18. mar, 2021

Spanskesjuka i vårt område, ein pandemien for vel 100 år sidan

 

Pandemier er ikkje noko nytt. Då mine foreldre var barn ramma spanskesjuka heile verda. I Møre og Romsdal reknar ein med at om lag 1000 mennesker døde av sjukdommen. Så langt i dagens pandemi (mars 2021) finn eg at det er to eldre personer som er død av koronaviruset i vårt fylke.

Ser ein i dei lokale kyrkjebøkene i det som i dag er Vestnes kommune så var det hausten 1918 som var verst. Då finn eg 15 personar som er død etter å ha hatt «Spanskesygen».  Og det er ungdomen som blir hardast ramma. Fiksdal Sokn kjem best ut av det. Her finn vi spanskesjuka berre nemnt ein gong, og det er ei eldre kvinne på 77 år der dødsårsak er spanskesjuke med spørsmålsteikn etter.

I bygdene som høyrte til Vestneskyrkja var det 7 dødsfall. 6 av desse var under 30 år. Og deriblant var det 3 barn på 2, 4 og 6 år.

I Tresfjord følgde dei 4 ungdomar til grava denne hausten. 3 jenter og ein gut frå 19 til 22 år gamle. I tillegg var det tre eldre personar som døde av sjuka.

I kyrkjeboka for Vågstranda finn eg ikkje dødsfall knytt til spanskesjuka.

Dei to kommunane som slekta mi var mest knytt til var kommunane som den gang heitte Vatne og Sør-Aukra.  I Vatne har presten ført inn 9 døde. Eit barn på 1 år og 6 unge i alderen 20 til 30 år samt to i sin beste alder på 41 og 43 år.

I Sør-Aukra (Gamle Midsund kommune unntatt Dryna og den delen av Midøya som høyrte til Vatne) var det ifølge klokkarboka 8 dødsfall relatert til Spanskesjuka. 7 av desse var under 30 år.  

Vi skjønar at dei fleste familiar og nabolag hadde nokon dei mista. «Gomor i Strupå» (mormor) kom frå Klauset på Otrøya. Ho hadde ei søster Ane Matea som gifta seg med Anton frå nabogarden Sør-Hegdal 8 august i 1918. Tre månader seinare den 1. desember er ho ført som død. Spanskesjuka hadde tatt ho. Grandtante Ane Matea vart 22 år. I 1913 var ho fadder på mor.

Som vi ser så ramma pandemien oss langt hardare den gongen. Mykje av det kjem nok av at vi hadde eit langt anna helsevesen. I heile fylket var det 43 legar. Og få var det plass til på sjukehus. Eit anna moment er det nok at ein viste lite om smittevegane. Folk budde trongt og reinsemd var heller ikkje slik som i dag.

Ein interessant artikkel om Spanskesjuka i Møre og Romsdal finn eg i Sunnmørsposten.

Bildet (frå Midsund II) viser Skjæret på Klauset der Bestemor Beret Anna og grandtante Ane Matea kom frå. Har nokon bilde av Ane Matea som døde av spanskesjuka?