Velkommen til mine sider.

17. okt, 2017

Sommeren er ikkje til for å lage heimeside og trykke for mykje på tastaturet. Derfor er det ei god stund siden hjemmesiden vart oppdatert. Tunge stunder har det også vært. I juli kom den triste meldinga om at eldste gode og snille søster Elisabeth var død og turen gikk til begravelse i Drammen. Gleda i sorga er å møte kjekke etterkommere og deres familier. I august ble det en snartur til Middelhavet sammen med søstre, svoger og nevø. Det var en trivelig tur.  Ellers så har det vært en sommer med massevis av turer til fjells og i marka. Nye fjell og nye fine området rundt omkring i nærområdet, i egen kommune og litt i nabokommunene. Spesielt er det Stikk-Ut turer som inspirerer. Dagens bilde er såleis fra en Stikk-ut tur i området. Det viser grensa mellom Bergen Stift og Trondheims Stift som det heite en gang i tida. Grensa mellom Sunnmøre og Romsdal og mange vil og hevde det er grensa mellom vestlandsk og midtnorsk. Nå skal sørsida av denne grensa bli en del av byen Ålesund. Vi på nordsida blir heldigvis værende romsdalinger og skal styre oss selv i vår gamle landkommune Vestnes.

Så har jeg vært sterk engasjert i «Prosjekt Forsen» denne sommeren. Rundt 30 turer har det blitt de om lag 3 km dit opp til fots fra Rekdalsetra. Det har vært fisking i vatnet, og arbeid med båtstø og hus til båten. Kjekt og nyttig arbeid til glede for folk som vil oppleve naturen vår. Nå har vi gjennom Idrettslaget fått til en fin plass med gapahuk og båt til fri bruk for alle. Så får vi bære over med at kommunene ikke var fornøyd med måten vi dro fram båten. Men hvordan skulle vi gjøre det da når båten ikke ville fly av seg selv… De to bildene nedenfor er tatt med omtrent 100 års mellomtid. I mange år har vi snakka om å få fram en ny båt som skal være til bruk og glede for alle. Nå er den på plass og ildsjel og prosjektleder Haldor sammen med hjelpesmann Oddvar kan ta seg en fisketur med oteren. De to sammen med undertegna har gjort storparten av arbeidet der i år.

I dag har jeg også lagt ut siste del av folket på Øygarden i «Tillegg og rettelser» i bygdeboka. Mange spennende personer med stor etterslekt som jeg håper noen kan få glede av. Har prøvd å få med mer personalia om den relativ store flokken som flytta til og alle de som flytta ut igjen for 100-170 år siden. Om disse kan du lese her, lenke:  Folket Synnom Elva, Strupen og Øygarden. 

17. okt, 2017
1. aug, 2017

Dagens bilde er fra Nakken ovanfor Sanktsvora, Rekdalsøygarden med utsikt utover Midøya og Nordøyane i Haram. Det var her oppe at 10 år gamle Anders Martinussen i Sanktsvora falt ned og ødela seg i 1910. Han døde på Molde Sykehus. 

Nå har eg under tillegg og rettingar til bygdeboka lagt inn litt om dei som levde i Strupen, eller i Strupå som det heiter på god Romsdals dialekt. Vi eldre held på kasusformene akkusativ og dativ i talemålet. Det heiter «Me ska sø i Strupinj». Strupen er spesielt interessant for meg. Der budde mine besteforeldre, mormor og morfar. I den aller siste husmannstova i dette nå forlate området av bygda, det var lenge siste huset før Sunnmørsgrensa. Eg gjekk mange gonger den om lag 3,5 km lange vegen (7 km tur retur) heimanfrå i gutedagane for å besøke gomor og gofar i Strupå som dei heite for oss. Helgedagar kunne det hende at heile familien gjekk tur dit. Dei siste barndomsåra ofte saman med mi yngste søster Haldis to år eldre enn meg. Vi hadde mange kjekke turar dit ut. Det som truleg var siste turen min medan gofar levde, huskar eg godt. Martin i Strupen hadde fryseri der dei fleste i bygda leide fryseboks. Og dit gjekk vi mange gongar for å hente eit måltid eller to til vekas middagar. Men denne dagen meiner eg å huske at eg tok bussen eine vegen, mjølkeruta som gjekk forbi her om morgonane og som hadde om lag ti stopp før den kom til enden av bygda. I Strupen sat nok gofar og bøtte garn som ga ei lita tilleggsinntekt til alderstrygda som han opplevde å få nyte godt av dei 3-4 siste åra han levde. Gomor sørga for at eg ikkje kom svolten heim, snille gomor, ja akkurat ei go`mor var ho for oss barnebarn og dei siste åra også oldebarn. Når eg skulle heim denne siste gongen med bestefar så huskar eg så godt att gofar som vanleg følgde meg opp i fryseriet et par hundre meter unna, inn i det litt skumle rommet bak ei tjukk tung dør med kvitrima veggar og kraftig motordur. Men saman med gofar var eg trygg og fann fram maten eg skulle ha med, sikkert heimlaga fiskekaker og kanskje eit kjøtmåltid. Så var det å rusle den om lag 3,5 km lange turen heim ein tidleg vårdag i 1961. 

Men tilbake til bygdeboka. Her er det levande fortalt om folket i Strupen og lenger ute på Øygarden, om husmannsplassane som vart lagt ned. Folket som budde her døde men etterkommarane har nok blitt mange tusen. Eg har prøvd å finne ut litt meir om første generasjonen som flytta ut og der er mange interessante personar som er verdt å følgje vidare og som har mykje levande slekt. Strup-Ola var ein av dei siste som budde her. Huset hans vart tatt i bruk som leir for russefangane som vart plassert her under krigen. Det huset huskar eg godt, det var det nest siste som vart revet. Det var mykje prat om liv og lagnad til dei russiske fangane som budde der. Siste plassen eg har tatt for meg så langt er Sanktsvora. Her budde Skreddar-Erik gift med Røste-Lovise. Dei fekk «ein skare med kvikke og pene døtre». Ni jenter samt ein gut vart det. I tillegg hadde Erik to barn før han var gift. Søskena drog ut i verda og ga Erik og Lovise om lag 70 barnebarn! Guten Kristen skulle i følge bygdeboka reise som ungkar til Amerika. Men det viste seg at han var gift før han for, med kone frå Hjørundfjorden. Han vart skreddar i Los Angeles. Elles så likte eg godt historia om Oline som og var ei av dei som «kom bort frå Vestnes». Ho dukkar opp som «skogvokterfrue» på Hjertøya i Moldefjorden. I en artikkel der Oline er med kan vi blant anna lese « Ane og Kristian ble boende på Hjertøya, og de opprettholdt kontakten med keiser Wilhelm II. Oline og Ole «arvet» dette bekjentskapet. Rundt 1908 fikk Ole et maleri i gave av keiser Wilhelm; dette er fortsatt i familiens eie …» Sjå lenke: Skogvokterne på Hjertøya.   

Skulle nokon ha utfyllande opplysningar om familiane og etterkomarane til folket i Strupen og på Øygarden så seier eg hjarteleg takk. Feil er det sikkert også her og gi beskjed om dere oppdager noko.

I dag vil eg og skryte av ei fin nettside med mykje lokalt stoff frå Vestnes Kommune som dukka opp. elvemannen.com med «Bernts Fiske-fangst» og mykje anna. 

19. jun, 2017

For oss som likar oss ute i det fri så er forsommaren ein fantastisk tid. Og juni har så langt vore full av hyggelige hendelser. Det starta 6. juni med tur til Langskipsøya i regi av Storfjordens venner. Ei nå ubebodd øy i Ørskog kommune der det i gamal tid var utskipningsplass for tømmer til marknaden ute i Europa fram til omlag 1650. Og spennende historie om øya også seinare vart interessant fortalt.

10. juni var det organisasjonen vår Slekt og Data som inviterte til tur. Den turen gjekk til Ålesund, Jugendbyen med sin spennende arkitektur oppbygd etter den store bybrannen i 1904. Med entusiastisk lokal guide fikk ein sjå og fortalt om detaljar ein ikkje viste om og som gjer byen så arkitektonisk spanande. Etterpå tur til havets liv i Atlanterhavsparken med fasinerande fisk og andre sjødyr. Turen vart avslutta i den prektige Ålesund Kirke også oppbygd etter den berømte brannen.

11. juni gjekk turen til fjells. Då var det først Røvarhytta som vart besøkt. hytta som eg tidlegare har skrevet om her, lenke: "Røvarhytta og Hungnesen"  Ei historie som eg ikkje veit har blitt omtalt i sogebøkene er barnet som Kristoffer Hungnes vart far til rett etter at han vart tatt til fange og som knyter "Røvarfamilen" til ein annan gard i nærheten av Røvarhytta, Ellingseter i Fiksdal. Dette vil eg snart komme tilbake til som tillegg på sida eg lenkar til her. 

Når vi først var i fjellet så gjekk nokre av oss over på Sunnmørssida i fjellheimen. På Eikesetra var det nemlig seterstemne. Det vart ein minnerik tur med utdeling av Kongens Fortenestemedalje, glade toner fra eit dyktig musikkorps og innhenta profesjonelle musikarar som spela og sang og fikk folk i godt humør. Når ein så i tillegg fekk servert smellgod brensnut og skikkelege heimlaga kaker til kaffien var dagen så god det er råd og bli. Stor takk til vestrefjordingane for denne uforglemmelege opplevelsen.

Nå laurdag, 17. juni var det slekta som sto i sentrum. Vi var invitert til slektstreff i "Sandenslekta". Utroleg kor kjekt det kan vare når 3 og 4-menningar møtes. Eit sers vellykka møte med folk ein ikkje hadde sett før, men som ein delar så mykje felles arv med. Her var det min morfars foreldre som var fellesnemnar.

Dagens bilde:

På veg til slektstreffet på Eide svinga eg innom gravplassen på Hestadholen i Fræna. Eg ville sjå grava til min grandtante ("gamletante") Moste som far kalla henne, søster til farmor. Ein ventar ikkje at ei grav til ei dame død for 76 år sidan utan etterkomarar skal eksistere. Men grava til fars moste død i 1941 har både gravstein og friske plantar, levande prestekragar. Det gjorde inntrykk. Eg har aldri hørt om noen i slekta som har besøkt denne grava, kanskje var eg den første... Håper ikkje det. Takk til dei som har tatt vare på minnet til Mathe som døde så alt for tidleg  (Lenke, litt ned på sida til "Grandtante Mathea Rekdal "Bibelkvinne 1896-1941").