17. jan, 2015

17. januar 2014

 

I dag vil eg rose Vatne Sogelag sitt årsskrift som eg var så heldig å få eit eksemplar av på besøk i Vestrefjord hjå søster og svoger i jula. Vatne Sogelag ser ut til å være eit aktivt lag med mange gode skrivarar som ivaretar soga for framtida.

Som fotballinteressert og gamal fotballspiller så merkar eg meg historia om Ravn. Nabolaget frå sør hadde god kontakt over fogderigrensa og det ble mange møte mot raudbuksene i treningskampar og turneringar. Husker og vatnebygdarar som deltok på gutelaget her i Fiksdal og Rekdal og som sykla frå Vatne for å spele på romsdalslaget tidleg på 1960-talet.

Petter K. Ulvestad har ein Interessant artikkel om rutebilhistoria i distriktet, som handlar om AS Vestnes-Vatne Rutebiler som også var vårt rutebilselskap. Hovudpersonen her er Petter sin far Karl Ulvestad (Kleiven som vi husker han som) og som budde fleire år med familien her på Rekdal. Han var bror til fars svoger (onkel Konrad) og sjølvsagt ein kjent kar for oss.

Norvald Bjørkevoll skriv om Eikesetra kor dei jaga jerv og bjørn. Denne setra i grensebygda var seter for gardane Eik og Byrkjevoll. Her har søster og svoger hytte, og det har blitt mange turar til denne perla av ein plass. Bestemor Elisabet var nok setertaus her rundt 1900 da ho tente på Byrkjevoll og ble kjærast med gardsgut og smed Johan som ho fikk med seg til Rekdal kor dei kjøpte seg gard. Slik vart husmannstausa på Rekdalsmyrå ei akta gardkjerring i heimbygda.    

Norvald skriv også om lærar Ane Petrine Langset som var frå Langset i Vestrefjord. Ho var lærar i Fiksdal og Rekdal. Min far Petter hadde Ane til lærar, og han nemnte ofte Ane kan eg huske. Ane hadde hus i Fiksdal (ikkje på Rekdal som det står under bildet av huset i årboka).

Så er det artikkelen om Johan Johannesen Eik (Yst-Eik) som deltok i napoleonskrigane fødd 1778 og som bygdeboka ikkje vet noe om. Johan kom til Synnaland (Brattvåg) og det er ei utrolig artig historie som her blir teikna av denne karen som gifta seg i eit par blodige knestrømper han hadde med seg frå krigen. Eik var jo vestnesgard på denne tida og da blir det jo ikkje galt å kalle Johan for romsdaling. Litt slektssamband fin eg og, da bestemor til Johan og tipp-tipp-tippoldemor på Byrkjevolla var søstrer.

Per Bjørkevoll fortel om eit tragisk forlis utafor Rekdal i 1943 der to unge menn frå Vatne omkom. Motorbåten «Thor» skulle slepas frå kaia på Rekdal av båten «Miko» til Gjelstein for reparasjon. Båtane blei kasta opp på eit skjær og «Miko» vart knust. To karar frå Tennøya på den andre båten redda seg i land. Frå kaia blei det satt ut ein færing med 4 mann, men tross store anstrengelsar så kom dei ikkje bort til skjæret. Vi må vel regne med at skjæret her var Reka.

Som vi altså ser så er det nære forbindelsar og mange relasjonar mellom nabobygdene her i grensetraktene i Sunnmøre og Romsdal og årboka frå Vatne 2014 er ein del av vår felles historie som eg takkar for.     

Bildet over er frå Holevatnet ved Eikesetra, der eg er i ferd med å tømme garnet for nattas fangst.