Rekdal fra Plassen til Hauan med innført bruksnummer og ca. årstall for når der kom folk på de bruk som er omtalt i bygdeboka. Klikk bildet for større bilde.

78 Rekdal fra Plassen til Hålå

Denne sida er om det vi kallar inste del av Rekdal. Vi fylgje inndelinga i bygdeboka. Først Plassen, så vidare gjennom bygda og endar på Hålbakken, Håla og Hauglia. Første heim på br.nr 78 Rekdal utanom de 4 opphavsgardene var Plassen som etter kvart ble brnr. 3. Så i 1820 fekk vi plassen Håla eller Holen som det også er brukt i gamle skrift. Denne plassen grenser mot gard nr. 77 Gjelsten eller Gjelstenlia som har blitt navnet på denne del av garden Gjelsten og som har blitt en del av Rekdalsbygda som naturlig var. Gjelstenlia lenke. 

 

Bruk nr. 3 Plassen  bygdeboka side 512.

 1. Ole Anderssen Rekdal døypt 7. august 1763 i Vestnes kirke. Død 5.2. 1838

Om faren Ole les mer under Kristengarden side 480. Mora Anne Jespersdatter, dette hennar 2. leiarmål står det i kirkeboka. Sjå Tomrefjordboka side 320. Ole Gifter seg 4.9.1796 i Vestnes med Ingelev Hansdtr. Skaar døypt 28.jan.1758, død 9. 6. 1801. Vi ser at Synneve Størkersdtr Skaar er introdusert 26. februar 1758 så vi får stadfesta rette mora. 

Ingelev som var første kona på Plassa var dotter til Synnøve Størkersdtr frå Klokseth (bygdebok Vatne I side 34) og Hans Pedersen Skar opprinneleg frå Tryggestad i Sunnylven (Skodje 2 side 831). At Hans kom frå Tryggestad får vi bekrefta ved forlovelsen. At Ingelev skulle komme frå Barlindhaug i Ørskog som bygdeboka hevder kan eg ikkje sjå kjelde til. Vi finn ho på Skar i Engesetdalen og det blir også bekrefta ved forlovelsen og vigsle i 1796.

Anders gifta seg på nytt 1801/02 med Berit Olsdtr Lervåg døpt 16.1.1765, død 25.4.1819 (Tomrefjordboka side 42). Ole gifter seg for 3. gang 30.6.1820 med Ane Andersdtr. Rekdal døypt 4.3.1787 død ca. 1830. Ane var frå Andersgjerde som da hadde tun på Pilbakkå. Andersgjerde (b.b.side 499).

Barna til Ole, (Ole vart vel som dei fleste på den tida skrevet Ole men kalla Ola):

Med Ingeleiv:

Anders f. 30.mai 1797 og heimedøypt 6.juni, han tok over plassen, sjå under.

Hans f. 17.7.1800, heimedøypt og velsigna i kirka 10. juli. Han døyde 17. nov. same år. Døyde av «Koldesyge» same sjukdom som mora døyde av året etter. Dette skal vare ein febersjukdom der ein også fraus (ble kald), derav namnet ifølge «Den danske ordbog».

Med Berit:

Ingeleiv f. 13.10.1802 heimedøypt. Dør 18. mars 1804.

Knut 1804. Presten skriv at Knut er heimedøypt og fødd 29. april. Men det kan ikkje stemme, då det er den 29. april han er i Vestneskirka og får dåpen stadfesta. Knut kan ikkje vare fødd mange dagar etter at Ingeleiv døde. Men alt 20.juli dør Knut og endå ein gong må Ole på Plassa til Vestnes for å gravlegge eit barn.

Med Ane:

Ane Birgitte født. 3. mai 1825. Ho er konfirmert i Ørskog 1842 og bur då på Giskemo og er omtala i Ørskog Gjennom Tidene side 123. Ho vart gift 21.7.1857 (ikkje 1852!) med Permann Larsen frå Rønneberg i Norddal. Budde på Giskemo. Om barnet Berte sjå Tomrefjordboka side 518.

2. Anders Olsen f. 30.5.1897 død 30.5.1871.

Giftar seg 15. mai 1828 med Marit Larsdatter Talberg f. 15.2.1801 død 20.1.1879. Ho var frå Vågstranda, dotter til Lars Larsen Talberg og Ingeborg Pedersdatter. Ingeborg kom frå Sør-Sylte. (Gard og slekt Tresfjord side 158). Barna:

Ingeleiv f. 24.sept.1823 på Vågstranda. Heimedøypt dåp stadfesta i Veøy kirke. Sjå side 422 Gjelstenlia.

Ingeborg f. 16.2.1830. Til Gjelsten. Sjå bygdeboka side 407.

Ane Olave f. 24.1.1834. Til Dragneset og Vik. Bygdeboka side 435. Tomrefjordboka side 276.

Lassina Birgitte f. 6.4.1839. Gjelsten. Bygdeboka side 405.

Ole. (Skul-Ola) f.9.5.1842. Bygdeboka side 599.

Anders f. 27.2.1848. Til Elvebakken. Bygdeboka side 464.

3. Kristen Kristensen Rekdal f. 1827 død 11.4.1866

gift 1860 med Ane Pedersdatter Gjelsten f. 27.5.1837 død 5.6.1922.

I bygdebok for Vatne II er det sagt at Kristen Kristensen Rekdal kjøpte Hannibalsøya (Løvøya) i 1858. Det blir og skreve at han truleg berre var stråmann for neste kjøpar. Men det stemmer jo ikkje helt med Olav Rekdal sin beskrivelse som sei at Kristen dreiv Hanibalsøya med søstera Ingeborg som «stod føre åt han der». Og det kan stemme med at mannen før ham på øya døyde alt i 1854.

Som vi ser er barna omtala under neste brukar. Men vi tar med her:

1. Kristen f.3.4.1861, sjå bruker nr. 5

2. Marit f.11.3.1863, heimedøypt og dør med det same.

3. Berit f.22.4.1864 kan vi lese om side 320 under Søberg Fiksdal. Ved ft.1891 bor ho heime hos mor og stefar saman med sonen Bernhard som da er ført som pleiebarn i familien.

4. Kristianna Birgitte 27.8.1866.kom til Neråssetra (Tomrefjordboka side 170). Mannen Ole Johan Pedersen Klauset var onkel (morbror) til Beret Anna Klauset gift Bjørnerem som kom til Strupen Rekdal.

4. Ola Johansen Gjelsten Rekdal f.13.2.1837 død 9.11.1919 (lenke: ft. 1891, husliste 31.s.4587).

gift 23.5.1869 med enke Ane Pedersdatter.

Barna til Ane og Ola, nummerering som i bygdeboka.

5. Peder f. 22.6.1869, reiser fra Ålesund 28.4.1892 med reisemål Washington med tittel ugift skreddar.

6. Johan, tvilling f.23.6. 1869, vi merkar oss at han er fødd ein dag etter broren. Til Søberg Fiksdal, sjå side 319 i bygdeboka.

7. Marit Ingeranna f. 26.8. 1871. Ved ft. 1910 må det være ho som er ført som Margit Rækdal hos Fredrik Bennet i Bergen.

8. Syvert.f.17.2.1874. Ved ft. 1910 er han ført som skogsarbeidar på Hagen Fiksdal hos Anders P. Gjelsten. Gift skogsarbeider (overstrøket merknad, Amerika 3 aar) Antatt opphaldsstad Vashingt. St. På Hagen bor også kona Olluffine f. Aalesund 29.3.1876 og Oluf f. 1904 og Obert f. 1905. Sigurd Osvald den 3. sonen er fødd i Fiksdal 10.4.1907 er ikkje med der ved ft. 1910, men vi finn han konfirmert 1922 i Ålesund. Han bur då saman med foreldre i Molov. 14, faren Syvert er då fiskar.

9. Gjertrud Anna f. 27.12.1876 død 28.1.1887 av difteri.  

10. Olaf f.19.7.1880, er ved ft.1910 i Sarpsborg ført som underoffiser og elektrisk montør. Han dør 1964 og er gravlagd i Ski Akershus saman med kone Gunda.

5. Kristen Kristensen Rekdal f. 3.4.1861- død 2.8.1927

gift 6. nov. 1893 med Olianna Olsdatter Gjelstenli, 24.2. 1866 død 3.2.1949.

1. Kristen f. 21.9.1894 finn vi i ft 1910 i Volda. Var mellom anna aktiv i Romsdal Mållag som vi kan lese om i årskrift for Romsdal sogelag 1989. Han gifta seg 26.6.1927 med Tora Andersdtr. Sand frå Remmem Vestnes. Tora var dotter av amtskolebestyrer Anders Sand frå Malvik og hustru Sissel Kristine Hansdtr. f. Bjering. Tora er gravlagt på Vestnes. Kristen er gravlagd i Fiksdal, død 25.5.1933

2. Emma f. 17.12.1896 død 27.8.1988. Om Emma se Midsund II side 199. Mannen Sverre var fødd i Kinn i 1897, død 1959. Emma er gravlagt i Fiksdal.

3. Olav blir neste brukar på Plassa.

 

6. Olav Kristensen Rekdal f. 15.4.1899 død 19.4.1981

gift 1938 m. Elthie Hoel f. 26.4.1912 død 28.10.2002 og gravlagt i Sunndal.

7. Sigurd Olavsen Rekdal f. 1946.

I dag er bruksnr 78/3 delt med Huset på Ørnetua («slottet») stående på br. nr 146 der Sigurd eig og bur i 2017.

Det opprinnelege br. 3 solgt til

8. Line Karin Alvestad og Viggo Steffenak. Dei dreiv bruket som hobbybruk med hester.

Dei kjøpte og budde på br. nr 109, ei tomt utskilt til Terje Rekdal (Trondgjerde) som bygde hus og budde der til han tok over «gamlehuset» på Trondgjerde. I 2015 sel dei både br. nr. 3 og 109 til   

Kjell Arve Risvik Han har starta med hundepensjonat i løa på hovudbruket. Han bor på br. nr. 109. 

 

Sist endra 21.10. 2017. Mer om dei andre bruka vil kome litt etter litt her. Meld frå om feil og eventuelle tillegg du vil ha med. 

Hauan og Hålbakken, Haugli og Hålå

Håla og Hålbakken fra skiftingselva til grensa for Gjelstenlia (Gjelsten).