23. des, 2013

23. desember 2013, lille julaften.

Jula kjem litt for brått på kvart år. Og det sjølv om det ikkje skal bakast eller bryggast til jul. Det er mykje godt av alt å få på butikken. Minna går tilbake til barndommen og den tids juleførebuingar og feiring. Ein halv sau eller et lam kom som regel i hus til jul, det var kjekt å være med far å dele opp sauen. Grovparteringa vart tatt med sirkelsaga som stod i arbeidskjellaren, noko med øks og kniv.  Dei forskjellige delane vart så salta i ein trestamp som sto i potetkjellaren. Sauribba og eit lår og ein bog vart hengt opp til tørk på mørkeloftet når dei var passande salt. Julemat av ypparste slag.  Alt vart nytta. Slagsida vart krydra og rulla og sydd saman og lagt til press i høvelbenken som stod i arbeidskjellaren (står der enda den). Av sautalget vart det god nekje som vart nytta som dott i potetballen utover vinteren. Dette skulle være litt ult/harskt for å ha rette smaken, smellgodt.

Eit år, eg kunne vel være i 5-6 årsalderen fikk vi være med på førjulstur, bytur til Molde. Det var ei stor oppleving som ein aldri gløymer. Reiste med rutebåten Legona frå Rekdalskaia tidlig på morgonen. I Molde husker eg spesielt dei ”levande” julenissane i utstillingsvindua i kleforretninga til Petterson. Dei saga og hamra, ja var reint eit mysterium. Og så huska eg at vi kjøpte elektriske juletrelys til denne jula. Osram juletrebelysning, 16 lys som enda virker etter ca 60 år. Nå slapp vi ha dei levande lysa på treet som berre kunne brenne når vi gikk rundt juletreet og ei stund medan julegåvene vart delt ut. Så måtte vi sjølvsagt besøke Kristianna moste i Øvre veg når vi var i Molde. Ho var tante til mor, ei myndig men veldig hyggeleg dame som hadde det så koseleg i leiligheta si. Så tok vi turen tilbake med Legona. Husker vi gikk av på Gjelsten som også hadde rutebåtanløp på denne tida og så rusla vi dei om lag 3 kilometerane heim. Så var det å vente nokre lange dagar før jula endelig kom.

God Jul

Kommentarer

05.02.2014 14:49

Laila Rekdal Graneng

Hei,
Veldig koselig lesing,
surfet på nettet etter Legona, som jeg husker fra barndommen.
Hilsen Laila, en utflyttet Romsdaling.