18. mai, 2017

18.mai 2017

Eg held på med å skrive litt under «tillegg og rettingar» i bygdeboka. Held på med «Synnai Elva» som på andre halvdel av 1800-talet var ei blomstrande grend. Her var det mange såkalla plassingar då vi nærma oss unionsoppløysinga 1905. Nokre få av plassingane fekk kjøpt gardlappane sine, men dei fleste flytta ut. Ungdomane i dei store barneflokkane forsvinn ut or bygda, mange til Amerika. Men vi legg og merke til at folk begynner å flytte til byane, spesielt mange frå Rekdal kom til Ålesund ser det ut til. Og der vil nok også i dag finne igjen mange av etterkommarane til «plassfolket» på Rekdal.

Det er mange artige og fargerike personar ein kan lese om i bygdeboka skildra av Olav Rekdal som levde i ei tid då husmannsperioden nærma seg slutten. Olav intervjua dei gamle og slik har mykje av denne tida blitt bevart. Om Sogneinnflyttarane, Iver-Andreas frå Bjørnsund, Laban, Kusk-Iver, Brennj-Ola, om konene deira og livet her i ei tid då Norge enda var i union med Sverige. Eg synes det er viktig å få med litt meir om disse som kom og reiste. Når og kor var dei fødd og kor vart det av dei. Nokre er det vanskeleg å følgje, andre har satt tydelege spor etter seg. Det ein og legg merke til når ein leitar etter dette folket i kirkebøkene er dei mange som blir døypt. I 1882 var det 36 barn til dåpen i Fiksdalskirka, 29 i 1883. I 5 års-bolken 1881-1885 var det døypt 123 barn i kirka. Dette samanlikna med at det ikkje var konfirmasjon i Fiksdalskirka i år fordi det ikkje var nokon å konfirmera. Og det kjem ikkje av det er mange dissentarar og borgarleg konfirmerte, men rett og slett av mindre folk og mindre barneflokkar.

Eg vil ikkje påstå at denne fråflyttinga frå bygdene er ein bevisst styrt politikk, den har pågått lenge med stadig sterkare sentralisering, vi får vel heller kalle det mangel på politisk styring. Folk vil bu der dei finn seg arbeid og mange vil bu der tilboda er mange og gode.

Men eg ser ei viss endring. I dag er det og dei som flyttar til bygda. Og det er personar som ser mykje av verdiane som og ligg i bygdemiljøet, enten ein vil vare for seg sjølv eller delta i bygdas pulserande liv. I går feira vi 17. mai på den nedlagte bygdeskulen og kom i kontakt med nye innflyttarar til bygda. Både norske og folk med utanlandsk bakgrunn, inntrykket er dyktige og likandes folk. Folk som har kjøpt husa der den siste familiemedlem er død eller har flytta ut. Dei renoverer og fornyar og skaper nye gode heimar for seg og sine. Nokon prøver å skape sin eigen arbeidsplass her, andre arbeider i nabobygdene og kan reise heim til ro og fred her ute ved innløpet til den vakre Romsdalsfjorden og nyte kveldssola nesten til midnatt nå i sommarhalvåret.

Dagens bilde er utsyn frå stova heime tidleg 17. mai. før pliktene i 17.mai-komiteen må gjerast.  På bildet under har det blitt kveld og ein kan nyte utsikta utover øyene der morsslekta har sitt opphav.