund. (Vatne I side 620). Når Peder gifter seg i Vatne kyrkje er han matros. Vigsla var 3. mai 1857 med Maria Severine Nilsdatter Drønnesund f. 23.aug. 1828. Foreldre Nils Olsen og Berte Størkersdtr. Drynjesund (Vatne II s.678).

Maria dør 4. mars 1906 og 20 dagar seinare dør Peder. Dei er da skrivne som husmannskone og husmann. Sine siste år må Peder og Marie ha budd som leietakere i Haugen, då neste bruker kjøper plassen alt i 1903.

Alle barna reiste ut og nye eiere tok over i Haua. Vi har dette om barna:

1. Britanus f. 21. april 1853 (døypt Peder Britanus) gift med Marte Eidhammer sjå «Tresfjordboka» side 686.

2. Knut -Andreas f. 19.9.1857. Vart gift i Ålesund i 1891 med Lina Gurine Brunvold Sandøy i Aukra prestegjeld, han er då fiskar. I 1900 har dei 3 barn, Marie 1884, Anne 1887 og Peder 1893. Knut-Andreas er oppgitt å vare fiskar ved folketellingane både i 1900 og 1910.

3. Anna f. 14.10.1860 døde 1. november 1861 av meslingar som den tida var ein frykta sjukdom med stor dødelegheit.

4 Ågne (også skrevet Ogne) f. 25.9.1862. Druknet 15.12.1893. Sjå under «Dei omkom på fjorden og havet».

5. Ingeranna f. 11.9.1865. Mannen Ludvig Severin Hansen er kalla Øie når dei gifter seg, han er tener på Lille Engeset Skodje, der dei bur i 1883. Dei får i 1883 sonen Gunder som er døypt i Skodje. Ved ft. 1891 finn vi familien på Helland Øvre i Vestnes. Ludvig er da «selveier» og ser ut til å drive gard saman med broren Anders og hans familie. Anders er kalla selveier og verftstømmermann. Saman med dei bur og sonene sine foreldre Hans Samuelsen og Ane Marie Andersdtr. frå Norddal (Storsten i Sunnylven).  Ingeranna dør i 1893 av «tæring». Ved ft. 1900 og 1910 bor Ludvig saman med sønnen Gunder og ny hustru.

6. Nikoline f. 26.7.1868 er i 1900 i Ålesund som Nikoline Rekdal, fiskearbeiderske.

7. Nils Andreas f. 3.2.1871. Er i 1910 i Kristiansund med hustru Anna frå Surnadal og 4 barn: Ragny 1898, Andrea 1900, Haakon 1905 og Nils 1908.

3. Lasse Kristian Lassesen Vik f. 1. mai 1864

Lasse var frå «Lassehaua» på Vik, Tomrefjord. (Tomrefjordboka side 274). Foreldra var Lasse Lassesen frå Frostad Nedre (Tomrefj.s.761) og mora Magnhild Sæmundsdatter var frå Selnesa (Tomrefj.s.323). Lasse giftar seg nyttårsaftan 31.12 1893 med Ane Regine f. 2.2.1869 frå Hansgarden Rekdal. Lasse er titulært tømmermand då. Han hadde også ei søster Gurianna fødd 1856 som kom til nabogarden til Vik, Ura. Ho hadde 13 barn (Tomrefj.s.247). Lasse dør 6. juni 1922 av hjertefeil. Ane blir 95 år, død 1964. 

4. Lasse Marius Lassesen Rekdal f. 20.2.1895 -død 10.2.1978

gift 1923 med Oline Bertine Johansdatter Rosvik f. 6.1 1893 frå garden Ramsvik, Midøy på andre sida av fjorden. (Midsund II s.689). Foreldre til Olina var Johan Carolus Rosvik og Karen Andersdatter frå Vatnhaug Vatne.

Barna var: Leonhard f. 28.7.1924 død 30.4.2008. John Karsten f. 28.9.1926 død 7.5.2001. Laura Oliva gift med neste bruker.

5. Ottar Anselm Johansen f. 17.6.1928 død 22.7.2011

Ottar (døypt Ottar Anselm) var frå Kvænangsbotn, Skjervøy prestegjeld i Troms. Foreldre var gardbrukar Johan Jakob Johansen og Johanna Rikarda Nilsen. Ottar dør 22.7.2011.

Ottar gifta seg med Laura Oliva i 1952. Laura fødd 8.9.1928 død 5.12.2008, Laura er gravlagt på Stalsberghagen Skjedsmo. Ikkje med i bygdeboka hennar son Ernst Ludvik Rekdal, fødd 14.10.1945. Ernst kom til Trondheim. 

På sine eldre dager etter å ha solgt til neste bruker så kjøper Ottar seg hustomt under Hålbakken. 78/92. Der bygg Ottar seg eit lite hus nedanfor Nedste Rekdalsvegen, innviet i 1998, og bor der sine siste år. Eiger der i 2017 er datteren Åse. 

 

6. Jan Erik Rekdal f. 1955

Jan Erik kjøpte bruket og bur her. Han er son til Johan Eriksen Rekdal frå nabobruket Br.nr. 46, «Sø i Myrå». 

Jan Erik er den siste av dei som i dag bur fast i "Sognebygda" som er etterkommar etter dei som kom med Sognejekta. Namnet stammar nok frå Erik og sonen Johan som begge var fødd i Sogn. 

 

 

Sø`i Myrå, brnr. 46 og 47 bygdeboka side 595

 

1. Erik Olsen Njøs døypt 6.desember 1807, død 1896.

gift 15. 1. 1838 med Mari Iversdatter Romøyri (i Fjærlandsfjorden), døypt 21.mai 1809 død 1896.

Ved utflytting i Leikanger 1845 har Erik oppgitt alder 42 ½ år?, og «fød paa Slinden i Norum, Husmand».

Norum er i Sogndal og vi finner der døpt 2.søndag i advent 1807. «et Drengebarn Erich» med foreldre fra Norum Annex, Ole Andersen Slinde og Kari Olsdatter. Når Erik døper sin datter Kari i 1829 bor han fortsatt på Slinde.

42 ½ år i 1845 som det står ved utflytting må altså vare feil, det står 37 ½ år som innflytta i Vestnes. Alder ved ft 1865 og ved død i 1896 stemmer med fødselsår 1807.

Mari har i kirkeboka fått oppgitt 16/3 16 både ved utflytting og innflytting. Men ho er oppgjeven til å vare 30 år når ho giftar seg 15.jan. 1838. Det må nok vare ho som er døypt i Leikanger 21.mai 1809 med foreldre Iver Johannesen og Eli Zakariasdatter. Ikkje bare oppkalling av barn er sterke indisiar på det, men også at Eli Zakariasdatter Romøren er ført utflytta til Rekdal i 1845. Eli Johansd. som det står i bygdeboka er altså feil. Men historia om den spreke kvinna som gjekk til Sogn i sitt 80-ande år må vi tru på.

Barna:

Ole er fødd 12.11. 1839 i Leikanger. Blir husmand i Strupen side 612, «Sogn-Ola»

Eli er fødd 18.4.1842 i Leikanger. Ho blir 19. juli 1874 gift i Aukra med enkemann Bernt Ingebrigtsen opprinneleg frå Bjørngoten Vatne (Vatne I side 653). Han var gift til Lyngvær i Sandøy Sokn.  I 1891 hadde de 3 barn og i 1900 er de oppført med 2 barn og 1 barnebarn.

Johan (døpt Johannes) døpt 16.3. 1845 i Leikanger. Fikk husmannsplass i Strupen side 614

Ingerie er født og død i 1844 i Leikanger.

Iver tok over plassen

Ingeranna vart 3 uker.

Ingeranna nr 2 ble gift med Erik Gjerde Tomrefjorden, kom til Fiksdal, bygdeboka side 117 og Tomrefjord side 498. De hadde ikke barn.

Kari fra 1. ekteskap med Ingeri Olsdatter er fødd 4.9 1829 i Sogndal. I 1846 har ho komme tilbake til Leikanger og blir konfirmert 11. oktober. Den 7. feb. 1862 blir ho gift med enkemann Endre Olsen Farnes. Ved ft. 1865 finn vi dei som husmannsfolk i Sværafjorden, Balestrand. Kari har da tre barn, Erik fra før ekteskap og Brita og Iver med ektemannen.

2. Iver Eriksen Rekdal f. 24.3.1849 død 1923. (Folketelling 1891)

gift 8.6.1873 med Beret Hansdatter Nakken. Beret var fødd 24.6.1852 død 1944. Vi finn mer om henne i bygdeboka side 262, Nakken Nedre.

Iver må ha kjøpt garden om lag når han flyttar inn her i 1873. Han er titulert «Gaardmand» i 1874.

Barna:

Hans fødd 8.6.1874 og som druknet på fjorden i 1893 kan en lese om her (lenke).

Maria f. 24.6. 1876 og som kom til Vestrefjord finn vi Vatne II side 532. Ho og Peder Andreas fekk 8 barn.

3. Erik Olaus Johansen Rekdal f. 9.3.1874 død 1958.

Om foreldre se side 614.

Erik ble gift i 1916 med enke Ane Lisabet Olsdatter Rekdal f. 22.7.1882 død 1970. Sjå om foreldra side 599. Om første mannen til Ane, sjå side 210, Ellingseter.

Barna:

Ane sine barn fra 1. ekteskap sjå Palma br.nr. 63 side 601. Leif br.nr. 64 side 600.

Johan f. 14.10.1917 tok over bruket

Olav Magnar f. 3.4.1920

Dortea f. 15.8.1924

Ole Edvin f. 11.10.1896 død 1948. Mora var Elenanna Birgitta Olivia Eriksdatter fra Sanktsvora (bygdeboka side 616). Ho vart gift med Laurits Eikebø frå Eik Vestrefjord som fikk seg gard i Dryna.  Ole vaks opp der og skreiv seg Eikebø.  Ole kom på Gossa, gift med Gyda Eline Seberg, dei fekk 8 barn. (Midsund II side 546 og Aukra II side 347). Ole sin halvbror Kornelius vart gift med Beretine Bjørnerem, søster til Jørgen Bjørnerem («i Strupå»).

4. Johan Martin f. 14.10.1917 død 1.8.1895

gift med Judit Margrete f. 19.2.1924. død 2.5.2013.

Johan vart dekorert med deltakarmedaljen etter 2. verdskrig. deltok i kamper ved Tretten og Vinstra 1940.

Jan Erik f. 1955, neste eigar

Arnhild f. 1957 er gift Engeset og bur på Grytastranda

Per Einar f. 1965 gift og bor på Sanden Rekdal, brnr. 105, har son Johan.

 

5. Jan Erik Johansen Rekdal f. 1954

Jan Erik tok over bruket etter faren, han bur i Haugen (Haun) sjå denne side 593. og i dette skrift ovenfor.

 

Skul-Ola Plassen, bygdeboka side 598.  I dag ein del av br.nr 46.

1. John Johnsen Njøs  f. 11.12.1819

gift 11.2 1844 med Synøve Nilsdatter Njøs f. 21.12.1819.

John var opprinneleg frå garden Henjum i Leikanger.

John og familen flytta altså tilbake til Sogn med innflytting ført i juni 1948. Men først var dei ein tur i Grytten der sonen Nils vart døpt i Vold.

Barna.

Johannes f. 6.1. 1843 «uægte».

Kristi f. 1.6. 1845, døpt i Vestnes.

Nils f. 10.4.1848. John er da inderst på Roknem i Måndalen. Og dei må ha reist til Sogn like etter fødselen.

Kristi må helst være ho vi finn vi på Njøs i 1865, ho har då ein nyfødt son Nils. Dei andre familiemedlemmene ser ut til å være vanskeleg å oppspore ved denne folketelling.

 

2. Samson Larsen Huse f. ca. 1821. Død 7.1.1890. 

Samson gifter seg 19.11.1849 i med Margrethe Andersdatter Bakke. f. ca. 1818. Ved giftermålet er Margrethe ført med alder 31 år og far Anders Heinesen. Samson har oppgitt alder 28 år med far Lars Christophersen.

Paret er ført utflytta frå Kvinnherad for å reise til Romsdalen 28.juli 1849. Samuel 28 år og Margrethe 30 ½ år. Dei har med seg dottera Anna.

I 1891 (lenke) er Margrethe enke og føderådskone på «Skul-Ola Plassen». Margrethe er hjå dottera Anna i Midsund i 1900, da enke og føderådskone. Og ho dør 19.12. 1900 i Midsund av alderdom. Samson er ført død i kirkeboka 7/1 1890 med denne kommentar: "druknede paa Fisket i Harham og ikke gjenfundet", og da altså lenge før den tid som er antyda i bygdeboka.

Barna:

Anna f. 17.6.1848 i Kvinnherad fikk 3 barn. Midsund II side 194.

Sofia f. 79.1850 død 1934. Vi finn ho i «Båthusa» Vik, br. 17. Tomrefjord side 280.  Fikk 7 barn.

Lars f. 20.9.1855, død 9 dager gammal.

Ingeborg-Anna f. 27.11.1857. Konf. 1872. Ingeborg gifter seg i Laksevåg i 1883 med Lars Olai Olsen frå Opdal i Tysnes, Hordaland. Dei bor i Nygårdsvik. Dei får dottera Josefine Laura Marie i 1883. 3.februar 1887 dør Ingeborg av «lungetæring» (tuberkulose) Lars Olai gifte seg på nytt og får året etter dottera Ingeborg som nok er oppkalling etter første kona. Josefine er trolig ho som vi finner ugift som Josefine Olsen i ft. 1900 og 1910 i Bergen som Josefine Olsen sardinfabrikarb. født i Nygårdsvik.

Lars Andreas f. 16.4.1861 død 1938, gravlagd Skodje. Ble i 1892 gift med Lovise Ingeborg Knudsdatter Ytrelid. Lars Andreas kjøpte Ytre Skodje, bruk nr. 2 Vang i 1895, men selger garden i 1910. Dei fekk to barn. Sigurd Martin f. 1893 vart lærar, gift og busatt Sjøholt. Inga Kristin f. 1896 gift Indrevik Skodje. (Skodje 1 side 572).    

Anders f. 2.5.1864 «Inderst» ved sonen Magnus sin dåp i 1890. Gift med Oleanna Jonetta Olsdtr. Er i 1910 gardbrukar på Tønsås i Tromsøysund med barna: Magnus 1890, Olaf 1892, Selanda 1898, Oliva 1909.

3. Ole Andersen Rekdal. f. 9.5.1842 død 1931. Folketeljing 1891

gift 18.6.1877 med Marta Ørgine Johnsdtr. f. 11.4.1845. (Sjå Brattalia side 426). død 1926.

Barna:

Marit f. 14.2.1879. død 1921. Sjå side 225, Nakkebakken. Marit og Paul fekk 9 barn.

Ane f. 1882. Sjå bruk 46 ovenfor.

Anders Teodor f. 4.11.1887 er ført utvandra til USA 9.03.1905 som ugift snekkar. Men ved ft. 1910 er han ført under Rekdal, da med antatt oppholdssted Seattle Was. som skogsarbeider.

Etter Ola vart Skul-Olaplassen ein del av bruksnr. 46 «Sø`i Myrå». Vi merker oss også at det var Ole som var skrivemåten sjølv om det var Ola som var brukt i talespråket. Det gjeld nok dei fleste vi «før i tin`» finn i skriftlege kjelder som Ole. Det var Skul-Ola, Sogn-Ola, Strup-Ola, Røst-Ola, Breinnj-Ola utover her. Men på alle er skrivemåten Ole. Ja det heiter Ola-Nordmann, men vi finn han som Ole i kirkebøker og folketeljingar. Det heng nok igjen frå dansketida då a i slutten av personnamn ser ut til å vare bannlyst.

 

Br.nr. 64 Lundheim bygdeboka side 600.

1. Leif Angel Pettersen Ellingseter. f. 10.11.1911 død 26.08.2005

gift med Marta Albertsdatter Torvik, f. 17.1.1915 død 16.6.1985

Paul og Sigrid som budde her flytta til Sigrid sin heimgard på Bugge i Nesset. Bruket solgt og i 2017 er det Telek Sander som står som eigar.

 

Br.nr. 63 Høgtun bygdeboka side 601.

1. Jonas Jørgensen Bjørnerem f. 13.8.1920 død 1.12.1980

gift 27.mai 1945 med Palma Pettersdatter Bjørnerem f. 20.4.1913 i USA død 27.1.2009.

Jonas var fødd ved Øveråssjøen, Vestnes med foreldre Jørgen og Beretanna som kom på Sogn-Ola-plassen (se denne side 613).

I tillegg til dei to døtrene nemnt i bygdeboka har Jorun (Jorun Palma Erna) også dottera Ann-Mari.

2. Odd Einar Ellingseter f. 1945, gift med

Annbjørg Margrete Bjørnerem f. 5.4.1945 død 31.3.2013.

Odd Einar kjem frå Nerås Vestnes (Tomrefjordboka side 192)  Odd Einar og Annbjørg flytta til Helland Vestnes. Eigendommen selt i 2010.

3. Svein Kåre Søberg kjøper br. nr 63 i 2010.   

 

Br.nr. 22 Birkeland, bygdeboka side 601. Ft.1891, husliste nr 14.

 

1. Petter Severin Andersen Tenfjord f. 13.12.1843 død 1886

Petter var fødd på Krogsetra i Vatne, men i 1850 vart gardane der ramma av ei stor flaumulykke og 12 menneske mista livet. (Vatne II side 129 og side 149). Familien flytta då ut og fekk seg i 1852 plass i Tenfjord, Øvste-Kleiva og der vaks Petter opp i en stor søskenflokk . (Vatne I s. 178). Mor til Petter var frå Fiksdal (bb side 130, Anne Johnsdatter f. 1810). Petter flytta til Midsund i 1871 fortel kirkeboka. for Vatne. Så den 22. oktober i 1882 blir Petter gift med Brit (Oline?) Jonsdatter Fiksdal f. 31.3.1834. død 15.3.1920 (bb side 92-93).  Brit er skrevet Berith ved dåp og Brit ved konfirmasjon, vigsle, barnefødslar, folketeljingar og død, så det andre namnet Oline som bygdeboka har er heller tvilsamt. (Trina) Johanne er døypt 24.6.1859, ho bur hos besteforeldra i Fiksdal i 1865. (Tomrefjord side 270). Kven faren var som i kirkeboka er skrevet Lasse Lassesen Restad er uviss, ikkje nemnt under Restad i bygdebøker for Midsund.

Olianna finn vi som død ugift tenestepike i Uggelvik, Otrøya 1.5.1887. Ho dør av «lungesyke».

2. Petter Olaus Olesen Rekdal f. 11.8.1872 død 7.2.1957             Ft. 1910

Petter tar altså over plassen som mora hadde, og det er bare han og mora som er registrert på plassen i 1900, da kalla Rekdalsviken der Petter Olaus driv med gardsarbeide og fiskeri. Han gifter seg 24.10.1902 med Petrine Regine Karoline Joakimsdatter f. 22.9.1873 i Borgund. (Se Øygardsneset s. 622). Tvillingane som er nemnt da Petrine dør 7.10.1903 i barselseng er ikkje nemnt som døypt eller begravet. Det var nok en dødfødsel. Petter Olaus gifter seg andre gang 4.11.1904 med Gjertrud Anna Hansdatter f. 15.6.1873. død 3.4.1947. Ved begge vigslene er Ole-Kristian Rekdal frå «Røstå» forlovar til Petter Olaus så dette var nok eit akseptert farskap. Barna:

Beate Petrine f.21.4.1905 se. br. nr 51. side 605.

Hans Angel f. 12.6.1908 – død 1935 på Grønland

Kristianna f. 27.9. 1909 død 1.12.1999, gravlagt Fiksdal

Per Anders Oskar f.3.8.1911 omkom 1922.

Karsten Ragnar f. 27.6.1913, sjå neste brukar

Jenny Oline f.30.4. 1916, se br. nr. 57 side 606.

 

3. Karsten Pettersen Rekdal f. 27.6.1913 død 28.8.1990

Karsten giftar seg 1942 med Borghild Johansdatter Flem f. 3.4.1914 død 19.5.1993. Borghild var dotter av gardbrukar Johan Larsen og Anna Pedersdatter Flem.

 

4. Petter Johan Karstensen Rekdal f. 1950 gift 1973 med Grete Perdotter Strand

Bruket blir selt i 2010 til

 

5. Johannes C van der Goor.

Driftsbygninga er ombygd til Fiskesenter tilrettelagt for utleige til handikappa.

Bolighuset som Petter Johan bygde vart utskilt med eigen tomt 78/157 i 2008. Denne selt i 2014 til

Anne Kristine Mediå.

Petter Johan og Grete har flytta til Eidsvik, Haram. 

 

 

Bruk nr 43. Iver-Andrias-Plassen. Bygdeboka side 603.

 

1. Kristen Knutsen Njøs Rekdal døypt 24.4.1808 i Fresvik, da Leikanger prestegjeld med foreldre Knut Johnsen og Torbjør Nilsdtr.Høyum. Kristen dør 24.12. 1884.

Gift 27.6.1838 i Leikanger med Gjetløv (Gitlev) Hansdatter Njøs fødd på Njøs, døypt 18.10.1806. Hennar foreldre var Hans Mikelsen og Marta Bottolfsdatter.

Kristen og Gjetlev får si første dotter Gjertrud i 1832, men først når dottera Marta nærmar seg så er dei gift i Leikanger 27.6.1838.  Ved vigsla er han skrevet med fødestad Høyum og ho Gjærde. Utflyttinga frå Sogn med Kristen, Gjetløv og dei tre barna er ført i kirkeboka i Leganger 7. april 1845. Gjetløv dør 8.mars 1863 og Kristen gifter seg på nytt 21.juli 1864 med Mali Trondsdtr. Marken f.29.9.1819. død 25.3.1907. (bygdeboka side 170).

Barn med Gjetløv:

Gjertrud f. 12.2.1832 i Leikanger. Gift 16.10.1870 med Andreas Nilsen Midsundholm Gjertrud og Andreas fekk 5 barn, av dei nemner vi Erika gift til Røsten Rekdaløydegarden. Om Gjertrud og Andreas er det skrevet ein utfyllande artikkel i Midsund II side 167 og side 138. Etter at Andreas omkom i 1907 skal Gjertrud ha flytta tilbake til Leikanger.  

Marta f. 25.3.1839 i Leikanger. Gift 9.juli 1871 i Fiksdal med Lars Knudsen Røe. Marta fekk ikkje barn. (Midsund II s. 81). Ho dør 3.5.1907.

Torbjørg f. 20.10.1842 i Leikanger. Gift 3.7.1870 med Ole Arnesen Midsund, dei fekk 4 barn. Torbjørg døde 29.6.1978 på barselseng (Midsund II s. 194). Ole gifta seg på nytt med Ane Samsomdatter Rekdal (se ovenfor under Skul-Ola-Plassen).

 

2. Iver Andreas Olsen Rekdal f 1847 død 25.8.1930.  Ft. 1891 Husliste 17.

 

Ivar Andreas var frå Søndre Bjørnsund i Fræna. Bygdebokforfattaren av Frænabøkene mener det er han som er ført døypt som Sivert Andreas Olsen født 28.januar 1847. Foreldre var Ole Andersen frå Rakvåg i Midsund og Olave Maria Jacobsdatter frå Eik i Vestrefjord. Dei hadde fått seg en plass på Søndre Bjørnsund. Ivar Andreas gifter seg i Aukra 12.7. 1874 med Beret Anna Marie Knudsdatter f. 22.11.1840 frå Helland Vatne død 1903. Beret Anna kom frå same bruket frå Helland som mor til Iver Andreas. Iver Andreas gifter seg på nytt i Vestnes 21.7.1904 med Jacobina Marie Ananiasdtr. f. 6.8.1859. Foreldre Ananias Jacobsen og Ane Marta Olsdtr. Ved dåpen til Jacobina har faren adresse Gjertvik, ved vigsla har Jacobina etternamn Ødegård. Ved ft. 1865 bor familien på Hollingen i Aukra og det er opplyst at faren Ananias var frå Skodje og mora frå Fræna (bygdebok Aukra I s.228). Det viser seg at denne Ananias faktisk var frå Eik og bror til Iver Andreas sin mor Olave Marie. Iver Andreas og Jacobina skulle da vare søskenbarn. Jacobine var først gift med Anders Johan Petersen Ødegård frå Folden, Bodø. I 1900 bor dei i Kristiansund saman med sønnen Johan f. 1894 i Trondheim. Anders Johan dør i Newcastle i 1901 av lammelse.

Iver Andreas finn vi innført som død i klokkerbok for Fiksdal kirke som gift plassmann i 1930, død av hjertefeil. Jacobina må da ha vore død seinare, truleg etter 1935 då kirkebøkene er sperra for nettsøk.

Barna til Iver Andreas og Olave Maria:

Ole Andreas f. 26.8.1874 er ført død 31.7.1875

Ole Andreas f.23.9.1876 er i Ålesund i 1910 som bryggearbeider. Gift med Lina Petersdatter frå Ulstein, har da 3 barn. Ole Andreas Rekdal dør 8.6.1958, gravlagt saman med Lina på Nedre Gravlund.

Karoline f. 21.12.1879 vart gift med Lauritz Olaus Martinus Engeseth. Dei bor i Ålesund i 1910 og har da tre barn. Karoline død 6.2.1958, gravlagt på Nedre Gravlund saman med Lauritz som er titulært fiskehandlar.

Ane Marja Lovise f. 12.5.1883, død 1904.

 

 

Br.nr. 34 Birkeland II, «Labanplassen bygdeboka side 605 FT.1891 husliste 15

 

1. Knut Larsen Holmen Rekdal f. 3.4.1843 død 20.9.1931

Knut finn vi døpt i Rødven i Veøy prestegjeld med foreldre husmand Lars Johnsen og Kari Sivertsdtr. Holmen. Vi finn meir om disse i bygdebok «Holm 2» side 382 og 340. Knut er tener på Holmenstranda i 1865 men kommer altså til Otrøya, Midsund der han i 7.7.1879 blir gift med Helga Arnesdtr Klauset f. 30.3.1836. død 25.4.1929 (Midsund I s.480). Helga (Helge) var dotter av Arne Madsen Søre Klauset og Ragnhild Nilsdtr.

Deira felles dotter Ragna Kristine blir fødd 16.mars 1879 og foreldra bor då på Klauset. Ragna blir gift med Peder Andreas Pedersen Skarset i Bud. Ved ft. 1910 i Bud har dei 7 barn.

Helga sitt barn Karen Anna f. 16.1.1875 med far Anders Knutsen Malme. Hun er ikkje heime ved folketelling 1891, 16 år gamal, har nok alt då komme ut i teneste. Karen Anna blir gift i Ytre Fræna i 1901 med Johan E. Johannessen Levran/Stavik. Ved ft. 1910 har dei 4 barn.

 

Br.nr.51. Bjerkeli bygdeboka side 605.

1. Martin Andreas Sevrinsen Kjærstad f. 8.8.1909 død 24.10.1981. Martin var altså fødd i 1909 og ved ft. 1910 lenke, er han yngst i en søskenflokk på 6 barn. Det vi kan merke oss ved denne folketellinga er det som er ført under «Yrke». Dei tre eldste barn frå 7 til 10 år er ført opp med «hjelper til i huset». Dei tre yngste frå 1 til 5 år «leker». Vi skjønner at dei var ikkje gamle før dei måtte begynne å hjelpe til og ta ansvar. Slik var det nok i dei aller fleste heimar på denne tida. Foreldre til Martin var Sevrin Ingebrigtsen Kjærstad og Marie Larsdatter, ho kom frå Brandal. Martin giftar seg 8.2.1933 med Beate Petrine Pettersdatter Rekdal f. 21.4.1905 død 23.6.1995. Blant bygdefolk vart det mest sagt «han Kjærstad». Og slik var det med dei fleste innflyttarar, det gjekk på etternamn. Han Kærstad, han Bjermeland, han Bjønnarem, han Johansen, han Selnes osv. Då vart dei i alle fall ikkje forveksla med sambygdingar med same fornamn.

Barna

Gerd f. 26.11.1932, gift Jørgensen døde 6.1.1959, ho er gravlagt i Fiksdal.

Marie f. 1957 kom til Nakken, Fiksdal. Bygdeboka side 277.

2. Roar Sæheim og Ann Elisabet Bjerkevoll. Dei budde her nokre år. Ann Elisabeth, sjå Furukollen side 571.

3. Bjørn Tore Ellingsen (Hansgarden side 460) og Phikum Ellingsen eig og bur på Bjerkeli i 2017.

 

Br.nr. 57 Fredheim bygdeboka side 606.

 

1. Johan Johnsen Flem f. 19.10.1916

Johan kom frå Flem på Flemsøya (Skuløya). Foreldre var Johan Larsen Flem og Anna Andersdatter. Han er titulært skreddar når han gifter seg 20. mai 1943 med «syerske» Jenny Pedersdatter Rekdal f. 30.4.1916 død 19.02.2000.  Sjå om hennar familie under bruk 22 bygdeboka side 602 og over her.

2. Per Einarsen Bjerkevoll f. 13.1.1934 død 9.4.1983

Per kom frå Hauan br.nr. 18 (10) bygdeboka side 569 og gifta seg 1954 med Magna Johanne Rasmusdatter f. 11.10.1932 død 12.10.1995. Ingøy i Måsøy som bygdeboka seier Magna kom frå er i Finnmark fylke.

Dei 4 barna:

Harald Egil gift med Sigrun Rønneberg frå Eidsdal bor i Vestnes.

Britt Inger gift med Knut Arne Nordvik bor i Vestnes.

Einar Hendry neste eiger.

Per Magne gift med Wenche Ellingseter frå Høgtun, bygdeboka side 601.

3. Einar Hendry Bjerkevoll fødd 1965 og Bente Anita Slemmen fødd 1967 eig og bur her i 2017.

Bente Anita er frå bruk nr 38 Skarheim, Hålbakken ytste. Sjå bygdeboka side 590.

 

Br.nr 30 Bergheim – Rørinn  bygdeboka side 606

 1. Ingeborg Pedersdatter Rekdal  f. 5.4.1863 død 16.7.1946  ft.1891 husliste nr 23.

Ingeborg sine foreldre finner vi i bygdeboka side 471. Ho gifter seg i januar 1882 med Ole Eriksen Ellingseter f. 12.2.1856 død 1895. Vi finn dei altså først som sjølveigarar på Hauå. bygdeboka side 568. Ved folketeljinga 1891 er dei registrert på husliste 23 som er etter Hansgarden men før sjølvfolket på Rekdalsbakken, Ole er der inderst som tyder på at dei leiger hus på Bakken. Familien har nok då komme på denne plassen på «Rørå» rundt 1892. Bygdeboka skriv at; «-- Ole bleiv (drukna) i 1895 i fesjen saman med heile båtlaget sitt». Eg finn (Bjarne Rabben, «Folk ved havet») 4 båtlag frå Haram som forliste 29. mai 1895 der 9 personar skal ha omkomme, 7 frå Haram er omtalt i kirkeboka for Haram. Då eg ikkje finn andre forlis av denne karakter dette året er det vel sannsynleg at Ole var ein av dei to som ikkje var frå Haram som omkom denne dagen? Ved folketeljing 1900 bur Ingeborg på plassen som enke saman med barna Peder Elias, Gjertrud Anna og Bella.

Barna til Ingeborg og Ole:

Elias f. 1.9.1882 død 8.1.1964 er ført under Rekdal i Vestnes ved ft. 1910, men det er der sagt at han er i Amerika og utvandra i 1906. Han brukte etternamnet  Rekdal etter at han kjem heim og buset seg i Ålesund der han blir gift med Alida Fredriksdatter Aak født i Ytterdal i Norddal 12.7.1889. Alida bur saman med mora Inger og hennar mann Thomas Aak i Ålesund 1900. Elias og Alida er gravlagt ved Nedre Gravlund i Ålesund.

Peder Elias f. 19.9.1884 finn vi igjen i bygdeboka side 84, Pegarden Fiksdal. 5 barn og stor etterslekt. 

Inger Anna f. 9.1.1887 bor heime hjå foreldra i 1910 saman med dottera Laila f. 4.3.1910. Inger Anna dør 21.1.1977 og er gravlagd i Fiksdal.

Gertrud Anne Beate f. 19.4.1891 finn vi gravlagt på Vår Frelsars gravlplass i Haugesund, død 28.6. 1965.

Bella Karoline f. 9.10.1894 kom på Hjellen Ellingseter Fiksdal. Ho fekk 4 barn og hennar etterkomarar bur framleis på Hjellen. Sjå bygdeboka br.nr 4 side 210.

 

2. Kristen Knutsen Blø Rekdal f. 1.1.1850 død 30.7.1827.   Ft. 1891 husliste 13. Ft. 1910

Kristen kom frå Blø, Midøya i det som den gang var i Aukra Prestegjeld. Foreldra kom frå Veøy prestegjeld (i dag i Rauma kommune) og heitte Knut Pettersen Hjelvik og Berit Kormeset. Kristen giftar seg 16.6.1884 med Elen Petrine Larsdatter Nybø, Gossen f. 6.7.1845. (Midsund II side 282).

Bygdeboka er litt uklar Vedrørande dottera Beret som først er skrevet som Elen Petrines barn, men etterpå som Elen Petrine og Kristen sitt barn, men at ho «synes ikkje ha vorte med til Rekdal». Men dei hadde ho nok blitt, for ho er med her ved folketeljinga i 1891 oppgitt fødd 1895. Men det ser ut til å være vanskeleg å finne hennar dåp og kor det gjekk med henne. Elen Petrine hadde og ein son Lars Mathias som ikkje er med i bygdeboka. Han var fødd 9.11.1875 i Aukra med far Mads Larsen 23 år fødd i Vestnes Prestegjeld. Dette var Mads Larsen Kjersem som vart gardbrukar på Blø, Midøy. Det er nok Lars Mathias som ikkje vart med til Rekdal, lagnad ukjent. 

Oskar Erling f. 17.12.1901 sjå bygdeboka. side 579.  

3. Knut Kristensen Rekdal f. 1.12.1904 død 15.12.1990

Knut giftar seg i Ålesund 20.6.1934 med Mary Pedersdatter Breivik f. 6.2.1912 i Ålesund død 31.1.1997, dotter til Peder Blakstad og Ragna Matea Breivik.

4. Kjell Knutsen Rekdal f. 14.9.1935

Kjell tar over bruket 25.5.1983.

Kusk-Iver-Plassen bygdeboka side 609.  FT 1891 husliste 12.

1. Iver Olsen Rekdal f. 20.9.1842 død 26..5.1922

Iver var altså frå Sveinnbakken, bygdeboka side 491 og Rekdal I (lenke). Iver gifter seg 20.4.1879 med Marte Sophie Pedersdatter Apalset r f. 18.1.1838, død 24.7.1902. Marte Sophie kom frå Apalset i Ørskog og foreldre var Peter Larsen og Berte Katrine Jensdatter. Merk at Marte Sophie har fått feil mor i bygdeboka! (Sjå også Ørskog gjennom tidene 3, side 49). Marte Sophie tente på Rørset på Otrøya før ho kom til Rekdal. Der fekk ho sonen Peder Andreas f.16.2.1867 med far Johan Hanssen Rørset. Peder vart brukar på Bløfeten Midsund (Midsund II side 358).

Iver sin dotter Ane f. 8.10.1863 hadde mor Beret Paulsdatter Klauset (opprinneleg frå Lyngværet). Ane kom til Ugelvik, Kirkeland i Midsund (Midsund III s.216). Ane sin mann var frå Fiksdal (bygdeboka side 138). Andre kona si fekk han Kusk-Iver frå Fiksdal då han 27.12. 1903 giftar seg med Ane Regine Hansdatter Fiksdal f. 17.8.1950, død 13.6.1924 av magesyke, budde da trolig hjå dottera i Ugelvik og er gravlagd på Otrøya. Ane sitt barn Hanna f. 19.11.1877 med Trond Remkall (Midsund I s. 133) kom til Ugelvik Midsund, gift med Knut Andreas Trondsen (Midsund III s.196).   

Br.nr. 11 Sørgård – Strupen Bygdeboka side 609.

1. Iver Eriksen Rekdal f.24.3.1849 død 29.1.1923

Iver vart gift med Beret Hansdatter Nakken f. 24.6.1852 død 20.2.1944. Sjå meir om dei i bygdeboka side 597, Nakken side 262, og ovanfor her under «Sø i Myrå».

2. Martinus Britanus Petersen Hatlehol Rekdal f.21.6.1852 død 5.11.1936. Ft.1891 Husliste 11

Martinus kom frå Hatlehol i Vatne med foreldre Peter Madsen Høvik Hatlehol og Petrine Larsdatter Skodje Hatlehol. Begge kom frå Skodje sokn. (Vatne II side 198) han vart 10.6.1878 gift i Vatne med Andrina Andersdatter Vatnehaug f. 29.9.1853 død 12.4.1918. Andrina var dotter til Anders Olsen og Marthe Kristine Pedersdatter Vadset (Vatne II side 105).  

Barna:

Peder Andreas f. 2.10.1879 død 18.4.1943. Ble gift 1903 med Marie f. 24.6.1876 – død 11.11.19, dotter til første brukaren her. Dei budde nokre år Sø i Myrå men flytta til Vestre i 1907. Sjå meir om dei og 8 barna i Vatne II side 532. 

Karen Marta f. 8.6.1883, gift med neste brukar.

Ludvik Ole Andreas f. 4.1.1890 død 9.12.1966, gift med Elisa Dalebø f. 28.10.1992 død 29.6.1990. Dei ligger begravd på Nedre gravlund i Ålesund saman med sonen Trygve død 1941.

3. Peder Ellingsen Bjermeland f. 2.2.1860 død 9.7.1945

Peder kom frå plassen Hagen på Bjermeland i Tresfjord. Son av Elling Pedersen Bjermeland og Hille Olsdatter Skorgen. (Skorgen bygdebok s.159). Peder var først gift med Marit Helene Nilsdatter Frostad (Tomrefjord side 818) Peder og Marit Helene fekk dottera Hilda som ble gift Tomren og har blant sine etterkommere Magny som vart gift til Sortemyr Rekdal (bygdeboka side 534). Peder vart enkemann i 1901 og giftar seg så med gardtausa i Strupen (Strupå), Karen Marta Martinusdatter Rekdal f.8.6.1883 død 11.7.1973.

Peder hadde ei søster Aagot (1870-1955) som budde i Strupen og som dør her og er gravlagt i Fiksdal.

4. Martin Erling Pedersen Bjermeland f. 29.11.1907 død 10.5.1984  

Martin var einaste barn til Peder og Karen Marta. Den 29.november 1931 blir han gift med Thea Trondsdatter f. 28.12.1907 død 22.8.1990. Thea kom frå Trondgjerde (bb.side 508). 

5. Per Kåre Pedersen Bjermeland f. 14.4.1932 død 17.2.2004.

Per tok over bruket her etter faren og dreiv det saman med kona Unni Vilhelmsdatter Arneberg. Dei dreiv med geit og hadde ysteri i kjellaren og produserte geitost. da Per døde vart bruket selt og Unni flytta ut.

Per er gravlagd i Fiksdal.

6. Wietze Kuipers f. 1973 og Jessica Rutten Kuipers f. 1981

Dei er frå Nederland og kjøpte bruket i 2004. På bruket blir det framleis drive med geit og dei har seterdrift på Rekdalssetra om sommaren. På setra har dei bygd ny fjøs på nytt br.nr. 167, utskilt frå 78/1.  

Wietze, Jessica og barna er dei vestlegaste bebuarane på Rekdal og dei siste før kommunegrensa mot Haram.

 

7. Br.nr. 78 Fjelltun bygdeboka side 611

 

1. Torbjørn Martinson Bjermeland f. 19.7.1933 død 28.1.1998

gift 1965 med Karin Margrethe Sverresdatter Evensen f. 25.10.1933 død 11.3.1975.

Torbjørn og Karin er gravlagd i Fiksdal.

 

2. Trygve Bjermeland f. 2.9.1945

Trygve tok over brorens hus i 2002. Han bur i Bergen.

-----

Dette er tillegg til bygdeboka. Her er lenke til bygdeboka, Fiksdal Sogn

Om noen har flere opplysninger de ønsker å få lagt til, eller vil rettet eller ha strøket personalopplysninger så meld fra. Når det gjelder levende personer og personalia legges dette inn etter tillatelse fra vedkommende.  

---------------------------

 

Sogn-Ola-plassen i Strupen, tegning av kunstmaler Nils Abelsen.

KNUT-PLASSEN I STRUPÅ bygdeboka side 611      Ft. 1891 husliste 10.

 

1. Knut Andressen Rekdal   f. 6.4.1838 død 29.11.1923

 

Knut var «uekte» son til Andreas Knutsen Heggdal som vart bruker etter faren på Heggdal Søndre på Otrøya. (Midsund I side 429). Mora (Bergitte på Øygardsneset, bygdeboka side 622) var frå Heggdalsvik (Vikaneset), nabogarden der ute. Knut vart først gift i 1869 med Ingeborg Anna Pettersdatter Akselvoll som han mista året etter i barnefødsel. Så kom han altså over fjorden og fekk seg plass her i 1872 og 8.6.1873 vart det bryllaup på Øygarden då han giftar seg med Elen Bergetta Karolusdatter Rekdal f. 17.1.1845 død 26.12.1835. (Bygdeboka side 624). Elen Bergitta var døypt i Stordal, det ser ut som berre Bergitte var brukt namn på Rekdal.

Barna:

Ingeborg Anna fødd 1.6.1874 død 19.10.1964 Ho var altså heime ved folketeljinga i 1900 og har da som yrke « Gaards- og fjøsstel». Ho er gift i Bolsøy 1.8.1902 med Andreas Antonsen som var son av sjølveigar Anton Andersen Lønset. Ved ft. 1910 finn vi dei i Bolsøy. Han som gardbrukar og steinarbeidar ho som gardbrukarkone, tellekrets Aarøhagen og Strande. I 1910 har dei to soner og ei dotter. Ingeborg Anna og mannen finn vi gravlagt på Røbekk (Molde kommune). På gravstøtta står det fødselsår 1875, men det rette er nok 1874 ifølge kronologisk dåpen ført i kirkeboka.

Karl Johan fødd 2.2.1882 giftar seg 5.3.1905 med Inger Anna Elisabet Kristendatter Rekdal f. 1882. Barna er omtalt i bygdeboka, sjå og under Kristengarden side487. Om garden dei hadde i Tomrefjord nokre år sjå Tomrefjordboka side 551.

 

SOGN-OLA-PLASSEN I STRUPÅ bygdeboka side 612.   Ft 1891 husliste nr. 9

 

1. Ola Eriksen Rekdal f. 12.11.1839 på garden Njøs i Leikanger, Sogn. død 15.2.1933.

Knut var altså av innflyttarane frå Sogn. Han giftar seg 17.7. 1870 med Ingeborg Kristendatter Rekdal f.16.4.1824 død 8.3.1898. Slik fekk Ola seg plass på dette stykke under Kristengarden. Ingeborg var 47 år når dei giftar seg, så barn vart det ikkje her. Ingeborg sitt barn Kristen f. 1.8.1847 med far Ebbe Peterson Braute frå Ørskog. Ikkje frå Tennøy som bygdeboka seier, men han tente nok der då Kristen kom til verda. Denne Kristen må være død før folketeljinga i 1865, men finn han ikkje død. «Ingeborg var ei tuhlje og Ola ein hare-brakje» seiest det i bygdeboka, nokon kjenner kanskje uttrykket «hare-brakje» og kan gje ei forklaring på det og, «stabukk» er eit tips. Ingeborg døde av astma. Ved folketeljinga i 1891 har dei tenestepike frå Ålesund. Det er Kornelia Andreasdatter Brevig født 1878. Også Erik Johansen frå naboplassen, som Ola var onkel til er ført her på Sognola-plassen som tenar i 1891. Ola gifta seg på nytt 28.5 1899 med Ingeborg Olsdatter Rekdal f. 25.9.1868. død 21/9. 1911 på Romsdal Amtsykehus. Ingeborg var fødd på Remmem Vestnes (Om foreldra sjå også Ola-plassen side 615).

Barna til Ingeborg før ekteskap var Marta Maria f. 26.2.1890 med far Knut Johansen Frostad f.1870. Marta Marie døde berre en dag gammal. Andre barnet Emilie Olluffine f. 11.9. 1891 hadde far Laurits Karlsen Eik, frå Vestrefjord som då berre var 15 år gamal. Dei to fedrane til Ingeborg sine barn gifta seg med kvar si dotter til Erik i Sanktsvora (side 616). Knut med Serianna og Laurits med Elen Anna. Emilie «som skulle kome søpå Hareidlandet», bur heime på Sogn-Ola-plassen i 1910 som ugift syerske.

Ola gifta seg for tredje gong 19. nov. 1912 med Berte Oline Margete Pedersdatter Dalebø f. 29.1.1847 i Ørskog. Faren Peder Franzen var frå Dalebø i Norddal. Berte Oline døde 24.8.1916.

Frieriet til Ola når han skulle gifte seg 3. gangen fant eg i ei sogebok, er jo ei triveleg historie så eg gjengjev den her utan å kunne stå for sannheta i historia:

 

Han Sogn-Ola fødd i 1837 hadde blitt enkjemann igjen i 1911. Ny kjerring måtte han ha, den tredje.

Han hadde fått greie på at oppe på Frostadsetra på Tomrefjordsfjellet var det ei gamal ugift setertaus frå Ørskog, Brita kalla, (Berte i bygdeboka og kirkebøker). Ja opprinneleg var ho frå Dalebø i Norddal og fødd 1847. Jomfru var ho ikkje, hadde hatt eit barn på laust som dei sa den tida. I 1912 ein laurdag labba han Ola av garde og fann etter kvart fram til selet der ho Brita held til. Ho sto i døra og lurte på kva for ein kar detta var. Å det er han Sogn Ola dette her, eg er ute og skal få meg ei kjerring, og no vil eg spørje deg om du vil vera kona mi. Ho vart ståande å måpe og sjå på han som ventande var. Du må kome inn og setje deg så får vi sjå, det kjem so uventa let ho. Nei seier Ola, her stend eg, eg vil du skal svara ja, so skal eg kome inn, visst ikkje så gjeng eg beint heimat. Dei vart ståande ei ri å akkedere og so svara Brita ja, og dermed gjekk han Ola inn. Når hausten kom flytta ho Brita inn i Strupå og dei held bryllaup straks etterpå.

 

Barnet til Berte Oline må være den guten Peder Ingvald Lauritz som er fødd i Ørskog 30.5.1886. Berte Oline oppgjev ungkar Ole Larsen Tøsse som far.  «Angjeldende har benægtet Paterniteten» står det i kirkeboka, altså vedkom ikkje Ole seg farskapet. Peder Ingvald Lauritz omkom i 1896 «Omkom ved at falde i en elv og druknet».

 

2. Jørgen Jonassen Bjørnerem f. 30.05.1888 død 24.04.1961.

 

Jørgen giftar seg 20.10.1912 med Beret Anna Hansdatter Klauset f. 7.5.1891 på Klauset, Otrøya. Beret Anna dør 16.8.1970.  Vi legger merke til at det her er mange feil årstal i bygdeboka.

Om garden på Øverås, sjå «Tomrefjordboka» Naustplassen side 108. Merk at også der er det feil årstal på Jørgen og Beret Anna.

Barna:

1. Helga f. 9.2.1913 i Midsund, død 30.3.1967. Sjå Hauan, Bjerkelund side 570.

2. Jonas f. 10.1.1915 Midsund, død 11.2.1915, gravlagt Otrøya.

3. Hans f.28.1.1916, Øverås Vestnes. død 15.7.1994. Hans budde heime mesteparten av livet. Dei siste åra budde han i «aldersbolig» i Fiksdal på 76/119, der han døde.

4. Signe f. 14.3.1918, Øverås, Vestnes, død 16.1.2004. Signe vart gift med Mathias Skjølingstad frå Torvastad på Karmøy, Rogaland der Mathias tok over farsgarden. Dei fekk barna: Sven Johan 1951. Sigmund 1953 og Egil Bjarne 1956.

5. Jonas f. 13.8.1920. død 1.12.1980. Gift med Palma Ellingseter, sjå bygdeboka, Høgtun side 601 og tillegg ovanfor.

6. Karen f. 29.9.1923 død 7.1.2001. Gift 1954 med Anders Vestre. Bygdebok Vatne II side 562. Tillegg barna: Anne Karin gift med Peder Aarset busett Ellingsøy. Jostein tok over farsgarden i 1980. Reidun Johanne gift med Svein Ove Blø, sjå «Tomrefjordboka» side 848. Dei kjøpte og bor på bruk nr 70/53 Tomrefjord. Åshild er fødd i 1962, gift med Roald Arne Rekdal f. 1961. Bygdeboka side 564. Dei er busett på Stranda.

Om Jørgen og Beret Anna sjå også slektssider «bjerkevoll.net».

Jørgen si slekt frå Midøya finn vi i bygdebok II Midsund side 394. Beret Anna i Midsund I side 487.

 

 JOHAN_PLASSEN I STRUPÅ     Ft. 1891, husliste nr.8

 

1. Johan Eriksen Rekdal f. 16.3.1845 i Leikanger, død 29.1.1918, dødsårsak er magekreft. Om familien sjå bb. side 595 og ovanfor. Johan gifta seg 18. mai 1873 med Dorthea Gurine Olsdatter Bakke frå Hornindal f. 8.11.1838, død 1918 med oppgitt dødsårsak «deb. senil».  I 1865 er Dorthea tenestepike på garden Sol(h)eim i Horningdal. Mora Marte Pedersdatter er da enke heime på husmannsplassen på Bakke sammen med Dorthe sine søsken Ole 23 år og Ingeborg 21 år

Barn til Johan og Dorthea:

Erik Olaus f. 9.3.1874, den einaste av «Sognefolket» med etterkommare på Rekdal. Sjå bb. side 597.

Ole Martinus f. 9.12.1876 død 25.5.1893, døde ifølge klokkarboka av engelsk-syke.  

Mads Andreas f.23.2.1880 død 11.11.1883

Ved folketeljing i 1891 bur sonen Ole f. 1876 her og dei har besøk av Laurits Larsen Engeset i Borgund f. 1875.

I Vestnes Sogelag sitt årskrift for 2001 side 113 finn vi ein artikkel av Asbjørn Oterhals om ein redningsdåd som Johan var med på i 1886. Elisabeth (Betty) Mouat frå Shetland som hadde drevet over havet i skuta Columbine etter at mannskapet var skyldt over bord. Båten med Betty om bord hamna på Lepsøya i Haram og Johan var med på å berge ho. For dette fekk han medalje og bergingslønn av den engelske regjeringa og dronninga.

 

 

OLEPLASSEN I STRUPÅ bygdeboka side 615,

 

1. Aret Trondsen Leirvåg Rekdal f. 23.12.1836, død 14.11.1880

 

Aret (døpt Arith) kan vi lese om i «Tomrefjordboka» side 43.  Aret vart 1. juni 1868 gift med Synnøve Olsdatter Våge som dør 9.mars 1869, ho hadde da fått tvillingar like før, den 25. februar, Dei fekk namna Søren og Ole. Søren er i 1875 hos broren til Synnøve, Anders Olsen Helgestø, Vågstranda, og der dør han i 1883 som 14 ½ år gammal dreng. Ole derimot får etterkommere. Først ein son Karl Georg med Gurina Karlsdatter Kråna Stokkeland i 1889 (kilde bygdebok Tomrefjord). Karl Georg Stokkeland er oppført som baker når han gifter seg for andre gang i Bolsø/Molde i 1918, Ole Aretsen Øverås er da oppført som far. Ole Aretsen reiser til Valderhaug, da Borgund i 1889 der han i 1893 får dottera Anne Sofie Karoline med Oline Ananiasdatter Oksebås. Anne og Ole blir seinare gift og i 1900 bor dei på Valderhaug med 4 barn. I 1910 har det komme til en son fødd i 1905. Aret får også en son Anders i 1872 med Anna Haldadatter Bjermeland. Denne sonen lever ikkje opp og ingen av barna til Aret blir med til Rekdal.

I 1877 gifter Aret seg med Ingeborg Maria Olsdatter Remmem f. 25.1.1841 død 1931. Berre Maria ser ut som å vare brukt som namn. Maria var dotter til sersjant Ole Aretsen Indre Remmem og Marit Iversdatter Øvstedal (Tresfjordboka side 394). Dei har sonen Ole Andreas født «uekte» i januar 1875 og dør 21.11.1877 med adresse Remmem. Ved folketeljing 1875 leier Aret hus på Helland Øvre (Næsset), Vestnes og er da verftsarbeidar og jernbanearbeidar. Maria bur saman med han som hushalderske og det gjer og Maria si dotter Ingeborg f. 25.9 1868 (Sjå Sogn-Olaplassen) og deira felles son Ole Andreas. Så 18.2.1880 kjem Oliana Matea til verden. Uvisst kor det vart av ho, men ved folketeljinga år 1900 er ho tenestepike på Ulvestad Vatne.

 

2. Ole Bastian Karolussen Rekdal f. 1858 død 19.. Husliste ft. 1891 nr 2 s. 4423 

Etter at Aret dør giftar Maria Olsdatter seg 41 år gamal med den 17 år yngre Ole frå Hagara (bygdeboka side 624). Ole er titulært som blikkenslager i 1910. Dei får dottera Karen Anna 26.5.1883. Karen Anna er heime i Strupen ved ft. 1910 og er da gift. Med seg har ho dottera Olga (Karoline) Olavsdatter Minde som vi finn født i Ålesund 8.2.1908, faren er ugift fyrbøtar Ole Johan Nilsen Minde med opphaldsstad Henningsvær. Karen Anna gifter seg 23.10.1910 med «Dæksgut Ingvald Karl Spilkevik» født i Borgund. Karen Spjelkavik er gravlagt på Nedre Gravlund i Ålesund med død 2.2.1961.  Ei Olga Knudsen (trolig dottera) født 8.2.1908 er gravlagt i Borgund 1948.

«Pladsmandskone Ingeborg Marie Olsdr Rekdal» dør 4.11.1931 av alderdom, mannen Ole Karolussen har vi ikkje dødsdato på. Staua som tyskerne brukte som hus til russefangane er no revet.

 

 

 

 

SANKTSVORA bygdeboka side 616. Ft 1891, husliste 7 side 4667

 

1. Erik Kristensen Helland Rekdal f. 6.1.1834. død 5.8.1928

Erik giftar seg 1863 med Lovise Regine Marthe Olsdatter f. 16.1.1837 i Stordal. død 28.2. 1916. Sjå naboplassen, Røsten på Øygarden.

Bygdeboka skriv at mange av barna kom bort frå Vestnes. Med hjelp av dagens søkemetodar på nettet har vi funnet ut mer om dei.

Inger Anna Serine f. 28.7. 1863. Ho vart gift med Knud Britanus Olsen Vestre (Vatne II side 578) og dei bur i Ålesund. Har funnet 4 barn fødd 1887-1897. Så må det ha skjedd noko med Inger Anna Serine for ho er ikkje å finne ved folketeljing 1900 og seinare. Dei 4 barna er da spreidd hos forskjellige pleieforeldre. Mannen Knut Britanus giftar seg på nytt i 1914 med Elen Pauline Tomren (Tomrefjord side 720). Barna til Inger Anna og Knut Britanius: Laura Nikoline f.22.7.1887 er i 1900 i Sande pr.gj og har offentleg understøttelse, ho er konfirmert der i 1902. Edvin Gerhard Johan f. 1891 i Ålesund og bor ved ft. 1900 hos Edvin Solevåg i Borgund, offentleg understøtta. I 1910 finn vi Edvin hos tante Olina på Hjertøya Molde. Kornelie Ingvarda f. 1893 i Ålesund er i 1900 pleiedotter hos Berte Vågnes Ålesund og i 1910 har ho fått seg huspost i byen. Kornelius Alfred f. 1897 i Ålesund er i 1900 pleieson hos barberer Karl Erichsen i Ålesund. I 1910 finn vi han som Kornelius W. Eriksen i Bergen som pleiesønn.   

Oline Elisabet f. 28.8.1864 død 1942. Gifter seg 4.9.1892 med Peder Knutsen Lillevik (frå Haukebø Aukra nå Molde). Dei får sonen Edvin Andreas 22.12.1894. Skulle også ha et barn til. Dei er i 1900 husmannsfolk på Lillevik i Bolsøy, Peder er pladsmand og fisker i 1900 og har son (Edvin) Andreas. Peder dør i 1901 og Olina gifter seg på nytt 4.9. 1904 med Ole Rasmussen Setre, frå Setre i Vestnes. Sjå: lenke Hjertøya. Ole hadde før han gifta seg med Oline hele 11 barn og det vart til saman 14, da Ole og Oline fekk tre barn: Gudrun Elvine 7.1.1905, Ole Jacob 15.7.1907 og Olav 24.4.1910. Ved folketeljing 1910 Er Ole og Oline på Hjertøya saman med de 3 barna. Marie Vestre f. 5.5. 1884 er også registrert der, kan det være ei dotter av Inger Anna Serine ovenfor? Også ein Edvin Vestre f. 1897 er registrert i familien, er litt i tvil om dei oppgitte fødselsår. Men det er tydeleg at søskena i Sanktsvora heldt saman og tok seg av kvarandre. Det ser vi både av folketeljingar og dei mange dåpsinnførslane rundt omkring der søskena er fadder på nevøar og nieser.    

Kristianna Serine f. 27.3.1866. Tok over plassen etter foreldra, sjå nedanfor.

Olava Serianna f. 17.4.1868. Olava kom og til Ålesund, gift med Knut Johansen Frostad Tomrefjord (Tomrefjordboka side 835). Ser ut som om ho berre har brukt Serianna som fornamn som voksen. Den 4.juni 1891 er ho hos søstera Olina i Lillevik Bolsøy. Der får ho dotter Elisabet med far Baard Jensen Tokle frå Grytten, Elisabet er med mora til Ålesund og har der etternamn Frostad. Dei får i 1897 dottera Hanna Mathea f. 5.5.1897, døpt i Fiksdal. I Ålesund er disse barn registrert født: Jenny f. 9.10. 1898. Lever 1900, ikkje med i ft. 1910 for Ålesund. Einar f. 22.1.1900. Peder f. 5.12.1901. Paula f. 27.6.1905. Hilmar f. 27.9. 1907. Kaspar f. 19.9.1909. Sigurd f.17.1.1911 død 1973. Serianna dør 1933 og Knut i 1942, dei er gravlagt på Nørve Gravlund.  

Petrine Ingeborg Anna f. 8.9.1870. Heime i 1891. Petrine får 30.10.1890 Inger Anna Emelie med ungkar Elias Eriksen Rekdal f. 1871. Dette må være den Bendik Elias Eriksen Reknestangen som ho blir gift med 12.11.1893 i Fiksdal. Det ser ut som om han berre brukar Elias som fornamn. (Midsund III s. 338). Lina Jonasine f. 11.10.1894, døpt i Fiksdal. Så flyttar dei til Ålesund og får Edvin 26.3.1897. Peder 22.10.1900 død 1902. Petra 16.10. 1905. Peder 25.3. 1908. Petrine dør 1942 og Elias i 1950, dei er gravlagt ved Nørve Gravlund Ålesund.

Ingeborg Maria f. 20.2.1873 Gift 1891 med Jørgen Jørgensen Strømme f. 1856 frå Vågstranda, der dei budde. Barna med fødselsdato henta frå dåpsinnførsel: Jørgen Alfred f. 18.4.1893. Elias Ludolf f. 22.12.1894. Sigvald Matias f. 15.4.1897. John Ingvald f. 23.5.1899 død som spedbarn. Anna f. 21.3. 1900. John Ingvald f. 1.1.1903. Synnøve f. 22.4.1905. Tomas Valter f. 29.10. 1907. Ingeborg Marie f.1.12. 1910. Erling f. 15.7.1912. Sverre Kristian f. 2.12.1915. Ingeborg Maria (mest brukt berre Maria ser det ut for) døde 7.5. 1953, mens mannen Jørgen døde 14.11.1929. Dei er gravlagd på Vågstranda.  

Elen Anna Bergetta Olivia f. 1.2. 1875. Ho får 11.10. 1896 sonen Ole Edvin med Erik Johansen Rekdal (bygdeboka side597, Sø i Myrå). 29.12.1898 blir Elen Anna gift med Laurits Tomas Karlsen Eik, husmannsson frå Eik Vestrefjord. (Vatne II side 631 og 692). Laurits Tomas hadde også dotter Emilie i 1891 med Ingeborg Olsdatter på Sogn-Olaplassen.  Elen Anna og Laurits var frå 1898 til 1913 forpaktarfolk på Bonde-Dryna br. nr. 1. I 1913 kjøper dei så sitt eiget bruk i Drønnesund (Drynjesund) som vart bruk nr. 9 Eikebø. Laurits tar så etternamn Eikebø. (Midsund II side 545). Elen Anna og Laurits fekk først sonen Kornelius f. 5.1.1900 som tar over på Eikebø. Han var gift med Beretina Jonasdatter Bjørnerem (søster til Jørgen som kom på Sogn-Olaplassen). Kornelius sin yngste son Eidhard kom til Tomrefjorden, (Tomrefjordboka side 847). Erling Martin f.7.12.1900 kom til Gangstad br.nr. 9. Laura Eline Pauline f.1905 kom til Vatneødegård Vatne. Kaspara Johanne f. 1907 kom til Gangstad, br.nr. 10. Av hennar barn kom Ragnhild f. 1937 til Nerås, Vestnes, gift med Martin Sandnes (Tomrefjord side 193). Ole Edvin som og fekk etternamn Eikebø kom til Aukra (Gossen) med etterkommarar. Elen Anna død 1950 og Laurits død 1948 er gravlagt ved Søre Midøy gravplass.

Lassina Matea f. 11.7.1877. Heime i 1891. Gift 32.10.1897 med sjømann Edvard Iversen Kvam. Ved folketeljing 1900 er dei i Ålesund og skriv seg då Bjørseth (Bjørsæth). Edvard er ikkje fødd i Ålesund slik det står i bygdeboka, men i Bolsøy i 1970. Lassina (ofte skrevet Larsina) og Edvard hadde gutane Konrad 22.7.1900 og Erling 16.12.1904. Edvard var bryggearbeider i Ålesund. I 1910 bur dei i Bruholmsgt. 29 saman med dei to gutane. Konrad er konfirmert i Ålesund 1914 og Erling i 1919 det er siste spor etter denne familien.  

Kristen Elias f. 9.4. 1882 død 1967. Heime i 1891. Bygdeboka skriv at han reiste som ungkar til Amerika. Men vi finn han som gift i Borgund 27.4.1902 med Oline Bergitte Pedersdatter Rønning frå Hjørundfjord. I vigselinnføringa er det anmerka at han er konfirmert i Akerø (Aukra). Ved ft. 1900 er han lærling i Ålesund hos skreddermester Gerhard Nerås. I 1903 finn vi i emigrasjonslistene for Trondheim at Eline P Rekdal f. 1877 og Kristen Elias Eriksen Rekdal f. 1882, gift skreddar, dei har då oppført Vestnes som bustad og skal til Los Angeles California.  Ved folketeljinga 1910 finn vi på Rønning Hjørundfjord at Oline Rekdal fødd i Hjørundfjord er heimvendt  norskamerikanar som reiste frå Norge i 1902 og kom tilbake 1908, antatt opphaldsstad Ålesund. Ho har tittelen «Skreddermadam» med siste opphaldstad Los Angeles. Med seg har ho sonen Edvard Parker Rekdal oppgitt fødd 5.1.1906.

Så finn vi blant emigrantar over Ålesund 2.5.1912 Lina Bergit P Rekdal som reiser tilbake til California saman med sonen Edvard Parker Rekdal f. 1905. Det ser ut som Olina har amerikanisert namnet sitt frå Olina til Lina. Vi legger også merke til at datoer og årstall varierer i dei forskjellige kjeldene. Dette var vanleg. Det er munnlege overleveringar av personalia eller attester ofte skrevet med heller utydeleg handskrift.

Det ser ut som paret blir skilt i 1908. Kristen gifter seg på nytt med Kristine og dei fikk 2 barn. Gunnar Arthur Ericksen f. 24.jan. 1913 og Einar Leonard Ericksen 12.5.1916. Arthur og Leonard var namna som ble brukt. Kristen gift for 3. gang i 1954. Kristen drev som skredder i LA og hadde skredderforretning med verkstad,  Kristen dør 18 Jul 1967, Santa Monica, Los Angeles, California, USA. Sjå også, lenke: Slektsforum  

Elisabet f. 5.1.1884. Heime i 1891 og 1900. Elisabet tente sikkert ute i Midsundet for ho er konfirmert på Otrøya med adresse Sjøvik i 1898. Ved ft. 1910 tener ho i Dryna hos søstera Elen Anna. Ho har da med seg sonen Oskar Alfred f. 27.6.1909 med far Olaf Olsen Farkvam frå Vågstranda. Olaf er i Amerika står det ved dåpen til Oskar. Og vi fin han som utreist 30.9.1908 da han «hadde været hjemme på besøk». Sonen kom altså om lag 9 månader etter at Olaf reiste, så han viste nok ikkje om at han skulle bli far. Men det har han nok fått greie på. For 19.januar 1912 er han heime og giftar seg med Elisabet i Fiksdal Kyrkje. I 1915 kjøper dei seg gard på Nerås, Vestnes. Det blir til saman 8 barn. Oskar 1909, Eidhard 1913, Kaspar 1915, Anna 1916, Ester 1918, Peder 1920, Selma 1922 og Oddbjørg 1926. Familien er omtalt i Tomrefjordboka side 175. Olaf reiser i følgje emigrasjonslistene over igjen ein tur til Canada i 1927.  Olaf dør i 1969 og Elisabet i 1971. Dei er gravlagt på Vestnes kirkegard.

Erik sine barn før ekteskap:

Ane Eriksdatter f. 18.7.1858 med Marit Iversdatter Stokkeland. Ved dåpen har Ane fått adresse Uhren. Det må være Ane som bur saman med faren Erik og Lovise på Rekdal ved folketeljinga i 1865. Det står «deres barn 8 år» men som vi veit fekk dei ikkje noko barn saman så tidleg som i 1858. Og ingen anna Ane Eriksdatter født i Vestnes prestegjeld i aktuell periode som dette kan vare. Bygdeboka skriv at det er uvisst kvar Ane vart av, men i Tresfjordboka skrevet 4 år tidlegare skriv same forfattar om ho der (side 633) Ane vart gift 1887 med Lars Hansen Nerem i 1887. Dei er husmandsfolk på Nerem i 1900 med barna Olivia f. 1888 og Hans Edvard f. 1895. Olivia kjøper plassen på Nerem og fekk 4 barn. Hans Edvard reiste til Amerika. 

Barna til Skreddar-Erik før ekteskap:

Kristen Matias f. 26.12.1860 er døypt i Vestnes og har Marit Sivertsdatter Hovdenakk som mor. Ved ft. 1865 finn vi mor og barn på Tautra i Romsdalsfjorden der ho er tenestepike med oppgitt alder 27 år.  Kristen Matias giftar seg i Bud måndag 16.mars 1885 med Marit Paulsdatter f. 23.11.1861. Faren Paul Iversen er da strandsitter og blikkenslager. Mora heter Rønnaug Hansdatter. Marit var døypt i Sel i Vågå Oppland.

Eg siterer frå bygdeboka: «Lovises ættermæle blant kjerringane på gara vart: «Ikkje noko tess å stelle» og forfattaren legger til; Men ein skare kvikke og pene døtrer hadde ho». Ligg det ikkje ein eim av misunnelse her…  Å oppdra 10 barn som kom seg ut og klarte seg veldig bra på ein liten husmannsplass med mann som var opptatt av skreddararbeid måtte da krevje sitt. Stell av kyr, sau og gjeit, dyrking av bygg, havre og potet var noko av gjeremåla. At alt ikkje til ein kvar tid var strøkent måtte en vel kunne vente. Det såg nok ikkje så fint og ryddig ut som hos kvinnene på hovedbruka «Nord på Gar`a» med innleidde både tenestetause og tenestdrengar.   

Rundt 70 barnebarn vart det altså på Erik og Lovise!  Men ingen av dei vart verande i Sanktssvora som etter kvart vart lagt øde.

2. Martinus Knutsen Tomren f. 1863 død 1938.

Marinus giftar 1886 seg med Kristianna Eriksdatter f. 27.3.1866 som var den tredje av Sanktsvordøtrene. Martinus kom frå Stor-Tomren, bruk 7 Teigan (Tomrefjordboka side 644) med far frå Hansgarden Tomren, same bok side 629.  Martinus og Kristianna budde for det aller meste i Fiksdal, sjå bygdeboka side 282. Dei 9 barna er også tatt med der. Men et par år rundt 1910 budde familien i Sanktsvora. Og dei er talt der, lenke: Ft. 1910 med 5 barn. Sonen Anders, «som datt utfor ein hammar og slo seg ihel oppi Nakkja» i 1910 har ikkje oppført dødsårsak i kirkeboka, men det er opplyst om at han døde på Molde Sjukehus 26.6.1910. Vi tar også med her om barna til Martinus og Kristianna: 2. Lovise Ingeborg Johanne se Vatne II side 86. Et av barnebarna hennar, Roger Aakernes vart gift til Rekdal, bygdeboka side 560. Roger har gjort et stort arbeid med kartlegging av krigsminna på Øygarden frå 2. verdskrig der Sanktsvora var sentral med kanonstillingar og vaktpostar. Se, lenke: Stutzpunkt Rekdal.  6. Kristianna finn vi att på Raknes (Midsund III side 512). 

 

 

 

 

 

RØSTINN  bygdeboka side 617.

1. Ole Larsen Hellbostad f. 1803 død 1863

Ole var døypt 11. mai 1807 i Sunnylven med foreldre Lars Larsen og Ragnild Rasmusdtr. Hellebostad. Han gifter seg i Sunnylven 22.6. 1834 med Inger Maria Olsdatter f. 1812 død 1895, af Holmen Stranden Prestegield, altså Stordalsholmen. Når dei giftar seg er Ole inderst på Hellebustad. Inger finn vi døypt 1. januar 1813, altså fødd i slutten av 1812.

Når det gjelder framstillinga av denne familien i bygdeboka, så er eg sterkt ueinig av denne. Slik presentasjon utan motførestillingar er ikkje riktig i ei truverdig historiebok, og eg tek meg friheit til å gjere meg nokre betraktningar. I bygdeboka blir det tatt for gitt alt som blir fortalt av eit menneske født 1877, altså om lag 45 år etter at hendelsene ho fortel om startar. Historia er fortalt av Lovise Sofie Olsdatter som vaks opp på naboplassen, Karolesplassen på Hagara (bygdeboka side 626), Forfattaren kallar ho «Sagva-Lovise» då ho var gift på Sagvollen Fiksdal. Går ein etter i kirkebøker og eigedomstilhøva inne i Holmebygda i Stordal så ser ein og at ikkje alt stemmer. Forteljinga kan vel og vare prega av litt rivalisering mellom Hagarden og Røsten ute på Øygardsområdet. Begge familiane hadde tilknyting til Holmen. Bestemor til forteljaren Lovise var ho Karoline (Martha Caroline) som kom frå ein liten husmannsplass, Smiholmen under Holmen. Inger Maria derimot vaks opp som dotter av handelsmannen på Holmen, Ole Pedersen frå Dyrkorn og hustru Christiane Jonsdatter Holmehals. Så oppveksten til Inger på handelsstaden Stordalsholmen var nok litt annleis enn Karoline sin oppvekst på husmannsplassen.

Bygdeboka ser også ut til å rote saman bruka på Holmegardane. «Aust-Holma» som det blir snakka om er eit namn som ikkje eksisterer. Her har nok forfattaren feilaktig gjort det som stordalingar uttaler mest som «Østhølmen» til nynorsk Aust-Holmen»  Det riktige er for denne garden Øvste Holmen eller Holmehals, ein gard som ligg 300 meter oppe i fjellsida! Og det var ikkje på Øvste Holmen/Holmehals det braut ut sjukdom, men på handelsstaden Holmen. «Forråtnelsesfeber står det i kirkeboka. Det er det som i dag kallast Tyfoid feber (tidligare tyfus). Inger Maria og dei to yngste brørne, Ole Elias og Johannes (ikkje Ole Johan som det står i bygdeboka) overlevde.

Ole Pedersen, far til Inger Maria eigde både Holmen og Holmehals. Men når dei tre yngste barna, Inger Marie 20 år, Ole-Elias 19 år og Johannes 14 år blir sittande att så blir begge gardane selt på auksjon. Ein må vel rekne med at litt pengar vart igjen etter at dei miste gardane. At dette var pengar etter ein av dei døde sonene gjømt i ei strømpe kjøper eg ikkje heilt. Det oppstår lett rykte og det som blir sagt eit par generasjonar seinare kan vi ikkje alltid stole på. Men det var i alle fall slik at Holmehals (Øvste-Holmen) vart kjøpt tilbake i Ole-Elias sitt namn tre år etter at foreldra døde. Inger Maria hadde altså blitt gift med Ole frå Sunnylven og dei flytta nok hit rundt denne tid for å drive garden på Holmehals. Når eldste sonen Ole Kristian er døypt i Sunnylven er Ole inderst på Hellebostad. Men når dottera Lovise Regine Marta (Sanktsvora) er døypt i 1837 så er Ole kalla gardbrukar på Holmehals, og det er han og når barn nr. 7 Johan Bendik er døypt i 1848. Det kan vel hende at Ole og Inger Maria førte seg litt annleis enn småbrukarar flest, Inger Maria var jo av «god stand», dotter til eigaren på handelsstaden. Men var det slik at dei vart kjeppjaga frå Holmehals? Noko sannheit er det nok i forteljinga. Garden sto i broren Ole-Elias sitt namn og han og broren Johannes budde nok på garden og dreiv han saman med søster og mann. Myndigrettsalderen var 25 år og før den tid måtte ein ha ein myndig person til å disponere over det ein eigde. Det kunne nok bli ueinigheit om kva som var ditt og mitt. Når så Ole-Elias vart far i 1849 og gifta seg ikkje lenge etterpå med barnemora vart det kanskje skikkeleg ugreie og Ole og Inger Maria vart pressa ut. Folkesnakk vart det av slikt, og så heilt uvanleg var det vel ikkje heller at innflyttaren var den som sto laglegast til for hugg. . Det var på denne tid Ole og Inger Maria med 6 barn dukka opp på Rekdal. Sjå om folket i Stordalsoga band II side 391 og side 399. Forfattar av Stordalssoga II skriv at det var dottera i huset Inger Maria som fortel til Olav Rekdal, men det er altså feil som det går fram av innleiinga.

Er så historia om Ole og salet av Rekdalshesten sann… Bygdebokforfattaren høyrde nok historia ein generasjon eller to etter at ho skulle ha hendt og munnlege forteljingar har ein tendens til å klake på seg. Men ei fornøyeleg historie er det, så kvifor ikkje.

Barna til Ole og Inger Maria.

1. Ole Kristian født i Sunnylven 15.9.1834, sjå neste brukar.

2. Lovise Regine Marta f. 1837 i Stordal, sjå Sanktsvora framanfor.

3. Peter Olaus f. 7.februar 1838 i Stordal. Bur heime og er «Løskarl gaar på dagarbeide»  står det om han i 1865. Peter Olaus omkom 9. desember 1868 mellom Rekdal og Dryna, ble funnet igjen og gravlagt i Fiksdal står det i kirkeboka.   

4. Karl Andreas f. 1841 i Stordal og døde som spedbarn, heimedøypt.

5. Anna Maria f. 9. april 1841 i Stordal. I 1865 er ho ugift og hjelper sin mor med å drive plassen. 1. februar 1865 får ho sonen a) Ole Edvard der far er oppgitt til Anders Bergersen Vossing (ukjent). Ole Edvard blir heimedøpt 4. februar 1865 og dør 6.februar 1865. Ane Maria får 18.september 1866 dottera b) Olina Elisabet med far Lars Eriksen Rekdal frå Hansgarden som seinare blir Lars på Larsgjerde. Den 25.3.1873 får Anna Maria sitt tredje «uekte» barn c) Peder Elias. Far blir oppgitt til å vare Mads Pedersen Fiksdal, men Mads blir rettsleg frikjent og namnet hans er overstreka i kirkeboka. Ved ft. 1875 er Anna Maria heime i Røsten saman med dei to barna sine og livnærer seg av «spinding, veving og syarbeide». Så 10.8. 1879 kjem 4. barnet d) Ane Petrine Gunelie og far er oppgitt til Rasmus Hanssen Rekdal. Einaste Rasmus Hansen eg finn er Rasmus på Elvebakken (bb. side 461) som kom til Frostad Tomrefjord. Om Rasmus H. var far til Ane Petrine ville han vare 17 år då han vart far.  ved ft. 1900 har Anna Maria komme til Helland i Vatne. Der bor ho hos dottera b) Olina som har blitt gift med Karl Pedersen Helland (Vatne I side 533). Også dottera d) Ane Petrina bor der som sypige. d) Ane Petrina blir i 1902 viet i Borgund med Peder Eliassen Flisnes, dei har 4 barn i 1910. c) Peder Elias som vart «Bakar-Peder» kom til Gangstad på Midøya. Gift med Karen Anna Sivertsdtr. Gangstad. (Vatne II side 747, Midsund II side 471). Peder er skrevet Madsen i bygdebøkene sjølv om det når han gifter seg i Vatne i 1898 er skrevet at attest frå soknepresten i Vestnes bekreftar at Mads Fiksdal er frikjent frå farskapet. Peder tar etternamnet Lillebø. Peder og Karen Anna fekk 3 barn der 2 lever opp. Anne Maria som etter kvart skriv seg berre Marie er også hos dottera på Helland i 1910.   

6. Ole Elias fødd 24.3.1845 i Stordal fekk seg til slutt egen plass. Les om han der under Ol-Eljasplassen side 623. 

7. Johan Bendik f. 17. mai 1848 i Stordal. Han gifter seg 29.6. 1873 med Erika Trondsdtr. Sjøvik Midsund. (Sjå Midsund II side 418). Erika var eldst av ein søskenflokk på 5 og ho og Johan tok over plassen etter faren hennar. Så var altså ulykka ute i den 3. februar 1888. På veg frå Dryna drukna han ved Høgsetneset. «Omkom paa Søen som følgje av Drukkenskab, men gjenfundet i Fjæren», står det i kirkebøkene. Johan Bendik og Erika hadde barna: a) Ole Thomas f. 26.9.1873. hadde en son med Serianna Aretsdatter Løvold (Tomrefjord side 545). Ole Thomas gift og busett Rakvåg. b) Elen Marie f.1876. kom til Nerås Vestnes (Tomrefjord side 159. c) Peder Elias f. 5.8. 1878 gift og busett Raknes. d) Hans Peder f. 22.10.1880 kom til Oslo. e) Johanne Emilie f. 31.5.1883. Det er kanskje ho som i bygdeboka er «Ei søster blei bortsett åt Valldala, vart godt gift», «etter Sagva-Lovise». Johanne Emelie tener i Ålesund år 1900, vart gift 1903 med Iver Opstad frå Otrøya, han var kontorist og dei budde i  Ålesund.  f) Lars Karl f. 21.9.1885. Fekk en son med Marta Marie Kristendtr. Lid (Tomrefjord side 453). Lars Karl gift og busett i Ålesund. 

Nokre få månader etter Johan Bendiks død har det komme nye brukarar i Sjøvika. Kona Erika er husholderske på Opstad ved ft.1900 og hos dotter Elen Marie på Nerås i 1910, ho skal ha flytta til borna i Ålesund, død 1937.

8. Rasmus Elias f. 1852, døde 21.11. 9 dagar gamal. Han var den einaste av barna fødd på Rekdal.

Ole frå Hellbostad dør 14. november 1863 og kone Inger Maria Holmen Rekdal dør 4. februar 1895.

2. Ole Kristian Olsen Rekdal f. 5.9.1834 død 20.9. 1913. Ft. 1891 husliste 6, lenke.

Ole Kristian var altså om lag 18 år når han kom saman med foreldra til Rekdal. Det ser ut som om dei hadde god kontakt over til andre sida av Midfjorden folket på Øygarden, slik også med Ole Kristian som 19. mai 1879 giftar seg med Erika Nilsdatter Midsundholm f. 8.8.1848. Bryllupet var på Otrøya med vigsle i nye Otrøy Kyrkje. Erika var tante til Johan Andreas Holm med mor frå Tomrefjord som kom til Nerås.(Midsund II side 139, Tomrefjord side 719 og183). Erika og Ole Kristian fekk berre dottera Elen (Sjå neste brukar). Men Ole-Kristian hadde to barn før ekteskap. Olianna f. 27.5 1868 og Peter Olaus 11.8.1872. Olianna dør 19 år gamal på Otrøya 1.5.1887. Petter Olaus, sjå bygdeboka side 602.

I tillegg til den greie oppsummeringa om Ole Kristian og familie i bygdeboka nemner vi og at han skulle ha drepe den siste ulven i distriktet her. Les om dette under Rekdalsøygarden, lenke «Den siste gråbein».

3. Peder Pedersen Rekdal f. 1876

Peder, eller Pe på Sanda som han vart heitande blant bygdefolket giftar seg 1903 med Elen Olsdatter Rekdal. f. 1879. ved folketeljing 1910 bur dei her saman med Elen sine foreldre og dei tre barna. Familien budde her til om lag 1921 då dei kjøpte Inste Sanden. Familien er omtala der, bygdeboka side 557. Vi tar med her litt om barna:

Borgny Elvira f.9.6. 1905 død 2002, gift med Einar Bjerkevoll, bygdeboka side 569.

Inga Oline f. 23.7.1908 død 2003, gift med Elias Bakken f. 1907, sjå bygdeboka Rekdalsbakken side 472. Bygdeboka (side557) seier at «Elias fekk eit stykke utu farfarens gard på Ulvestadbakkå Vatne». Det er nok litt upresist. Inga og Elias kom til Ulvestad br. nr 3 Holane. Vatne II side 266/67 og side 234.

Peder Konrad (Per på Sanda) f. 29.4. 1910 død 1986. Han tok over etter faren på Sanda, sjå der side 558.

 

Øygardsneset- Breinnj-Ola-Plassen Bygdeboka side 621

1. Erik Olsen Helland f. 1807 - død 12.5.1856.  Bb Vatne I side 518.

Fødselsdato til Erik har vi ikkje, men han var døypt 26. april 1807 i Vatne kyrkje. Vi ser ved dåpen at 3 av fadderne er søsken til mora Else Pedersdatter frå Rekdal. Erik var eldst av barna på Helland og var vel då den som skulle ta over bruket der. Men slik gjekk det altså ikkje. Han kom først til Fiksdalstrand i Fiksdal der han kjøpte halve Strandagarden i 1843. Bygdeboka side 152. Ein grunn til at han kom på Fiksdalstranda kan vare at mormora til Erik var derifrå. Erik giftar seg i Vestnes kirke 30.6. 1844 med Anne Pedersdatter Øverås, f. 20.april 1811. død som fattiglem 20.1.1898. Se også bygdebok Tomrefjord side 76.  Barna til Erik og Anne:

Else Marta f. 4.9.1845. døypt 2.nov. i Vestnes kirke. Har ikkje funnet henne konfirmert eller død. Heller ikkje i folketeljingar.

Peder Elias f. 1852 gift 27.6.1881 m. Eliabet Kristine Birgitte Pedersdtr. Helland f. 1847. Dei var søskenbarn. Peder er ført som plassmann Rekdal både når han blir gift i Vatnekirka 27.6. 1881 og når han dør (begravet  Fiksdal) 1.oktober 1881 vel 3 mnd. etter vigsla. Peder må ha drevet plassen her saman med stefaren, om kona og barn sjå under bruker nr. 3.

2. Ola Olsen Brendholm f. 7.4.1824, Hustad Bud Prgj. død 23.7. 1905. Lenke Ft. 1891, husliste 5.   

Ola frå Bud gifta seg altså med enka på plassen her Anne Pedersdtr. den 17. juli 1859. Foreldra til Ole var Ole Olsen Brennholm og Andrine Jensdtr. Ved folketelling 1900 finn vi Ola Brendholm som legdslem på «Steinavika» Vikebukt. Ola er ført som fattiglem når han dør. Han er gravlagd i Fiksdal.

3. Arne Elias Olsen Helland  f. 8.1.1854 død 29.11. 1918 Bygdebok Vatne side 530.

Arne gift seg Elisabet Kristine Birgitte Pedersdtr. f. 16.5.1847 død 5.2.1897 frå Helland, omtala ovanfor, enka etter Peder son til bruker nr. 1 på plassen her.  Arne kom altså frå Helland i Vatne. Foreldra var Ole Arnesen og Dorothe Petrine Didriksdatter frå Krogseter. Bygdeboka skriv: «Både Lisabet og Arne på Nesa av Kristenslekta som kom til Helland og vissnok søskenbarn». Men det er ikkje riktig, som skrevet ovanfor var det Elisabet og første mannen som var søskenbarn. Arne sin farmor Ingelev Einarsdtr kom frå Byrkjevoll, Vestrefjord og om hennar slekt finn du i Vatne II side 594. Hennar slekt er omtala under Anne Johansdatter (lenke). Når Elisabet dør giftar Arne seg på nytt i 1897 med Petrine Larsdtr Frostad, Tomrefjord og flyttar dit. Tomrefjordboka side 833.  Arne sitt einaste barn Peder Olaf Andreas fødd 5.9.1887 og 10 år gamal flyttar med. Peder er ført utflytta som emigrant over Ålesund 2.5.1906 med reisemål Quebeck.

Elisabet sitt barn før ekteskap:

Petrine Regine Karoline fødd 22.9 1873, døpt i Borgund med far Joakim Nilsen Sørnes (20 år). Petrina skriv seg «Stor-Nørve» ved folketeljinga 1891. Ho giftar seg med Petter Olaus Olsen, (bygdeboka, Birkeland side 602 og ovanfor, dør barnlaus 7.10.1903.

Det ser ut som om bygdeboka surrar litt her. Den snakkar om Elisabet sine barn frå første ekteskap. Peder og Ingeleiv. Vi veit at Elisabet sitt første ekteskap var berre om lag tre månader. Gift 27.6.1881 og Peder død 1.okt. 1881. Det er ikkje 2 barn i dette ekteskapet. Peder som er nemnt og skal ha reist til Amerika må vare Peder Olaf Andreas frå 2. ekteskap. Ingeleiv finnes ikkje døypt i denne perioden korkje i Fiksdal eller Vatne. Finn ho eller ikkje død. Nokon Peder eller Ingeleiv med far Peder er heller ikkje med i ft. 1891.

 

Øygardsneset – Øvre. Bygdeboka side 622.

 1. Hans Hanssen Frostad.  f. 9. februar 1827, død 18.1. 1888

Bygdeboka gir far til Hans namnet Hans Jakobsen Frostad. Her meiner eg (og skriftsekspertar) det må vare ei feiltolking. Og at namnet er Hans Rasmussen Frostad (Nedre Frostad i klokkarboka). Hans Rasmussen er omtalt i bygdebok for Tomrefjord side 749. Han er da mest truleg den Hans Rasmusen som er garnisonssoldat på Aas i Vestnes 1801, fødd ca. 1780.  Denne «Hans Rasmussen frå Skavnesbakkå» som bygdeboka for Tomrefjord kallar han (Skavnesbakken låg under Aas) vart gift i 1811 med ei Lisbet Larsdatter Nedre Frostad f. 1774. Dei fekk ikkje barn saman. Hans har så prøvd den yngre jenta Else Andersdatter frå Gjerde fødd 1798 (Tomrefjord s. 509) og det med godt resultat. Else sin far kom frå Kristengarden på Rekdal.

Hans gifter seg 19.11. 1854 med Birgitte Jonsdatter Hegdalsvik f. i april 1815 som da er 39 år gamal når dei giftar seg.  Faren var Jon Pedersen Heggdalsvik. Kven mora var er meir usikkert. Ved konfirmasjonen i 1831 i Aukra står det Ane oppført som mor. Umogeleg er det ikkje at det kan vare Ane Åmunddatter som var dotter til tidlegare bygselsmannen på Vikaneset Heggdalsvik f. ca. 1780. (Midsund I side 400). Ho kan ha fått Birgitte i 1815 og død mellom 1815 og 1817 da kirkebøker for Aukra manglar.

Hans og Birgitte fekk ikkje barn, men frå før hadde Birgitte sonen Knut Andreas f. 1838 med Andreas Knutsen Heggdal. (Midsund I side 429) Han kom på Knutplassen i Strupen. Sjå ovanfor og bygdeboka side 611. Birgitte hadde og ein gut Johan i 1842 med far Jakob Johansen Lyngvær. Johan døde 4 ½ år gamal av strupehoste i 1847. Birgitte kom altså til sist i andre enden av bygda der ho dør 9.4. 1900. (Bygdeboka side 582).

 

OL-Eljasplassen. Bygdeboka side 623.

1. Ole Elias Olsen Rekdal f. 24.3.1844 i Stordal.

Ikkje så mykje å legge til om Ole utanom det som er fortalt i bygdeboka, både under stykket om Ol-Eljas og under andre plasser her ute. Ved folketeljing 1910 er han kalla eneboer og driv med jordbruk og fiskeri. Når han døde er også uviss. Han er ikkje funnet død/begravet i i kirkebøkene for Fiksdal eller Vestnes i perioden 1910-1935.

Har samla litt om det som er fortalt om Ol-Eljas i et stykke under «Rekdaløygarden, lenke.

 

Storteigen Brnr. 18 og 19Ft.1891 Husliste 4. lenke.

1. Johan Iver Jakobsen Brune f. 1.8.1849 Skodje  

Johan Iver var frå garden Brune, Engesetdalen Skodje med foreldre Jakob Johannesen og Brite Knutsdatter. (Skodje 2 side 563). Han gifter seg i Vatne 4. juli 1875 med Stina Bertine Martinusdatter f. 5.1. 1847. Ho var frå Langset Vestrefjord, dotter til Martinus Eriksen og Petrine Oline Størkersdatter. (Vatne II side 493 og 505). Første åra etter at dei var gift budde familien på Langset under br.nr. 2. Når dottera Berte Johanne Petrine er døpt 1876 er Johan kalla inderst der. Men allereie i juni 1877 er dei i KB for Vatne ført utflytta til Rekdal med dei 2 eldste døtrene og Stine sin gut Ole Mathias. Attest av 28.12.1877. Altså nesten 5 år før dei er ført innflytta i Vestnes.

Johan med den store barneflokken har nok hatt økonomiske vanskar for i 1891 er han ført som delvis understøtta av fattigvesenet. Johan gjorde krav på farsgarden på Brune og fekk bygsel på denne i 1897. Dei hadde då kanskje budd der nokre år, for den førre brukaren flyttar ut i 1893 og Johan hadde betalt for seg i fleire år då han får bygsel frå Skodje kommune (etter Skodje 2 s. 564).

Familien er på Brune i 1900 med barna Karl, Emelie, Berte og barnebarnet Jenny Andreasdtr f. 21.2.1900 i Skodje. I 1910 har dei flytta frå Skodje til Ålesund, Keiser Wilhelmsgt, Johan arbeider då som bryggearbeider. Saman med foreldra bur også dotter Emelie oppgitt fødd 4.5.1890 og barnebarnet Jenny som da er oppført som deira dotter.  Det er også sagt at Johan og Stina reiste til Amerika. Men det stemmer ikke Johan dør i Ålesund i 1912 og Stina i 1918. Ved begge innføringene så er dødsårsak lungebetennelse. 

Barna:  

a) Ole Mathias Eriksen f. 17.12.1870 Vatne. Stina sitt barn før ekteskap med «Erik Brækken fra Nesset prestegjeld». også i 1891 er han hos morbroren Elias på Rekdalshagarden. Finn han ikkje i seinare folketellingar. Skal ha emigrert til Amerika.

b) Berte Johanne Petrine f. 31.12. 1875, døpt i Vatne. Berte Johanne Petrine er konfirmert i Sør-Aukra (Otrøya) 1890. I 1891 er ho heime på Hagarden. I 1901 er ho ført i emigrasjonsprotokollen for Ålesund med reisemål Dakota. Saman med henne reiser søstera Josefine.

c) Berte Marta f. 2.10. 1877 Vatne. Også Berte Marta er konfirmert på Otrøya, 1892. Ho har da tilhald i Midsund. 21.2.1900 får Berte Marta en dotter døpt Jenny Sofie Amalie i Skodje med far ungkar Andreas Evensen Finnø (Romsdal). Berte og dottera er registrert på Skodje saman med foreldra i 1900. Ho reiser saman med broren Karl Johan frå Trondheim med reisemål Portland Oregon i 1904.

d) Karen Lisa f. 3.1.1880 døpt i Fiksdal. Ved ft. 1891 finn vi ho på Hagarden saman med foreldra. Også den 3. Johandottera er konfirmert på andre siden av fjorden, på Otrøya i 1894. Men ho har «bopæl Skodje, Brune». Presten gir henne karakteren «temmelig godt».  I 1910 finner vi Karen Brune som husholderske hjå homøopat Hans Nilsen i Ålesund. Der er også en dotter Josefine Iversen f. 26.9.1905. Josefine Emelie er døypt i Ålesund med oppgitt far , gift kvakksalver Hans Iversen busett i Bergen og mor Karen Elise Johannesdtr Brune, tj.pike. Josefine er konfirmert i Ålesund 1920. I følgje bygdebøkene reiste Karen Lise til Amerika.

e) Josefine Petrine f. 9.4.1882, døypt Fiksdal. Josefine er heime hos foreldra på Hagarden Rekdal i 1891. Ho er konfirmert i Skodje1897 med karakter meget god kundskap og flid. Josefine reiser altså til Dakota saman med søstera Berte Johanne Petrine i 1901.

f) Jakob Mathias f. 30.5.1884, døypt i Fiksdal. Hjå foreldra i 1891.  Konfirmert 1899 i Skodje med oppgitt bustad Øye. Karakter meget god og rosverdig. Finner ikkje Jakob i ft. 1900 og 1910. Det er truleg han «Jakob Brune bryggearbeider» som er fadder når søstera døyper sin dotter Josefine i 1905. I følgje bygdeboka for Skodje var Jakob busett i Ålesund.

g) Karl Johan f. 19.12.1886, heimedøypt Rekdal, stadfesta i Fiksdal kyrkje 17.4.1897. På Hagaren Rekdal i 1891, og på Brune Skodje i 1900. Konfirmert Skodje 1901 med Meget godt som karakter. Karl Johan er registrert som emigrant frå Trondheim 19.5.1904 med reisemål Portland Oregon, yrke fisker og reiser saman med søster Berte Marta, dei har billetter betalt i Amerika. Karl Johan skal ha utdanna seg til prest i Amerika. Skulle vare ein god talar som fekk tilnamnet «Ildprofeten frå Østen». han var heime og besøkte gamle traktar i 1933 og 1935 i følgje bygdebok for Skodje.

h) Elias Andreas f. 2.3.1889, heimedøypt og vart berre 2 dagar gamal.

i) Emilie f. 5.5.1890. Var også heimedøypt, stadfesta i Fiksdal kyrkje 29.6.1890. Denne Emelie har ikkje komme med i bygdeboka. Ho er med ved ft. 1891. og ved ft. 1900 i Skodje. Emilie Tomasine er konfirmert i Skodje 1904 og presten gir henne toppkarakter «Særdeles god» i kristendomskunnskap. I 1910 er ho hos foreldra i Ålesund. Ho får gutten Johan som ugift sypike i 1914 med far mekaniker Karl Bakke. Emilie gifter seg 1917 med arbeider Rolf Aakvik i Ålesund, han fra Vefsen. Emilie er gravlagt på Nedre gravlund i Ålesund saman med Rolf Aakvik f. 1895. Emilie dør 22.10.1952. de har barna: Harry 1917, Stein i 1918, Kirsten Margot 1920, Reidar 1921 død samme år. 

 

Karolesplassen på Hagara, bygdeboka side 624. Ft. 1891, husliste 1.

1. Karoles Karlson Vinje Rekdal. døpt 14.7.1816. død 1895.

Karoles kom frå Vinje i Stordal. Foreldre Karl Olsen og Berte Jensdatter frå Hjellereite. (Stordalssoga II s.151). Karoles giftar seg 5. mai 1844 med Marte Karoline Ingebrigtsdatter Holmen døypt 8.3.1818 som dotter av Ingebrigt Monsen og Brite Marte Olsdatter Holmen. Karoles og Marte Karoline tok først over husmannsplassen etter hennar far på Smiholmen (Stordal side 394). Rundt 1857 flytta dei så til Rekdal. Og livet deira er godt skildra i bygdeboka. (Marte) Karolina dør 9.9. 1907. Barna:

Bergitta f. 17.1.1845, Stordal (døypt Elen Bergitta) sjå Knutplassen i Strupå, bygdeboka side 611 og ovanfor.

Gunder Bendik f. 23.5.1847 Stordal – død 18.6.1872. Gunder tener på Akselvold i Midsund i 1856. Han er også i Midsund når han dør 18.6.1872.

Karen Beate f. 1850 Stordal, død 1850

Karen Beate f. 1851 Stordal, død 1852

Ingebrigt Martines f. 17.11. 1854 Stordal, død 1896, tok over plassen.

Ole Bastian f. 1.8. 1858, Rekdal, sjå Oleplassen i Strupå, bygdeboka side 615 og ovanfor. i folketeljing 1891 er han på husliste 2. 

2. (Ingebrigt) Martinus Karulussen Rekdal f. 17.11.1854 i Stordal død 1896.

Martinus hentar kone i Stordal der også bryllupet står 14.juni 1885. Kona heiter Petrina Pettersdatter Nakken f. 2.9.1850. død 19.. Petrine sine foreldre var Petter Andreas Knudsen og Lydianne Olsdatter (Stordal side 335). Barna:

Karolina Gunelia f. 10.8. 1886, heimedøypt og død 11.10. same år.

Karolina Olianna Emilie f. 5.4.1888, Karolina den yngre veks opp. Ho er heimedøypt av naboen Johan Jakobsen. Ho blir blir konfirmert i Vatne i 1903, ho bor da på Eik. Altså nabogarden på andre sida av kommunegrensa som også var grense mellom bispedøma Nidaros og Bjørgvin. Karolina blir gift med Lars Bastian Tomassen Græsdal i Vatne 11. juli 1909. Om Karolina/Karoline og dei 10 barna sjå Vatne II side 544. Eit av barna Ragna kom til Fiksdal, sjå bygdeboka side 230.

Karl Peder f. 2.3.1892, også heimedøypt. Døypt av farfaren Karolus. Karl Peder dør 28.3. knapt 4 veker gamal.

Lovise Sofie, Petrinas barn før ekteskap var fødd i Stordal 16.7.1877. Faren var Ole Severin Larssen Vinje. (Om farslekta se Stordalsoga II side 157). Lovise er heime på «Hagardsplassen» ved ft. 1891. I 1892 er ho på Otrøya og konfirmerar seg. Presten gir «Nesten udmerket godt» i karakter i kristendomskunnskap. Lovise gifter seg 5.6 1898 med Rasmus Trondsen Frostad. Sjå meir om henne og familien i bygdeboka side 183 under Sagvoll Marken.

 

Eljasplassen på Hagara – br.nr. 20. Bygdeboka side 627. 1891 Husliste 3.

1. Per Kristian Nikolaisen Overå f. 1811 død 1906.

Gift med Ingeborg Gurine Eriksdatter Verpesdal frå Norddal f.1798.

Sjå meir om familien i bygdeboka under Hålbakken Innste side 586. (Vil komme meir under rettingar/tillegg Rekdal II).  

2. Elias Martinussen Langset f. 5.2. 1842 død 1917. (Vatne II side 494. Tomrefjord side 713).

Elias var bror til Stina på Storteigen. Han giftar seg 15.7. 1866 i Vatne med Marta Knutsdatter Bjørlykke f. 15.7.1827 døypt Vatne. Foreldre Knut Ellingsen og Marte (Marit) Pedersd. Ho var frå Rekdal, Kristengarden side 482. (sjå om slekta, bruk 4 Berget, Vatne I s. 454).

Familien kjøpte gard i Tomrefjord og flytta dit. Elias si dotter Beret Oline f. 18.3.1863 på Langset i Vatne var med hit. Mora var Berit Marta Andersdatter frå Ramberg, Blø Midsund (Midsund II side 311). Berit døde under fødselen 18.3.1863. Berit Oline vart gift med Mathias Severinsen Tomren, 6 barn og stor etterslekt i Tomrefjord (Tomrefjord side 713). 

-----

Sist endret 17.10.2017. Her er det lett å snuble, skrive feil årstall og datoar. Meld frå om feil og kom gjerne med kommentar og rettingar. Vil dere ha ting endra og ting lagt til så gje beskjed om det. Gjerne tillegg om etterslekt til dei omtalte. Men husk vi er litt forsiktig med omtale om nålevande utan å fått tillatelse til det. 

I serien Gard og slekt Vestnes kommune har det komm ut fire bind. Disse tre er digitalisert:

Fiksdal og Rekdal

Tresfjord I 

Tomrefjord, Øverås, Nerås Har ved henvisning mest kalla den "Tomrefjordboka"

Boka for Skorgenkretsen av Per Bjørn Ellingseter 2010. Sjå her, lenke.

Agnar Skeidsvoll har i tillegg ei bygdebok for Tresfjord.

Bygdebok Tresfjord v/ Agnar Skeidsvol