1. apr, 2015

1. april 2015

1. april er jo den store lygardagen, men her held vi oss til sanninga. No i morgontimane har det skifta fra solskin til regn og sludd og tilbake til sol. Hvite markar er igjen i ferd med å bli grøn. Småfuglene hopper fra grein til grein og er vel litt usikre på korleis det skal gå med reirbygginga.

Skal kanskje bli litt personleg i dag og ta med litt fra dagleglivet.

Eg pjaskar litt som elektrikar og fartar ein del rundt i husa til folket her i grenselandet mellom Sunnmøre og Romsdal. Driv for meg sjølv så eg tek det som eg vil utan å stresse lenger. Kjem borti mykje triveleg folk. Og like kjekk er dei uansett kva for ei side av fogderigrensa eg er på. Eg må vel sei såpass at eg aldri har møtt på ein såkalla klurpong. Triveleg å treffe både eldre og unge rundt omkring.

Dei siste 2-3 vekene har eg vært plaga av rennande nase, hosting og sår hals, og av og til pip det når eg pustar. Kan vel ikkje vente betre når ein spring ut og inn mellom stove og bil. Kan nå ikkje kle på seg heller kvar gang ein skal ut i blåst og snøslaps.

I går var eg på besøk hjå han Hans. Triveleg kar som likar å prate og har mange gode historier på lager. Skulle ordne litt til påske for han. Stend i gardintrappa borte ved stovevinduet som sjølvsagt må stå oppe og trekke. Då kjem det på saftig romsdalsk frå han Hans: «Nei no he`n pinadø kommatt na helsinkes grakatten».  Og bøks bort til vinduet for å sjå, men der et det ingen katt... Det er nok berre halsen min som «mjauer» litt kjem det frå gardintrappa. Han blir still ei ri då han Hans.

Men eg skjønar no såpass at blir eg ikkje betre i hals og hovud dei næraste dagane så må det bli doktorbesøk  rett etter påske. Kan nå ikkje risikere å bli beleira av våryre hokatter heller framover.

Dagens bilde er frå kjøkkenvinduet i dag, 1. april. Min gode nabo Espen har gått berserk med motorsaga, så nå har det blitt fin utsikt og mykje ved som skal varme til neste vinter. Må vel få vekk skatet og rydde litt no når det blir lysare kvelder.

Ha ei riktig fin påske.

Kommentarer

01.04.2015 18:41

anne serine

Artig å lese Helge, du skriv morsomt!!