26. nov, 2016

Laurdag 26. november 2016

I morgon er det 1. søndag i advent. Og då skal vi ha nissemarsj og eg har blitt hyra inn som Julenisse. Skal nok gå bra det tenkjer eg.

I dag har eg lagt inn litt stoff om søster til tippoldefar Petter Korsedal. Ho hadde det sjeldne namnet Jesperine. Dei to søskena var fødd på fjellgarden Korsedal og var dei einaste i søskenflokken som vaks opp.

Litt ned på sida i Stordalslekt (lenke) har eg plassert Jesperine, etter mora Guri. Er det nokon som kjenner meir til Jesperine og slekta i Ålesund så hadde eg satt pris på opplysningar om det. Og her er sikkert feil som bør påpeikas så dei blir retta opp, det hadde eg satt stor pris på. Mi bestemor Elisabet Bjerkevoll var tremenning til Jesperine sine barnebarn og det er jo spennende også å få litt innblikk i korleis det gjekk med denne del av slekta.   

Når vi går inn i adventstida så dukkar årets utgåve av årsskriftet til Vestnes Sogelag opp. Slik også i år da ein kjenning og styremedlem i sogelaget bankar på døra og overrekker årets utgåve. Ikkje få timer som er lagt ned av styre og skriftstyre for å få dette til. Også i år har det blitt mykje spennande lokalt stoff. I år vart det litt ekstra å få boka i handa då eg sjølv har fått med eit stykke der. Korleis blir det mottatt skal tru?

Elles så merker eg meg mange artiklar som skal bli godt lesestoff framover. Spesielt så har eg merket meg ein artikkel av Olav Hole om Hellandkaia og ferjene. Spennande lesing frå ei tid som eg sjølv fekk ta del i som barn og ungdom. Eit stykke om ungdomsår i Skorgen kjente eg meg også igjen i. Tidsbildet er levende fortalt av Åse Vestnes Birkenheier. Med ei søster gift i området og med mange gode somrar på Kjelbotn så kjenner eg igjen mange av personane som er skildra både i tekst og mange gode bilder. Men årsskriftet inneheld så mykje meir og det får vi komme tilbake til når eg har fått lest meg opp.

 

Til slutt i dag vil eg nemne ein av kandidatane til utmerkelsen Årets Ildsjel i Vestnes. Haldor Dahle som eg har hatt glede av å samarbeide med. Han har gjort ein utrolig stor innsats over mange år i Rekdalsmarka med å legge til rette for turgåarar. Bygd gapahukar, rydda og reparert stiar, laga og satt opp ei mengde skilt som viser kor vi er og kor vi skal gå. Sist helg var eg innom ei steinbu, Hesthellaren, som han har laga ved toppen av Rekdalshesten. Med stor fantasi bygd under ei stor steinhelle som fungerer som tak. Det var godt å komme i ly og nyte medbrakt niste med ein bitande kald vind utanfor. Under er eit bilde av Hesthellaren. Eg vil derfor oppfordra alle til å stemme på Haldor. Ein kjekk kar med eit velfortent kandidatur.

Ha ei fin adventstid.