19. mar, 2017

Søndag 19. mars 2017

Nokre ord om slektsinteressa i dag.

Kva er det som er så spennande? Det startar vel for dei fleste med å samle aner og finne namn på dei som var før oss. Men etter kvart har det blitt slik, i alle fall med meg at det er menneska vi stammar frå som blir meir og meir viktig. Vi veit at det handlar om lenkar som genetisk er knytt til kvarandre frå generasjon til generasjon. Og i tillegg til genane er det den lærdom og oppfostring som vart levert vidare frå foreldre og besteforeldre ein levde saman med og fekk den nødvendig livsrøyndom frå som ein måtte ha for å overleve.  

Kva om fattigjenta Guri oppe på Hallvardsetra i Ørskog ikkje hadde møtt Knut som var i teneste på ein gard på andre sida av fjellet, inne i Tresforden, ja så hadde ikkje eg og heller ikkje dei andre etterkommarane til Inger Sirene vore til.

Ja kven var dei to, Knut og Guri som møttest der i grenselandet mellom Sunnmøre og Romsdal ein haustdag i 1792. Var dei kjærastar eller var det eit tilfeldig møte som var over etter ei lita ri. Kirkeboka fortel ikkje anna enn at ei lita jente, Inger Sirene kom omtrent ni månader seinare var «uægte» ved dåpen og vi får i tillegg namn og tilhaldsstad til foreldra som var ei pige og ein dreng. Men det å få eit uekte barn som prestane kalla det i boka (uekte/uægte kjem av utanomekteskapeleg)  var straffbart og skulle meldast til futen, og kanskje kan eg finne meir om tipp tippoldemor Inger Sirene i ein rettssprotokoll, men så langt har eg ennå ikkje komme i forskinga mi.

Men eg veit at Inger Sirene var fødd fattig og døde fattig som så mange andre i slekta. Slik var det for svært mange på denne tida, og fattigdommen var ikkje noko ein rådde med sjølv. Men det ein rådde med var ståpåviljen for å klare seg. Finne nok mat og varme til seg og sine og ikkje minst halde humøret oppe for å kome seg gjennom dei mørke dagane. Hjelpe kvar andre gjennom harde barnefødslar der vi veit dødelegheita var stor. Ja ein skulle vare av god heil ved for å klare seg. Og kanskje var det like mykje glede og  varme i dei trekkfulle små husmannsstovene på den tida som vi finn i våre heimar i dag. Ein måtte glede seg over livet slik det var, slik kunne ein halde ut og leve vidare.

Slik levde Inger Sirene seg gjennom eit langt liv. Ho blir ei av dei mange kvardagsheltane mine. Utgangspunktet var altså ikkje av dei beste. Folketellinga i 1801 fortel at Inger Serine er eit «fattig uægte barn – Underholdes av Sognet» Ho bur då saman med bestemora Marte på Viset i Ørskog, ei «Gammel pige – Ugift- Lægdslem» At ho var legdslem betydde at ho ikkje lenger hadde fast heim, men vart sendt frå gard til gard. Korleis bestemor og barnet hadde det veit vi ikkje, mykje kom an på folket dei budde hos. Men på Viset var det slekt og naboar, så kanskje var det ikkje so ravgale.

Inger Sirene kom til Stordal lenger inne i Storfjorden og vart der gift med mann av same stand. Lars Nilsen fødd «uekte» i Molde og kom derifrå til Stordal, han hadde truleg vakse opp utan foreldre. Dei to, Inger Serine og Lars stifta familie og fekk seg ein husmannsplass dei skulle leve av. og dei levde lenge, Inger Serine vart 82 år og Lars 81 år og det i ei tid der forventa levealder var om lag det halve av dette. Inger Serine fødte 6 barn og først kom tippoldemor Anne Birgitte. Takka vare at framsynte bønder på Rekdal, ute ved kysten rundt midten av 1800-talet fant ut at dei ville ha meir folk til utvikling og verdiskaping i bygda så kom Anne Birgitte og mannen Petter hit. Petter var født på Korsedal, ein av dei mange tungdrevne små gardane langt oppe i fjellsida i Storfjorden som nå er fråflytta. Dei var mange familiar inne frå Storfjorden som fekk seg gode husmannsplassar på Rekdal men det er ei anna historie.

Dette var eit møte med nokre av dei spanande medlemmane av slekta, og det er så veldig mange av dei som blir heltar på kvar sin måte. Det er slett ikkje rart at ein blir fole glad i dei historiske personane ein oppdagar og at slektsgranskinga nokre gangar blir lidenskapeleg. 

Bildet i dag er ein modell far min Petter laga av huset som Anne Birgitte og Petter bygde då dei kom til Rekdal omkring 1856. Huset slik far huska det (rive rundt 1950?) var nok litt påbygd i forhold til det opprinnelege. Det eg blir påminna om når eg ser huset er kvifor eg ikkje fikk vite litt mer om hus og folk som levde der. Eg veit grunnen. Far var levande interessert og ønska å fortelle om besteforeldre og oldeforeldre, men ingen ville lytte og då stillna sjølvsagt fortellergleda. Når ein så i godt voksen alder fekk interesse for å få meir kunnskap om forfedrane var dei som som visste noko borte. Derfor ei oppfordring til yngre generasjonar til å få den levande historia muntlig overlevert. Spør og grav, for dei fleste vil så gjerne fortelle det dei veit, gode historier er gull verdt. Og husk å få navn på personar på dei gamle bildene!