30. mar, 2017

Torsdag 30.03.2016

Hanibalsøya eller Løvøya, og eit slektstreff på Geni  

Eg har ein konto på Geni, og har lagt inn så mange slektningar (forfedre) som gratisversjonen av Geni tillèt. I utgangspunktet er eg litt skeptisk til slike program av den grunn at det blir lagt inn masse slektsrelatert som ikkje er skikkeleg dokumentert og nokre gonger beviseleg feil. Men nok om det. Det dukkar stadig opp for meg ukjente personar som eg skal vare i slekt med. Og det meste er nok rett. Her eine dagen beit eg merke til ei dame frå Løvøya eller Hanibalsøya i Vatnefjorden som øya heite på 1600-talet. Nysgjerrig som eg er så måtte eg sjå på kva for eit slektskapsforhold eg hadde til Ingeborg Anna Petersdatter fødd i 1893 og som var gift ute på Moltumyr i Herøy.  Eg måtte då legge Ingeborg Anna og foreldra inn i slektsprogrammet mitt og der dukka besteforeldra til Ingeborg Anna opp. Dei hadde eg lagt til tidlegare. Dei budde på øya Tautra i Romsdalsfjorden men kom opprinneleg frå Vestrefjorden, frå Eik og Langset. Og då finn eg ut at Ingeborg Anna si bestemor er søster til oldemor Martha på Byrkjevolla som kom frå nabogarden Eikebakken. Far min han Petter Bjerkevoll var tremenning til Ingeborg Anna på Løvøya, tjukkaste slekta altså som har hamna på Moltustranda på Gurskøya.  Ja faktisk enda meir i slekt enn kva Geni fortalte. Men ikkje nok med det, Peter Løvøy selte bruket på Løvøya og slo seg ned på Moltustranda. Barna (søskena til Ingeborg Anna) følgde med og då har/hadde eg nok ein stor flokk med 4-menningar ute på Gurskøya. og er det nokon som ønsker å utveksle slektsforbindelsar så er det berre å ta kontakt.

Bygdeboka for Vatne seier at Johanne/Johanna mor til Ingeborg Anna hadde ein bror på Hofset i Vatnefjorden. og når eg tenkjer etter så var det snakk om Hofset og ho Hofset-Olina i barndomstida. Ho brukte å vare på besøk på «Hauå» med bestemor og bestefar. Og det var kanskje ikkje så rart. Bestefar var søskenbarn både til Johanne på Løvøya og Elias på Hofset, far til Olina. Olina (1893-1971) altså fødd samme år som Ingeborg Anna og dei to jentene var sikkert bestevenninner, naboar som dei var. Hofset-Olina var også fadder på far min i 1909.

Løvøy er eit fint namn men det offisielle namnet på øya og matrikkelnamn har heilt fram til vår tid vore Hanibalsøya. Den fråflytta øya er fortsatt eigen gard med gardsnr. 107. Første mann vi kan knytte til øya er Hanibal Gjelsten (les om han her: Lenke) som rundt 1600 budde i Vatne sokn. Og namnet Hanibalsøy har vi funne så tidleg som i 1645. Hanibal kom seinare til Gjelsten i Vestnes. Men så dukka det opp ein kar på Hanibalsøya rundt 1660 som heite Løve (Løfve) og så begynte folk å kalle øya for Løvøya etter han. Løvøy eller Løvø brukt som etternamn kan eg ikkje finne før rundt 1900. 

Eg burde hatt ei bilde frå Hanibalsøya (Løvøya) i dag, men det har eg ikkje. Men Johanna mor til Ingeborg Anna hadde foreldre frå Vestrefjord, Eik og Langset og dei gardane ser vi her ein vakker augustdag i 2016 på kvar si side av fjorden. Og herifrå og til Hanibalsøya er det en rotur på vel 3 kilometer.