23. jun, 2018

Jonsokaftan 23. juni 2018

Etter ein forsommar med tørke og mykje sol har vi igjen komme i vanleg gjenge her i Nordvest med regn og temperaturar på det normale. Det var så tørt at det spøkte stygt for jonsokbålet i år, men slik vart det heldigvis ikkje. Jonsok og midtsommar forbind vi med fest og hyggeleg lag ut i dei seine timar. Slik var det nok også i gamle dagar. Ja kanskje var det rundt jonsok at han «Sogn-Eirik» spela i bryllaupet der han måtte gå litt hardt til verks.

Det har seg nemleg slik at eg nyleg fekk sendt bilde av eit avisutklipp frå Nationen 7. august 1926. Der er det ein artikkel av Hans Aarnes der han skriv om sogningane som slo seg ned i det som vart «Sognebygda» på Rekdal. «Daa Romsdalen var like god som Amerika». Hans har hatt seg ein lang prat med «Sogn-Ola» (1839-1933), son til Eirik. Ola var 6 år då han kom til Rekdal med «Sognejakta» i 1845, og artikkelen er i stor grad bygd på det Ola fortalte.  

Hans Aarnes var frå nabobygda Vestrefjord. Journalist, forfattar og bladmann. «Fonna Forlag» og «Vangsgutane» er kanskje det han er mest kjent for. (Hans Aarnes i Norsk Biografisk leksikon) 

Men tilbake til «Sogne-Eirik» som var ein av nybyggarane «Synnom Elva» ikkje langt frå den vakre Øygardsbukta der vi i dag feirar jonsok. Utenkjeleg er det vel ikkje at dei på varme sommarkveldar samla seg i den same bukta med Eirik som spelmann og fest ut i dei seine timar. Men no let eg Hans vestrefjording fortelje. Som vi ser er det og skildring av livet og slitet slik det var. Og folk var likt seg også på den tida. Litt drikk og spetakkel var det da som no. Eg har valt å ikkje forandre på språket med unnatak av aa som er blitt til å:

  - Men at nybyggjarane laut taka mangt eit tungt tak fyrr plassane gav noko å liva av, er visst. Det er soleis fortalt at der «Sogne-Eirik» byrja å rydda var det so ruskutt at det var vondt å finna ein plass der ein kunne sitja ned og eta. Men rusk og uryde laut vika med åri, for Sogne-Eirik» hadde krefter. Kona og vermori var også spreke folk. Og etterkvart gutane vaks til laut dei ogso taka i.

 «Sogne-Eirik» var spelemann og ofte ute og spela i brudlaup og dugnader. Drykk og slagsmål var mykje vanleg i den tidi, og mange hadde hug til å mæla krefter med den spreke sogningen. Men dei kom ikkje vel i frå det. Ei hending vart fortalt såleis: Ikkje lenge etter at «Sogne-Eirik» var komen til Rekdal spela han i eit brudlaup på ein av bondegardane. Ein gjev kar baud sogningen juling, det var då rart, sa han, at ingen skulle greida å leggja «Sogne-Eirik» på ryggen. Eirik hadde ikkje hug til dragsmål og bad den andre lata vara. Men den andre var nærsøkjen og egla so lenge at det bar ut på tunet. Der bar det i hop med karane. «Sogne-Eirik» tok tak i brokelåri åt eglaren, hyfste honom upp i lufti og sette han nedatt med kløyvd brok. «No hev du vore her.» sa han, «hels heim att og sei at det var lystigt å vera i lag med han Sogne-Eirik». Ein kamerat av eglaren tykte dette var skitleg. Han ville bøte på skammi med å banke opp «Sogne-Eirik», når den andre ikkje greide det. «Eg rår deg til å lata meg i fred» sa «Sogne-Eirik», det vil ikkje verta gildt um me skal væra uvener». Men den andre gav seg ikkje. Han fulgde Eirik burtyver marki og egla. Då vart «Sogne-Eirik vond, greip eglaren og slengde han utfor ei bakkereina so han nær hadde trilla ned i ein bekk. «Sogne Eirik» gjekk so til grannegarden og la seg. Han vilde vera kvitt meir påheng.

Historia om innflyttarane frå Sogn må vi ta vare på. Den forandra Rekdal og mange andre bygdelag i Romsdal, og stor er etterslekta etter dei. Odd Sørås har skreve ein artikkel i Romsdal Sogelag Årsskrift 1998. Takk også til Per Bjørn Ellingseter for tilsendt artikkel.  

Dagens bilde er tatt frå Rekdalshesten 22. juni 2018 og viser Sognebygda til venstre. Til høgre ser vi fotballbana.

Her var det Kjetil Rekdal leika seg i barneåra og trena på straffespark. Og som vi veit resulterte i Norgeshistoriens mest omtalte ballspark. Alle husker Jonsokaftan i 1998 med straffesparket og seieren over Brasil. Gratulerer med 20-års jubileumet på denne dag.